JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Meir enn kunst

Min jobb er å få huset, miljøet og samlinga til å spele saman, seier Ingrid Røynesdal.
Det er ein fordel at den kunstfaglege kompetansen ligg på leiarnivå, meiner Mona Louise Dysvik Mørk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingrid Røyesdal blir ny direktør for Nasjonalmuseet.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

4827
20230602

Samtalen

Ingrid Røynesdal

ny direktør ved Nasjonalmuseet

Mona Louise Dysvik Mørk

kunsthistorikar

4827
20230602

Samtalen

Ingrid Røynesdal

ny direktør ved Nasjonalmuseet

Mona Louise Dysvik Mørk

kunsthistorikar

sofie@dagogtid.no

I oktober tar Ingrid Røynesdal over etter Karin Hindsbo som direktør for Nasjonalmuseet. Røynesdal har ikkje kunstfagleg bakgrunn og avgjerda om å tilsette henne har blitt kritisert av fleire. Ho har derimot lang røynsle som leiar. Sidan 2013 har ho vore direktør i Oslo-Filharmonien og er tidlegare direktør ved Edvard Grieg Museum Troldhaugen. Ho har også seksårig klaverutdanning.

– Kva var din motivasjon for å søkje jobben som direktør?

–?Eg er fascinert og opptatt av sterke kunnskapsorganisasjonar og fagmiljø og det å få til eit så godt som mogleg samspel i slike organisasjonar. Og så er det det heilskaplege oppdraget, kunst, design og arkitektur, som verkeleg har vore den uimotståelege utfordringa for meg og som har gjort at eg søkte på jobben.

– Kva ambisjonar har du for Nasjonalmuseet?

–?Eg har eit ønske om å få den neste fasen av Nasjonalmuseet til å bli så bra som mogleg. Eg har store ambisjonar for alt eg har leia i livet mitt, men eg signerte for Nasjonalmuseet på fredag førre veke og tek til 1. oktober, så det er ikkje så lett å seie så mykje konkret om det no.

–?Du tar over etter kunsthistorikar Karin Hindsbo. Du har ikkje kunstfagleg bakgrunn eller kuratorerfaring. Er ikkje det ei ulempe?

–?Eg skulle gjerne hatt alle kompetanseområda i heile verda. I virket og livet mitt har kunstfagleg produksjon og prosessar alltid vore sentrale. På Nasjonalmuseet er det over 300 menneske med ulik kompetanse og særs ulike profesjonar. Ikkje berre kunstfagleg, men også knytt til arkitektur, design og den kommersielle delen av verksemda. Direktørrolla er ei stor leiaroppgåve som ikkje alltid er så lett å sjå konturane av frå utsida. Jobben min vil vere å inspirere og å få dette fantastiske huset, miljøet og samlinga som heilskap til å spele saman.

Mona Louise Dysvik Mørk har hovudfag i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen og er fast kunstmeldar i Dag og Tid. På spørsmålet om kva ho synest om at Nasjonalmuseet har tilsett ny direktør utan kunstfagleg bakgrunn, svarar ho at denne typen bakgrunn er naudsynt for å sikre at ein kunstinstitusjon tek vare på alt det som kunsten gjer mogleg i eit samfunn og for einskildmenneske.

– Ofte er det lærarar med lang røynsle som blir rektor. Du merkar når ein økonom blir sett i tilsvarande stilling, det kan tilsynelatande verke fornuftig at ein økonom handterer budsjettet, men ein mistar truverd når ein ikkje kjenner organisasjonen frå topp til botn og kva utfordringar ein lærar står overfor i klasserommet. Det same kan gjelde for Røynesdal.

– Men det å vere leiar er meir enn det kunstfaglege. Det handlar jo også om å få til eit godt samspel for verksemda?

– Ein direktør treng kanskje ikkje å ha kunstfagleg kompetanse om evna til å byggje eit godt team er tilstrekkeleg god, men eg tenkjer det er ein fordel at den kunstfaglege kompetansen ligg på leiarnivå. Ein dyktig leiar kan ha sjølvinnsikt nok til å sjå sine avgrensingar og knyte til seg naudsynt kompetanse. Ingrid Røynesdal har ein bakgrunn og eit engasjement som tilseier at ho kan klare nettopp dette. Elles vil eg seie at det kritiske blikket fort kan forsvinne om fagleg tyngd blir nedprioritert. Det handlar om å sjå både farane og kva som er mogleg. På generelt grunnlag vil eg seie at det kan vere krefter i en tilsettingsprosess som nettopp ønskjer å unngå det kritiske blikket som gjerne heng saman med fagleg kompetanse. Når det er sagt, så kan det også hende at me kunsthistorikarar kan gå i oss sjølv og passe på at også me heng med på vegen ned frå pidestallen.

– Kva tenkjer du rolla til kunsten skal vere?

– Om ein ser litt på historia, eller løfter blikket til andre stader i verda, så ser me at kunstnarar og forfattarar ofte er tidleg ute med å kritisere negative maktstrukturar i eit samfunn. Det finst ein nydeleg kopling mellom kunst og demokrati som ein kunstinstitusjon kan bidra til å ivareta. For å klare dette må ein erkjenne at det finst trugsmål. Ein må sikre at kunst er relevant og tilgjengeleg for stadig fleire, gje rom for opprør og kritikk, og ikkje tillate at kunstverk blir eit investeringsobjekt. Eg vil først og fremst ønskje Ingrid Røynesdal lykke til i dette viktige arbeidet.

­– Kva håpar du kan endre seg når Røynesdal blir direktør?

– Eg håpar at fleire gamle klassikarar tek runden på lageret, saman med kanselleringar frå fortida, sånn at me får sjå større breidde og betre kjønnsbalanse.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Direktørrolla er ei stor leiaroppgåve som ikkje alltid er så lett å sjå konturane av frå utsida.

Ingrid Røynesdal

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis