Kommentar
Meiningsløysa i byråkratiet
Styresmaktene gjer det ikkje lett å driva ei lita privat verksemd.
Bonden Lars Selheim ventar på at Dag og Tid-kua Symra skal inn på slakteriet. No må Lars, som har vore bonde sidan 1992, ta eit kurs i å leia kyr.
Foto: Svein Gjerdåker
Hugsar du agurkdirektivet? EUs regulering nr. 1277 frå 1988 sa at berre agurkar som bøyer seg mindre enn 1 centimeter per 10 centimeter vart godkjende som fyrstesortering. Krumma agurken meir, hamna han i andresorteringa og kom i praksis ikkje ut i butikken. Regelen er no avvikla, men det finst enno nok av «agurkdirektiv» både i Noreg og i EU. Som at bønder med agronomutdanning må ha eigne kurs for å leia dyr fram til eige gardslakteri.
Gjennom Dag og Tid-stølen har vi fått god innsikt i drifta på garden Selheim, som har mjølkekyr, griser og eige slakteri. I vinter fekk bøndene på garden, Hilde og Lars Selheim, eit brev frå Mattilsynet: «Vedtak om pålegg. Voss Gardsslakteri SA må sørgje for at alle som handterer levande dyr før og ved fiksering, og som bedøver/avlivar, har eit kompetansebevis for desse oppgåvene godkjent av Mattilsynet.»
Teoretisk tilnærming
Vedtaket høyrest greitt ut. Skal ein driva profesjonelt med slakting, må ein ha kunnskap om og røynsle med handsaming av dyr. Så kvifor ikkje då krevja eit «kompetansebevis»?
Problemet er, som så ofte elles, at styresmaktene har ei teoretisk og byråkratisk tilnærming til saka og ikkje ei praktisk, pragmatisk tilnærming. Ved slakteriet på Selheim har slaktaren Jonny Bøe kompetanseprov i massevis, både formelt og reelt. Han har slakta i 40 år. Men Mattilsynet klagar ikkje på slaktaren Bøe, men på bonden og slakterieigaren, Lars Selheim. Oppgåva hans under slaktinga er å få dyra – kyrne, grisene og sauene – dei 50 metrane frå fjøset deira til slakteriet, eller, når dyra kjem frå gardar i området, dei 20 metrane frå oppstallingsplassen til slakteriet.
Lars har laga til ei stor kasse på traktoren som han tek dyra inn i, før han køyrer dei roleg frå fjøset og bort på slakterirampen. Der vert dyra førte rett inn i avlivingsbåsen av slaktaren Jonny, medan Lars står bak og hjelper til. Så lukkar Lars døra og hentar eit nytt dyr. Han har ingenting med avlivinga eller slaktinga å gjera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.