JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Meiner valdtektssaker har låg status

Etter å ha følgt åtte rettssaker er Heidi Helene Sveen kritisk til politiet si etterforsking av valdtekter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4956
20190906
4956
20190906

Valdtekt

eskskje@online.no

I boka «Det var ikke voldtekt». Ti menn forsvarer seg i retten kartlegg Sveen mytar om valdtekt og forteljingar som dei ulike partane i retten presenterer. Ho har fått mange detaljerte skildringar av fleire valdtektshendingar.

– Det har vore ei skakande erfaring, fortel ho.

– Kva er ei valdtekt?

– Valdtekt er ei grov integritetskrenking med stort skadepotensial, uavhengig av type valdtekt. Mange valdtekter skjer når dei utsette har grunn til å føle seg trygge, altså i private heimar og av nokon offeret kjenner. Valdtekta representerer dermed eit enormt tillitsbrot som kan vere vanskeleg for den utsette å reparere.

– Vi kan ofte høyre diskusjonar om samtykke i samband med valdtekt. Kor går grensa for samtykke?

– I den offentlege samtalen blir det ofte hevda at dette med seksuelt samtykke er vanskeleg. Eg er ikkje samd. Då ville i så fall langt fleire av oss vere skuldige i valdtekt. Eit samtykke skal vere frivillig og uttrykkeleg. Dei som ikkje intuitivt forstår kva som ligg i dette, bør avstå frå seksuell kontakt inntil dei har skaffa seg klarleik. Min påstand er at de fleste gjerningspersonane er for feige til å be om løyve og difor heller satsar på tilgjeving.

Mytar

– Du skriv om mytar om valdtekt. Kva er dei vanlegaste?

– Myten som går på at offera har delvis ansvar for valdtekta, er den mest vanlege. Det at ho var for full til å si nei, eller at ho sa nei på feil måte, eller at ho flørta med han først eller at ho var på ein plass der ho ikkje skulle ha vore. Når ansvaret blir lagt på individet på denne måten, treng ikkje samfunnet å gjere noko, og ein kan distansere seg frå risikoen for sjølv å bli valdteken.

– Kvifor valdtek mannen?

– Ei valdtekt er eit komplekst fenomen, og det gjer at årsakene ikkje enkelt lèt seg forklare. Forskinga opererer difor med fleire samansette forklaringsmodellar. Individuelle faktorar spelar saman med strukturelle. Kvinnefiendtlege haldningar og tradisjonelle kjønnsrolleideal opptrer ofte blant valdtektsmenn. Biologi og genar har vist seg å ha svært liten forklaringskraft. Det vi veit, er at menn som får seg til å valdta, ikkje er éin «type» som klart kan skiljast frå andre menn.

– Nedprioritert

– Politiet kjem ikkje så godt ut av boka di. Vil du seie at valdtektssaker er nedprioriterte i politiet?

– Ja, det må eg diverre seie.

– Kvifor?

– Så mange som 40 prosent av dei melde sakene blir etterforska for dårleg. I tillegg har seksuallovbrot generelt låg status blant politietterforskarar. Det er få som søkjer seg til stillingane, og kunnskapen er ofte låg.

– Trur du at politiet sjølv er samd i analysen din?

– Om dei ikkje er det, lever dei i fornekting. Dei faktaa eg viser til, kjem jo mellom anna frå undersøkingar gjorde av Politidirektoratet.

– Når du har sete så mykje i rettssalen som du har gjort, får du inntrykk av at det er umogleg å bevise ei valdtekt utan vitne? Altså at det blir ord mot ord?

– Dei sakene som hamnar i rettsapparatet, er aldri bygde på ord mot ord. Dei er alltid følgde av andre bevis, som vitne, chatteloggar, biologiske spor og så vidare. Nesten ingen valdtekter har vitne som har sett sjølve valdtekta. Sakene blir avgjorde på indisium, slik som drapssaker. Indirekte bevis er like gode som direkte bevis, ein treng berre fleire av dei.

Skuldspørsmålet

– Men når så mange går fri: Er det faren for at eit menneske skal bli uskuldig dømt, som gjer at for mange menn går fri?

– Ja, delvis. I Noreg er rettssystemet bygt på prinsippet om at det er betre at ti skuldige går fri, enn at éin uskuldig blir dømd. Men som nemnt tidlegare: Låg kvalitet i etterforskinga må sjåast som eit uvelkome bidrag til den høge frifinningsprosenten.

– Når du no har sett korleis forsvarsadvokatar i rettssalen kan omtale ei kvinne som melder ei valdtekt på ein svært negativ måte. Om det ikkje er vitne, og du ventar ein månad etter ei valdtekt: Ville du tilrå ei 18 år gamal jente å melde frå, med stor fare for å tape?

– Ja, men eg ville realitetsorientert henne om kva som kan vente henne. Sjølv om ei melding ikkje fører til rettssak, kan ho bli avgjerande om same mann blir meld av andre på eit seinare tidspunkt. Og eg ville oppmode henne om å skaffe seg så mange støttespelarar som mogleg i prosessen. Ingen skal stå åleine i ein så krevjande situasjon.

– Du får fram at forsvararane framstiller den fornærma som ein upåliteleg forteljar eller løgnar. Korleis kan vi endre desse haldningane?

– Ved å spreie innsikt og kunnskap om kva ei valdtekt er, slik at den systematiske mistenkeleggjeringa av offera som forsvarsadvokatane står for, ikkje har nokon effekt. Då vil dei etter kvart slutte å ty til dette grepet. Eg vonar at boka mi kan vere eit bidrag her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dei sakene som hamnar i rettsapparatet, er aldri bygde på ord mot ord.

Heidi Helene Sveen, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis