Meiner Tyrkia kan vere på veg ut av NatoErdogan har berre nasjonalismen att å spele på, meiner Tyrkia-kjennar Einar Wigen.
Erdogan har berre nasjonalismen att å spele på, seier Tyrkia-kjennar Einar Wigen.
At Tyrkia ville slå til mot YPG no, var inga overrasking, meiner Einar Wigen. Han er postdoktor ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk ved UiO, med tyrkisk historie og politikk som spesialfelt.
– USA har hatt ein veldig kortsiktig strategi i Syria. Amerikanarane væpna YPG, som er tett forbundne med PKK. Og desse våpena vil bli brukte mot Tyrkia seinare, det er det liten tvil om. Det er mykje paranoia i Tyrkia, men dette var ikkje utslag av paranoia. Det låg i korta at så snart IS var slått, ville tyrkarane slå til mot YPG.
Likevel trur Wigen at den eigenrådige Erdogan kan ha gjort eit stort mistak med den nye innmarsjen i Syria.
– Erdogan har vikla seg inn i noko Nato-landa ikkje kan vere med på. Tyrkarane har ikkje lenger gode kanalar til andre land i alliansen, og det blir vanskeleg å avstemme politikken. Dette kan til slutt bere ut av Nato. Erdogan har gjort seg så umogleg at folk ikkje høyrer på han. Etter at han mellom anna kalla Angela Merkel for nazist, er det vanskeleg å ta han alvorleg.
Mista støtta
Erdogan har i tillegg mista støtta frå mange av dei nettverka som hjelpte han til makta, påpeikar Wigen, ikkje minst den store organisasjonen til predikanten Fethullah Gülen. Erdogan og Gülen kom i open konflikt i 2013. Den USA-busette Gülen har ein arrestordre på seg heime i Tyrkia, og Erdogan ser på han som ein farleg fiende.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.