Meiner Oljedirektoratet driv med ønsketenking

Publisert Sist oppdatert

Rune Likverns prognosar tyder på at norsk råoljeproduksjon vil halde fram med å falle, medan OD ventar oppgang frå neste år. Graf: Rune Likvern. Fleire analysar finst på bloggen hans: Fractionalflow.wordpress.com

Prognosane til Oljedirektoratet for norsk oljeproduksjon verkar som gjettverk, seier Rune Likvern.

Les også: Dei evige optimistane i Stavanger

Sist veke viste Dag og Tid at Oljedirektoratet har bomma grovt og systematisk i prognosane sine for oljeutvinninga på norsk sokkel. På det meste har OD overvurdert oljeproduksjonen fire år fram i tid med heile 40 prosent.

–?Det burde ikkje vere mogleg å bomme så mykje som dette, meiner Rune Likvern. Han har bakgrunn frå oljebransjen, mellom anna strategiarbeid i Statoil, men har dei siste åra vore ein fritenkjar om energispørsmål på den anerkjende nettstaden TheOilDrum.com og sin eigen blogg Fractional Flow.

Likvern har i fleire år laga sine eigne prognosar for norsk olje–?og gassproduksjon, og stort sett treft langt betre enn Oljedirektoratet. Han kan ikkje skjøne korleis OD kjem fram til prognosane sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement