Meiner Noreg framleis har nok Det er fullt mogleg å løyse problema med arbeidsinnvandringa utan å forlate EØS, meiner Jonas Bals i Arbeidarpartiet.

Det er fullt mogleg å løyse problema med arbeidsinnvandringa utan å forlate EØS, meiner Jonas Bals i Arbeidarpartiet.

Publisert

Jonas Bals er i dag rådgjevar for Jonas Gahr Støre og storingskandidat for Arbeidarpartiet i Oslo. Han har bakgrunn som målar og frå fagforeiningsarbeid i Fellesforbundet i Oslo, og har sjølv arbeidd med problema Boye Ullmann tek opp: sosial dumping, fallande fagorganisering og rekrutteringssvikt i yrkesfaga.

– Byggjebransjen er kanskje det fremste dømet. Vi ser no at ungdom, særleg i Oslo, sluttar å utdanne seg til målarar, murarar og tømrarar. Får vi ikkje gjort noko med det, blir vi heilt avhengige av å hente inn folk frå utlandet, seier Bals.

Men han er ikkje samd i at Noreg best kan løyse problema ved å seie opp EØS-avtalen. Han meiner det framleis finst politisk handlingsrom til å handtere dei.

– Vi veit at det finst bransjar der lønsutviklinga er dårleg, der tariffdekninga er låg og der organisasjonsgraden fell, og det heng dels saman med arbeidsinnvandringa. Men vi kan ikkje sjå dette uavhengig av politikken som blir ført i Noreg, meiner Bals.

– Mange andre land i Europa har eit kappløp mot botnen i arbeidslivet og svært mange arbeidande fattige. Slik er det ikkje i Noreg. Vi har dels klart å hindre denne utviklinga med politikk og organisering, men det har ikkje vore nok.

Strengare krav

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement