Meiner Noreg er eit godt førebilete

Er leiteboring berekraftig? Det er ikkje eit ja- eller nei-spørsmål, meiner statssekretær Jens Frølich Holte i UD.

Publisert

– I sum er Noreg eit godt førebilete for verda når det gjeld havforvalting, og det er gode grunnar til at vi har ei leiarrolle, seier Jens Frølich Holte (H). Han er statssekretær i UD og har eit spesielt ansvar for den vidare oppfølginga av arbeidet til Havpanelet.

– Men vi har rom for forbetring og må ta inn ny kunnskap for å bli enda betre.

– Panelet tilrår å verne 30 prosent av havområda i verda. Noreg har verna berre 5 prosent av sjøarealet, og vernet hindrar ikkje kommersielt fiske.

– Dette er ein komplisert fagleg debatt. Regjeringa skal gå gjennom vernekriteria og sjå på korleis ulike typar vern skal meldast inn internasjonalt. Men det viktigaste signalet frå Havpanelet handlar ikkje om vern, men om at all bruk av havet skal vere berekraftig.

– Om Noreg skal verne 30 prosent av sjøareala, også mot fiske, blir det ikkje lett å forklare det for fiskarane?

– Å tre eit slik vern ned over kystsamfunna ville vere ein farleg veg å gå. Vi må ha ein veldig tett dialog med folk langs kysten i dette arbeidet, og eit vern må ha god grunngjeving.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement