Helse

Medisinering mot betre vitende

Eit fleirtal av pasientane ved norske sjukeheimar får psykofarmaka, i strid med retningsliner og faglege råd.

For pressa tilsette ved sjukeheimane kan det vere enklare å medisinere pasientar enn å ta seg tid til å møte uroa deira, meiner Geir Selbæk. Biletet er eit illustrasjonsfoto og ikkje direkte knytt til saka.
For pressa tilsette ved sjukeheimane kan det vere enklare å medisinere pasientar enn å ta seg tid til å møte uroa deira, meiner Geir Selbæk. Biletet er eit illustrasjonsfoto og ikkje direkte knytt til saka.
Publisert

Ein serie NRK-reportasjar siste tida har kasta eit grelt lys på eldreomsorga i Noreg. Blant problema som er avdekte, er den massive bruken av psykofarmaka. Tre fjerdedelar av dei innlagde ved norske sjukeheimar går på slike medisinar, og nesten kvar femte demenspasient får antipsykotika, syner studiar av medisinbruken.

Men antipsykotiske medisinar er ikkje laga for å behandle demens, og mange av stoffa kan ha alvorlege biverknader. NRK fortalde sist veke om korleis tre pasientar ved eit helsehus i Namsos fekk sterkt forvridd rygg og nakke, truleg på grunn av den antipsykotiske medisinen Risperdal.

I desse sakene har Statsforvaltaren opna tilsyn. Men den store bruken av antipsykotika og antidepressiv ved norske sjukeheimar er normalen, ikkje eit avvik. Og slik har det vore lenge.

Uro

Forbruket av psykofarmaka i eldreomsorga er altfor høgt, og vurderingane av pasientane frå legane si side, er for dårleg, meiner forskingssjef Geir Selbæk ved Nasjonalt senter for aldring og helse. Han har forska på dette feltet i ei årrekkje, og var mellom anna medforfattar av ein studie frå 2017 som synte at tre fjerdedelar av sjukeheimspasientane fekk psykofarmaka.

–?Det finst mange ulike typar psykofarmaka og ulike grunnar til bruke desse medisinane. Men ved sjukeheimane blir dei mykje brukte for å dempe uro hos demenspasientar, seier Selbæk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement