JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Med valet av Trump har dei amerikanske veljarane forkasta liberalismen, skriv Francis Fukuyama.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Donald Trump på scenen på Palm Beach County Convention Center i Florida då nok røyster var talde til at han kjende seg trygg på siger i presidentvalet.

Foto: Callaghan O'Hare / Reuters / NTB

12713
20241115

Francis Fukuyama

Francis Fukuyama er 72 år gammal, amerikanar, statsvitar og seniorforskar ved Center on Democracy, Development and the Rule of Law ved Stanford-universitetet i California.

Fukuyama er mest kjend for boka The End of History and the Last Man frå 1992, der han hevda at det liberale demokratiet var sjølve endepunktet for den politiske utviklinga til moderne statar. Det synet har han seinare modifisert. Den siste boka hans frå 2022 ber tittelen Liberalismens utfordringer – slutten på den liberale æra?

Essay

Den overveldande sigeren til Donald Trump og Det republikanske partiet førre tysdag vil føre til store endringar på viktige politikkområde, frå innvandring til Ukraina. Men implikasjonane av valet strekkjer seg langt utover desse spesifikke saksfelta. Amerikanske veljarar har klart og tydeleg forkasta liberalismen og den forståinga av eit «fritt samfunn» som har utvikla seg sidan 1980-talet.

Då Trump vart vald første gong i 2016, var det lett å tru at denne hendinga var eit unntak. Han stilte mot ein svak motstandar som ikkje tok han alvorleg, og Trump fekk uansett ikkje eit fleirtal av røystene totalt. Då Biden vann Det kvite huset fire år seinare, verka det som om ting hadde vendt tilbake til det normale etter ein katastrofal presidentperiode. Etter valet i førre veke verkar det no som om det var Bidens presidentperiode som var anomalien, og at Trump innleier ein ny æra i amerikansk politikk og kanskje for verda som heilskap.

Denne gongen røysta amerikanarane fullt medvitne om kven Trump var, og kva han representerte. Ikkje berre vann han fleirtalet av stemmene og kvar einaste vippestat, men republikanarane tok tilbake Senatet og ser ut til å halde på Representanthuset. Gjeve den dominansen dei alt har i høgsterett, ligg dei an til å kontrollere alle dei viktigaste greinene av regjeringa. Men kva er dei grunnleggande karaktertrekka til denne nye fasen av amerikansk historie?

«Demokratane mista kontakten med arbeidarklassebasen sin og vart eit parti dominert av dei urbane og høgt utdanna.»

Francis Fukuyama

Klassisk liberalisme er ein doktrine som bygger på respekt for likeverdet til individa gjennom ein rettsstat som vernar rettane deira, og gjennom grunnlovsfesta avgrensingar av statens evne til å gripe inn i desse rettane. Men gjennom det siste halve hundreåret har denne grunnleggande impulsen gjennomgått to store forvrengingar.

Den første var framveksten av «nyliberalismen», ein økonomisk doktrine som heilaggjorde marknadene og reduserte regjeringane si evne til å beskytte dei som vart skadde av økonomiske endringar. Verda vart totalt sett mykje rikare, medan arbeidarklassa mista jobbar og moglegheiter. Makt vart flytta bort frå stadene der den industrielle revolusjonen opphavleg hadde funne stad, til Asia og utviklingsland i andre verdsdelar.

Den andre forvrenginga var framveksten av identitetspolitikk, eller det ein kan kalle «woke-liberalisme». Det progressive engasjementet for arbeidarklassa vart erstatta av målretta vern for eit smalare utval av marginaliserte grupper: etniske minoritetar, innvandrarar, seksuelle minoritetar og liknande. Statsmakta vart i aukande grad brukt til å styrke statusen og rettane til desse gruppene i samfunnet, ikkje til å sikre upartisk rettferd.

I mellomtida vart arbeidsmarknadene stadig meir prega av den nye informasjonsøkonomien. I ei verd der dei fleste arbeidarar sat framfor ein dataskjerm i staden for å løfte tungt i fabrikkane, vart kvinner meir likestilte med menn. Dette endra maktbalansen i hushalda og førte til noko mange oppfatta som ei konstant feiring av kvinneleg framgang.

Framveksten til desse nye versjonane av liberalismen førte til eit stort skifte i den sosiale basen for politisk makt. Arbeidarklassa følte at partia på venstresida ikkje lenger forsvarte interessene deira, og byrja å stemme på høgreorienterte parti. Slik mista Demokratane kontakten med arbeidarklassebasen sin og vart eit parti dominert av dei urbane og høgt utdanna, medan arbeidarklassa valde å stemme republikansk. I Europa gjekk veljarar som tidlegare røysta på kommunistpartia i Frankrike og Italia, over til å røyste på Marine Le Pen og Giorgia Meloni. Alle desse gruppene var misnøgde med eit frihandelssystem som tok frå dei levebrødet, samtidig som det skapte ei ny klasse av superrike, og dei var også misnøgde med venstresidepartia, som tilsynelatande brydde seg meir om utlendingar og miljøet enn om levekåra til arbeidarane.

Desse store sosiologiske endringane vart reflekterte i røystemønstera førre tysdag. Den republikanske sigeren var bygd rundt kvite arbeidarklasseveljarar, men Trump lukkast også med å vinne vesentleg fleire svarte og spansktalande arbeidarklasseveljarar samanlikna med valet i 2020. Den endringa var mest utprega for mannlege veljarar innanfor desse gruppene. For dei var klasse viktigare enn rase eller etnisitet. Det finst ingen spesiell grunn til at ein arbeidarklasse-latino, til dømes, skal vere spesielt tiltrekt av ein «woke-liberalisme» som favoriserer nykomne illegale innvandrarar og fokuserer på å fremje interessene til kvinner.

Det er også tydeleg at det store fleirtalet av arbeidarklasseveljarar rett og slett ikkje brydde seg om trugsmålet mot den liberale ordenen, både innanlands og internasjonalt, som særleg Trump representerer. Donald Trump ønsker ikkje berre å rulle tilbake nyliberalismen og «woke-liberalismen», men utgjer eit stort trugsmål mot også den klassiske liberalismen. Dette trugsmålet er synleg på fleire politikkområde; eit nytt Trump-presidentskap vil ikkje sjå ut som den første perioden hans. Det verkelege spørsmålet no er ikkje om han har vonde intensjonar, men om han faktisk har evna til å gjennomføre det han trugar med å gjere.

Mange veljarar tek rett og slett ikkje retorikken hans på alvor, medan mainstream-republikanarar argumenterer for at avgrensingane og kontrollmekanismane i det amerikanske systemet vil hindre han i å gjere det verste han trugar med. Dette er ei mistyding: Vi bør ta dei uttalte intensjonane hans svært alvorleg. Trump er ein sjølverklært proteksjonist, som seier at toll er det vakraste ordet i det engelske språket. Han har foreslått toll på 10 eller 20 prosent på alle varer frå utlandet, anten dei kjem frå venlegsinna eller fiendtlege statar, og han treng ikkje godkjenning frå Kongressen for å gjere det.

«Det er gode grunnar til å tru at Trump vil vere langt meir effektiv i å gjennomføre agendaen sin enn han var i den første presidentperioden.»

Francis Fukuyama

Som mange økonomar har peika på, vil ein slik proteksjonisme få svært negative konsekvensar for inflasjon, produktivitet og sysselsetting. Det vil skape store forstyrringar i forsyningskjedene, noko som vil føre til at innanlandske produsentar bed om unntak frå det som i praksis utgjer høge skattar for dei. Dette vil i sin tur opne for mykje korrupsjon og favorisering, ettersom selskapa vil kappast om å kome på godfot med presidenten.

Toll på dette nivået vil også føre til massiv gjengjelding frå andre land, noko som vil føre til at handelen (og dermed inntektene) fell bratt. Kanskje Trump vil bakke ut om dette skjer, men han kan også reagere som den tidlegare argentinske presidenten Cristina Fernández de Kirchner gjorde, og korrumpere statistikkbyrået som rapporterte dei dårlege nyhenda.

Når det gjeld innvandring, ønsker ikkje Trump berre å stenge grensa; han vil deportere så mange som mogleg av dei 11 millionar illegale innvandrarane som allereie er i landet. Dette er ei så stor administrativ oppgåve at det vil krevje fleire år med investeringar i infrastrukturen som trengst for å gjennomføre ho – som interneringssenter, grensepoliti, domstolar og så vidare. Det vil få øydeleggande effekt på ei rekke næringar som er avhengige av innvandrarar som arbeidskraft, særleg i byggebransjen og jordbruket. Det vil også vere ei kolossal moralsk påkjenning, fordi foreldre vil bli tekne frå barna sine som har statsborgarskap i USA, og det vil skape store konfliktar i samfunnet, ettersom mange av dei illegale bur i område dominerte av demokratar som vil gjere det dei kan for å hindre Trump i å få viljen sin.

Når det gjeld rettsstaten, har Trump i denne valkampen vore særleg oppteken av å søke hemn for det han oppfattar som urett motstandarane hans har utsett han for. Han har lova å bruke rettssystemet til å gå etter alle frå Liz Cheney og Joe Biden til tidlegare forsvarssjef Mark Milley og Barack Obama. Han ønsker å få dei kritiske røystene i media til å teie ved å ta frå dei løyva deira eller ilegge dei straffer. Om Trump faktisk er i stand til å gjennomføre noko av dette, er usikkert: Rettssystemet var ein av dei mest motstandsdyktige barrierane mot eksessar i den første presidentperioden hans. Men republikanarane har arbeidd trufast med å plassere Trump-venlege dommarar i systemet, som dommar Aileen Cannon i Florida, som forkasta den sterke saka mot Trump for å ha handsama graderte dokument på uforsvarleg vis.

Nokre av dei viktigaste endringane vil kome i utanrikspolitikken og i endringane av den internasjonale ordenen. Ukraina er den desidert største taparen; ukrainarane var på vikande front i kampen mot Russland alt før valet, og Trump kan tvinge dei til å godta Russlands vilkår ved å halde tilbake våpen, slik det republikanske Representanthuset blokkerte våpenleveransane til Ukraina i seks månader sist vinter.

Trump har uoffisielt truga med å trekke USA ut av Nato. Men sjølv om han ikkje gjer det, kan han svekke alliansen alvorleg ved å nekte å følge artikkel 5, som garanterer gjensidig forsvar. Det finst ingen europeiske leiarar som kan ta USAs plass som leiar for alliansen, så den framtidige evna for Nato til å stå opp mot Russland og Kina er i alvorleg fare. Trumps siger vil derimot inspirere europeiske populistar som Alternative für Deutschland i Tyskland og Nasjonal samling i Frankrike.

Allierte og vener av USA i Aust-Asia er ikkje betre stilte. Sjølv om Trump har tøffa seg overfor Kina, beundrar han også Xi Jinping for den autoritære leiarstilen hans, og han kan vere villig til å inngå ein avtale med han om Taiwan. Trump verkar grunnleggande motvillig til å bruke militærmakt, men eit unntak kan vere Midtausten, der han sannsynlegvis vil gje full støtte til Benjamin Netanyahus krigar mot Hamas, Hizbollah og Iran.

Det er gode grunnar til å tru at Trump vil vere langt meir effektiv i å gjennomføre agendaen sin enn han var i den første presidentperioden. Han og republikanarane har innsett at gjennomføring av politikk handlar om personell. Då han vart vald i 2016, kom han ikkje til makta omgjeven av eit lag av politiske rådgjevarar; han måtte stole på dei etablerte republikanarane. I mange tilfelle hindra, avspora eller forseinka dei ordrane hans.

Mot slutten av den første perioden signerte Trump ein presidentordre som oppretta ein ny kategori kalla Schedule F som ville fjerne stillingsvernet for alle føderale tilsette og tillate han å sparke kva byråkrat som helst. Ei gjenoppliving av Schedule F er sentral i planane for ein ny Trump-periode, og konservative har vore travelt opptekne med å sette saman lister over moglege tenestemenn som har lojalitet til Trump som sin fremste kvalifikasjon. Difor er det meir truleg at han kan klare å gjennomføre planane sine denne gongen.

Før valet skulda kritikarar, inkludert Kamala Harris, Trump for å vere fascist. Dette var misvisande i den forstand at han ikkje stod på randa av å innføre eit totalitært regime i USA. I staden kan vi vente oss ei gradvis svekking av dei liberale institusjonane, på same måte som det skjedde i Ungarn etter at Viktor Orbán kom tilbake til makta i 2010. Dette forfallet har allereie starta, og Trump har gjort betydeleg skade. Han har forsterka ei allereie sterk polarisering i samfunnet, endra USA frå eit samfunn med høg tillit til eit med låg tillit; han har demonisert styresmaktene og svekt trua på at dei representerer amerikanske kollektive interesser; han har gjort den politiske retorikken styggare og opna opp for fordommar og kvinneforakt; og han har overtydd eit fleirtal av republikanarane om at forgjengaren hans var ein illegitim president som stal valet i 2020.

Omfanget av den republikanske sigeren, som strekker seg frå presidentembetet til Senatet og truleg til Representanthuset, vil bli tolka som eit sterkt politisk mandat som stadfestar desse ideane og gir Trump høve til å handle som han ønsker. Vi kan berre håpe at nokre av dei gjenverande institusjonelle skrankane vil bli verande når han tek over. Men kanskje må ting bli mykje verre før dei blir betre.

Francis Fukuyama

Copyright The Financial Times 2024

Omsett av Per Anders Todal

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis