Med tsarane mot demokratiet

Putin har blåse støvet av ei stor mengd med reaksjonært tankegods frå dei siste to hundreåra. Med desse ideane dreg han ut i krigen.

Publisert

I 1830- og 1840-åra sat ein viss grev Sergej Uvarov i det russiske utdanningsministeriet og grunda på kva ein skulle læra skuleborn om den russiske staten. Det var då han fekk ideen til formelen: ortodoksi, autokrati, nasjonalitet, eller på russisk: pravoslavie, samoderzjavie, narodnost.

Mannen som regjerte Russland då Uvarov var utdanningsminister, heitte Nikolaj I. Han kom til makta etter at framstegsvennlege offiserar i desember 1825 hadde freista å innføra ei demokratisk grunnlov i Russland. Alle dei 30 åra Nikolaj styrte, kjempa han mot gjenferda til dei såkalla dekabristane. Han trong ein ideologi for å føra denne kampen. Denne ideologien fann han i formuleringa til Uvarov. Gjennom resten av 1800-talet blei det den ideologiske grunnvollen under det russiske tsarveldet.

Parallell

Parallellane til Vladimir Putin er slåande: Fyrst kjempa han ein kamp mot dei som øydela Sovjetunionen. Sidan kjempa han mot dei såkalla fargerevolusjonane i Ukraina og Georgia. For han passa ideane til tospannet Nikolaj I/ Sergej Uvarov som hand i hanske.

Rett nok kallar ikkje Putin regimet sitt for autokratisk, slik Nikolaj I gjorde. Ordet Putin nyttar, er maktvertikalen. I praksis går det ut på eitt og det same: Makta spring ut frå toppen av samfunnet. Herskaren, anten han blir kalla tsar eller president, sit med makta og fordeler ho nedover i samfunnet. Tsaren har all makt, mens dei nedover i vertikalen ikkje har noka makt.

Dei andre to elementa i formelen til Uvarov, ortodoksi og nasjonalitet, er ikkje mindre aktuelle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement