JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Med sinnelagsetikk skal landet byggjast

I sinnelagsetikken er det tanken som tel. Sjå på Sverige. Det viktigaste har vore at politikken er godt meint, ikkje godt tenkt. Kva er godt meint? Det som dei gode meiner. Kven er dei gode? Dei som meiner godt.

Store norske leksikon skriv om bautasteinen på Logtun, staden der Frostatinget truleg vart halde:  «Steinen vart reist av bygdefolk i 1914, og ber inskripsjonen «Àt lögum skal land vårt byggja, en eigi àt ulögum øyda» («med lov skal landet vårt byggjast, og ikkje med ulov øydast») på den eine sida, og «Til minne om gamle Frostatinget» på den andre.

Foto: Stig Morten Skjæran

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12768
20231006
12768
20231006

Essay

havard@dagogtid.no

Kvifor tok så få eit oppgjer med «naiviteten» som har ført Sverige frå valdsmonopol til valdsmangfald? Av di «naiviteten» var godt meint. Kvifor motsa så få sosialøkonomen og dåverande statsminister Fredrik Reinfeldt då han i valkampen i 2014 oppmoda svenskane til att öppna era hjartan og auka innvandringa? Av di oppmodinga var godt meint. Var du usamd, var du hjartelaus.

Kvifor motsa så få Miljöpartiet de gröna, som frå 2014 til 2021 var regjeringsparti med eit partiprogram der nedbygginga av landegrensene i verda skal byrja med å fjerna dei svenske grensene? Av di det var godt meint. Hjartelaget var rett.

Realpolitisk var det hovudlaust, men sinnelagsetisk var det innanfor. Vegen til kaos er som kjent brulagd med gode intensjonar.

Slik me førre veke såg på wokearvesynda, freistar me denne veka å sjå kva dei politisk korrekte kan ha teke med seg frå ei anna protestantisk spesialøving: sinnelags­etikken. Ved sida av arvesynda er sinnelagsetikken ei av søylene i lutherdomen – og dimed viktig i wokerørsla òg, ei rørsle som fyrst og fremst veks i (tidlegare) protestantiske område, med andre ord: i Nordvest-Europa og delar av USA.

Er Romarriket relevant?

Men fyrst til dagsordenen: Kvifor samanlikna woke og religion? Har me ikkje lagt religion bak oss?

Om serien ikkje heitte «Religiøse strukturtrekk i wokerørsla», men «Romerske strukturtrekk i vestleg statsforfatning», hadde det neppe kome reaksjonar som: «Kvifor skal eg lesa om Romarriket? Romarriket finst jo ikkje lenger!» Eller: «Vikingtida? Heilt irrelevant! Nyttar me hjelm i dag, er det sykkelhjelm.»

Men slik har somme reagert på ein wokeanalyse som involverer omgrep som arvesynd: «Arvesynd har ingenting med meg å gjera. Båe foreldra mine var ateistar.»

Det var dei nok, men arvesynda har i 1500 år vore ein dei mest dominerande ideane i Vesten, og er ho då ein kuriositet?

Uviljen mot å kjenna på den kristne sivilisasjonsarven er gjerne uttrykk for at han framleis er øm, til stades, rakt under yta. Av di me kollektivt ikkje har lagt han heilt bak oss, men freistar å leggja han bak oss, kjenner somme trong til å markera: «Dette vedkjem ikkje meg personleg.» Vedkjem Romarriket eller vikingtida deg personleg? «Nei.» Er dei då irrelevante og keisame kuriositetar?

Fleire av dei som mislikar ordet «arvesynd», mislikar dessutan ordet «woke» – av di dei er woke og hatar den negative valøren ordet har fått. Kva gjer ein då? Kva gjer ein med det ein ikkje likar? Ein freistar å kansellera det.

Teokrati

Men no til sinnelagsetikken: Medan dei historiske «lovreli­gionane» jødedom, islam og dels katolisisme legg ulik vekt på gode gjerningar og handlings­etikk, er protestantismen tufta på haldningsetikk, sinnelagsetikk.

Kvifor? Dels har det med arvesynda å gjera. I lutherdomen er mennesket heilt forderva, utan fri vilje til å kunna velja å gjera det gode. Gode gjerningar kan ikkje berga oss. Det kan berre trua og haldningane. Alt av nåde.

Sinnelagsetikken vart så sentral i lutherdomen av ein annan grunn òg: Lutherdomen kom gudskjelov med eit moderne skilje mellom prestemakt og samfunnsmakt. I teokratiske statar er det presteskapet som laga – og lagar – lovane. Dei lagar då eit gjennomreligiøst samfunn, men du tek feil om du trur at lovane deira fyrst og fremst rettar seg mot det åndelege. Teokratar driv ikkje med sinnelags­etikk, men med lovverk. Handlar Noregs lovar om tankar og kjensler? Nei, og det gjer ikkje moselov og sharia heller. Som Noregs lovar handlar dei om handlingar, ikkje om haldningar.

Med lutherdomen gjekk statsmakta til kongen. Kva vart då att av prestemakta? Ikkje makta over handlingane dine, men over haldningane, tankane og kjenslene dine. Difor heiter det i syndsvedkjenninga at ein ikkje berre har synda med gjerningar, men ein har «synda med tankar og ord».

Tankekontroll er totalitært og god sinnelagsetikk.

Eit utvida woke-omgrep

Kva har dette med woke å gjera? Me lyt sjå woke i forlenginga av identitetspolitikken og dei politisk korrekte rørslene som opna grinda for woke. Sinnelagsetikken har endra kven me ser på som dei gode og dei vonde, dei snille og dei slemme. Dei gode er ikkje lenger dei med dei gode handlingane og dei fornuftige samfunnsanalysane, men dei med dei gode haldningane. Og haldningane dine er eit resultat av kven du er.

Kva du som mann meiner i kvinnespørsmål, er ikkje godt meint. Kvifor er det ikkje godt meint? Av di du er mann. Det er berre godt meint om du meiner som ei kvinne. Det går snarvegar mellom sinnelagsetikken og identitetspolitikken.

Når vart dei gode gode?

Kva tid vart proto-wokarane gode og moralsk overlegne? Lite endrar landskapet som ein krig. Sigerherrane skriv soga, seier me, og det er halve sanninga. Den andre helvta er: Sigerherrane deler krigsbyttet mellom seg.

Etter andre verdskrig og 1945 vart Europa, Tyskland og Berlin delte. Vel så viktig var den ikkje-geografiske delinga av krigsbyttet. I delinga av samfunnsfelta fekk høgresida det økonomiske feltet, mot at venstresida fekk kultur- og verdifeltet, som i ei samlingsregjering der dei blå fekk finansministeren og dei raude kulturministeren, ja, som ei tradisjonell kjønnsdeling: Mannen tek seg av pengane, kvinna det kulturelle.

Frå kring 1990 kom som kjent eit politisk tøvêr. Venstresida godtok no meir og meir høgreøkonomi. Høgresida godtok meir og meir venstrekultur. Både marknadsliberalismen og det politisk korrekte gjorde store framsteg. Alle var nøgde.

Eller nesten nøgde. Det kostar å tena pengar. Du er ikkje ein av dei gode. Men då marknadsaktørane, informasjonsrådgjevarane og reklamebyråa vart woke, vart dei gode, dei òg.

Éin lov for alle

Som samlande lim i eit fleirkulturelt samfunn er sinnelagsetikken ikkje eigna, korkje i ei religiøs eller sekulær utgåve. Då den lutherske sinnelagsetikken blømde, var det innanfor dei solide rammene til eineveldet.

Kva kan ein byggja eit mangfaldig samfunn på då? I drygt tusen år har ein på norsk formulert denne innsikta: «Med lov skal landet byggjast, og ikkje med ulov øydast.»

Mangfald kan ein ha kulturelt og religiøst, seksuelt og sinnelags­etisk, men ikkje juridisk. Éin lov lyt gjelda for alle. Det gjeld straffeloven, skatteloven og vegtrafikkloven. Er det diskriminering å krevja at folk frå land med venstrekøyring held seg til høgre på norske vegar?

Handling og haldning

Sinnelagsetikk har meir sams med magi enn med juss. Trur ein sterkt nok, vert det som ein trur. Om alle menneske på jorda vil ha fred, ja, då vert det fred på jorda. Om integreringa ikkje lukkast, er årsaka dei som ikkje ynskte sterkt nok at ho skulle lukkast. Å nemna at kriminelle gøymde seg mellom migrantane, eller at ein skulle hjelpa i nærområda, var under migranthausten 2015 av mange rekna som rasistisk. Og sinnelags­etisk hadde dei eit poeng. Skepsis svekkjer sinnelagskrafta som skal forvandla verda til ein god stad for alle.

I Sverige gjekk det som det gjekk, men å stilla sinnelagsetikarane til ansvar, går ikkje. Om det synte seg at dei tok feil, reint realpolitisk, var det ikkje feil likevel, av di det var godt meint. Og korleis veit me at dei meinte det godt? Jau, av di dei er gode eller av di saka i det minste er god.

Konspirasjonsetikk

Eit døme på langt framskriden og magisk sinnelagsetikk er konspirasjonskulturen. Korleis? 500 år med sinnelagsetikk har lært oss til å sjå alle samfunnsendringar som intensjonelle. For sinnelagsetikaren har ein eller annan medvite sett i gang endringa.

For sinnelagsetikarar som fryktar innvandring til Europa, gjev frykta berre meining om det står ein medviten vilje bak, eit sinnelag. Dei kjem gjerne fram til kven det er.

Sinnelagsetikarar som ikkje fryktar migrasjon, tenkjer like eins. Av di det ikkje ligg ein plan og medviten vilje bak, er endringa ingenting å bry seg med. Ho kan ikkje vera destabiliserande så lenge ho ikkje er destabiliserande meint.

Båe tek feil. Det låg ikkje ein overordna plan bak den europeiske innvandringa til Amerika. Sinnelagsetisk var ho dimed heilt i orden. Sett bort frå for dei som alt budde der. Plan eller ikkje plan – for dei var konsekvensane folkemordariske.

I samfunnsspørsmål har sinnelagsetikken dei siste tiåra teke meir og meir over. Der Einar Gerhardsen tenkte realpolitisk om norsk velferd, og Olof Palme om svensk innvandring, handlar politikken no meir og meir om sinnelag og hjartelag, om att öppna era hjärtan.

Avmakt

At realpolitikk vert fortrengd av sinnelagsetikk er ikkje eit godt teikn for eit samfunn. Historisk sett er det eit teikn på avmakt: Me har ikkje lenger makt over handlingane til folk, men me ynskjer makt over haldningane deira.

Historisk? Ja. Ein har fleire døme på at der makta går ut, kjem sinnelagsetikken inn. Dei to store sinnelagsetikarane i kristendomen er Paulus og Luther. Paulus avvikla i si rørsle den teokratiske Mose­loven, for no galdt romarretten i samfunnslivet og sinnelags­etikken i privat- og forsamlings­livet. Luther avvikla den teokratiske katolske kyrkjemakta, for no galdt statlege lovar i samfunnslivet og samvit og sinnelagsetikk elles.

I båe høva galdt at religionen gav frå seg politisk makt til staten, eit stort og stabiliserande gode for staten. Som motyting fekk religionen dess større makt over det indre mennesket, over samvitet og sinnelag, tankar og kjensler.

Men korkje Paulus eller Luther ynskte eit samfunn der sinnelags­etikken kom i staden for loven.

Sinnelagsetikk på samfunnsnivå er politisk maktesløyse. Om du er konspiratorisk av deg, har du no fått noko å tenkja på. Opplever du at styresmaktene legg opp til tankekontroll og tronge meiningskorridorar? Hugs at dette i så høve ikkje er uttrykk for at dei er i ferd med å ta kontroll, men at dei er i ferd med å mista kontroll. Det dei kan styra, er ikkje lenger samfunnsutviklinga, men haldningane dine.

På ein slik bakgrunn kan ein skjøna at delar av wokerørsla har vorte like radikalisert som m-l-rørsla var for femti år sidan. Når dei moderate alternativa ser ut til å forsvinna, vert drifta mot det revolusjonære og totalitære sterkare.

Kvinnefrigjering

Men rett skal vera rett: Woke har halde på noko som elles har fått tronge kår i seinare år. I wokerørsla tenkjer ein ikkje berre intensjonelt, men strukturelt òg.

Slikt er svekt på den meir moderate og ikkje-aksjonistiske venstresida. Dei var tidlegare elles flinke til å tenkja strukturelt. Men i møte med mangfaldssamfunnet vart slik tenking vanskeleg. Eit døme: Er påbod om tildekking av jenteborn og kvinner i det offentlege rommet feministisk og kvinnefrigjerande?

Om påbodet kom frå inst i ein vestlandsfjord, ville ein sjølvsagt tenkt strukturelt og svara: Nei. Og laga ein lov og eit forbod.

Men det går ikkje om påbodet kjem frå einkvan ein kjenner at ein har skuld andsynes. Då vert ein tvinga til å tenkja individuelt, intensjonelt og sinnelagsetisk og svara: Ja, om dei sjølve vil det, er det greitt.

Sverige

Då eg reiste i Sverige for å skriva om riksdagsvala i 2018 og 2022, freista eg å gje uttrykk for ei kjensle: Med lov skal landet byggjast og med sinnelagsetikk øydast.

Svensk soge gjev eit spanande døme på tilhøvet mellom lov og sinnelagsetikk. I eit homogent samfunn, disiplinert av einevelde, låg loven så fast at sinnelags­etikken kunne bløma. I Sverige byrja reformasjonen alt i 1527. 500-årsjubileet nærmar seg. Etter å ha vore langvarig gjennomluthra vart svenskane avkristna på rekordtid – sjølve oppskrifta på woke.

Ei militær stormakt vart ei humanitær stormakt og verdsmeistrar i godhug. Som eit nøytralt land trong dei ikkje eingong eit landssvikoppgjer etter andre verdskrigen. I staden har dei sona i det stille. For kvar tyske soldat som fekk reisa gjennom Sverige, har ein ikkje-vestleg fått reisa inn i landet. Då Noreg lét inn 30.000 migrantar vinteren 2015–16, lét Sverige inn 150.000.

I roleg fredstid tek ein lovlydnad for gjeve. Men loven er meir enn ei samling paragrafar på papir og nett. Han er lovgjevande, ut­-øvande og dømande, han er politi, domstol, fengsel – kort sagt eit valdsmonopol.

At noko gjekk gale i Sverige, kjem ikkje av «naivitet», men av sinnelagsetiske refleksar. Som den lutherske nåden har den sosialdemokratiske sinnelagsetikken eit preg av magi: Om berre alle svenskar har rett sinnelag, gjeld ikkje realpolitiske lovar om «absor­beringskapasitet». Tusen år etter Frostatinget og «med lov skal landet byggjast», fekk eit skandinavisk velferdssamfunn eit nytt motto: Med sinnelagsetikk skal landet byggjast.

Men godt meint er ikkje alltid godt meint. Ofte er det opportunisme, stundom kynisme. Ordet som liknar mest på ‘sinnelag’, er ‘skinnheilag’.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis