Med ryggen mot verda

Det blir sagt at Noreg er eit internasjonalt orientert land. Likevel har vi knapt eit utanrikspolitisk ordskifte.

Publisert

Vi lever i interessante tider, og det er som kjent ei forbanning. Framtida til Nato er i spel, USA orienterer seg mot Asia og vekk frå Europa. Forholdet til Russland er nær frysepunktet. Kina aukar makta si og blir kalla «ei destabiliserande kraft» av Nato. Etter 20 år med norsk krigføring og milliardbistand kollapsa den afghanske staten i august. Kampen mot islamisme og terror er langt frå over. Noreg sender offiserar til krigen i Mali. Brexit har skipla Europa, og EU trugar Noreg med torskekrig i Barentshavet – for å nemne noko.

Trass i alt dette er utanrikspolitikk nesten aldri på dagsordenen her i landet. Det er neppe mange som kan seie på strak arm kva Noreg driv med i Tryggingsrådet til FN. Og ingenting tyder på at utanrikspolitiske spørsmål har vore viktige i regjeringssamtalane i Hurdal. «Hovedlinjene i norsk utenrikspolitikk ligger fast», som det heiter i den ferske regjeringsplattforma til Ap og Sp.

I sum: Dersom Noreg faktisk er eit internasjonalt orientert land, viser det ikkje att i det politiske ordskiftet vårt. Kva kan det kome av?

Lukkeland

– Det er sant at det er veldig lite debatt om utanriks- og tryggingspolitikk i Noreg, seier Øyvind Østerud, professor emeritus i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

– Vi har sett store politiske endringar i nærområda våre, det er uløyste spørsmål om tryggingspolitikken i Europa, og det er store diskusjonar om strategien til Nato. Lite av dette viser att i norsk debatt. Det kan vere ei viss sprengkraft i saka om fisket i Svalbard-sona, der EU krev å få like store kvotar sjølv om Storbritannia har meldt seg ut. Men ingen i Noreg har interesse av å setje den saka på spissen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement