Med munningen mot sine eigne

President Trump nyttar eit språk som minner om borgarkrig. Men truleg er militariseringa av politiet i USA eit større problem.

Soldatar frå nasjonalgarden i Georgia på gata i Atlanta 2. juni. Nasjonalgarden vart sett inn av guvernøren i Georgia for å stogge opptøyane som braut ut etter drapet på George Floyd.
Soldatar frå nasjonalgarden i Georgia på gata i Atlanta 2. juni. Nasjonalgarden vart sett inn av guvernøren i Georgia for å stogge opptøyane som braut ut etter drapet på George Floyd.
Publisert

Onsdag kveld hadde minst tolv liv gått tapt i den bølgja av demonstrasjonar og opptøyar som vart utløyste av drapet på George Floyd i Minneapolis 25. mai. Både demonstrantar og politifolk er blant offera, og det er innført unnatakstilstand og portforbod i ei rekkje amerikanske byar. Trass i alt dette er USA langt frå å vere eit land i borgarkrig. Men ordbruken til den øvste politiske leiinga i landet dei siste dagane, og viljen til å bruke væpna styrkar mot sine eigne borgarar, kan få kven som helst til å lure.

Krigsarena

Donald Trump har ikkje vore særleg interessert i å skilje mellom fredelege demonstrantar, valdelege demonstrantar og dei som driv med hæverk og rein plyndring, og han har lova å setje inn «tungt væpna soldatar» som skal «dominere gatene». Både presidenten og forsvarsminister Mark Esper har brukt uttrykket battlespace om USA.

Når dei øvste leiarane i USA snakkar om gatene i sitt eige land som ein krigsarena, er det ikkje overraskande at politiet har gått hardt til verks mot demonstrantar i mange byar. Og om konfliktane eskalerer vidare, kan ein frykte for kva dei neste stega blir. Presidenten har sjølv truga med å bruke ikkje berre politiet og nasjonalgarden for å skape orden, men òg regulære militærstyrkar. I kombinasjon med det aggressive språket til Trump er alle dei tre trugsmåla urovekkande, kvar på sine måtar.

Bajonettar

Vi tek for oss politiet først. Den amerikanske politistyrken har i mange år fått tildelt utstyr som er betre eigna til å føre krig enn til det ein normalt reknar som politiarbeid. Det er til dømes ikkje openbert at vanlege politifolk treng granatkastarar, pansra køyrety, militære automatvåpen og bajonettar(!), og mange kritiske røyster i USA hevdar at slik utrusting gjer noko med rolleforståinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement