Helse
Med medisin som naudløysing
Mangel på tid, folk og kunnskap ligg bak medisinbruken i eldreomsorga, meiner Wenche Frogn Sellæg, pensjonert overlege.
«Eit overgrep», sa Wenche Frogn Sellæg til NRK om ryggskadane som tre demente kvinner fekk etter behandling med antipsykotika ved Namsos helsehus. For Sellæg, tidlegare Høgre-politikar, overlege og geriatrikar, no pensjonist, gjorde historia ekstra sterkt inntrykk. Ei av dei sjuke kvinnene var ein tidlegare kollega. Dei jobba saman i ei årrekkje, mellom anna med å få ned bruken av antipsykotika i eldreomsorga.
– No er ho skadd for livet. Ho går skeivt og kan ikkje rette opp nakken lenger. Det var ting som dette vi ønskte å hindre, seier Sellæg til Dag og Tid.
Kunnskapsmangel
Etter at ho forlét Stortinget i 1993, arbeidde Sellæg som overlege i geriatri. I 2000 vart ho seksjonsoverlege ved Namdal sykehus, og ho har vore leiar for Demensrådet i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Gjennom 30 år har ho sett det ho meiner er eit skadeleg overforbruk av psykofarmaka i eldreomsorga. Som overlege reiste Sellæg mykje rundt i Nord-Trøndelag med eit tverrfagleg team og snakka om desse emna for dei tilsette ved sjukeheimane.
– Dette handlar om mangel på kompetanse og mangel på personale. Legane vil løyse problema med urolege demenspasientar med medisin, men erkjenner ikkje faren for biverknader. Mange pasientar misser evna til å gå skikkeleg, dei dett og slår seg, og somme får varige skadar, seier Sellæg.
Ho understrekar at desse medisinane ikkje skal vere førstevalet for urolege pasientar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.