JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Med fotballen mot krigen

Krigen i Ukraina har ført til sanksjonar i fotballverda. Men russiske oligarkar er ikkje dei einaste som fuskar i den internasjonale fotballen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Chelsea-fansen med eit banner til støtte for eigar Roman Abramovitsj under kampen mot Newcastle førre helg.

Foto: David Klein / Reuters / NTB

6059
20220318

Bakgrunn

Britiske styresmakter har sett Chelsea-eigar Roman Abramovitsj på sanksjonslista.

I fjor haust kjøpte Public Investment Fund (PIF), det statlege investeringsfondet i Saudi-Arabia, Newcastle United for 305 millionar pund.

Chelsea og Newcastle møttest på Stamford Bridge i London i helga.

Kjelder: Guardian, Financial Times, New York Times, Amnesty, Council on Foreign Relations

Fotball

jesper@dagogtid.no

Kampen mellom Chelsea og Newcastle sist sundag vart symboltung for den tilstanden engelsk fotball er i no. Vertane i blå er eigde av ein russisk oligark med tette band til Putin og Kreml. Bortelaget er eigd av eit fond leia av ein saudiarabisk kronprins som i sju år har vore innblanda i ein brutal krig i Jemen.

Merksemda er difor retta mot det meste anna enn fotballen denne sundagen. I forkant av oppgjeret vart det kjent at Chelsea-eigar Roman Abramovitsj stod på sanksjonslista til britiske styresmakter. Heilt sidan 2003 har den russiske oligarken med tette band til Putin spytta pengar inn i klubben. Sidan då har dei vunne Premier League fem gonger og Champions League to gonger. Ein krig i Ukraina måtte til for å setje spørsmålsteikn ved rolla hans i den engelske fotballen.

Abramovitsj skapte rikdommen sin på å overta det russiske oljeselskapet Sibneft – i dag kjent som Gazprom – på midten av 90-talet. Han kjøpte selskapet til ein verdi av 250 millionar dollar, ein pris langt under reell marknadsverdi. Ifølgje New York Times er Abramovitsj ein av oligarkane som har vore i folden til den russiske presidenten lengst. Den britiske statsministeren Boris Johnson meiner iallfall at linken mellom dei to er sterk nok til å setje han på sanksjonslista.

Sportsvasking

Roman Abramovitsj er ikkje noko unnatak i den moderne toppfotballen. Tvert imot. Situasjonen som dei blåkledde frå London no er i, er beskrivande for den floken fotballen finn seg i. Fleire klubbar har meir enn gjerne late seg overta av tvilsame pengemenn.

Paris Saint-Germain er eigd av Qatar Sports Investment, medan Manchester City er eigd av sjeik Mansour bin Zayed Al Nahyan frå dei sameinte arabiske emirata. Begge er tradisjonsklubbar, men ingen av dei hadde hatt nemneverdig suksess i åra før overtakinga. Suksess med ein stor fotballklubb gjev eit namn og tilgang til eit stort kontaktnett i Europa. I tillegg vert dei største klubbane dyrka som merkevarer – noko som igjen genererer endå meir inntekter. Enno har verken PSG eller Manchester City makta å vinne den aller gjævaste europeiske fotballturneringa.

Også på internasjonalt nivå vert fotballen nytta som storstilt utstillingsvindauge. Qatar skal som kjent vere vertskap for VM no i vinter – eit VM Qatar vart tildelt etter hjelp frå Russland, mot at Qatar skulle hjelpe landet med å få VM i 2018. No har dei to landa vorte samde om eit sportsleg samarbeid fram mot VM. Russarane får ikkje nyte godt av denne hjelpa, av di Uefa har nekta dei å spele kvalifikasjonskampar den neste tida. Den norske boikotten av meisterskapet vart det som kjent ikkje noko av.

Å tene eller kvitvaske pengar er sjølvsagt éin grunn til å kjøpe ein fotballklubb, men suksess og status er minst like viktig. Menn som Silvio Berlusconi og Mauricio Macri har skapt seg politiske karriere ved hjelp av eigarskap i fotballklubbane AC Milan og Boca Juniors. Begge nådde heilt opp til dei høgste embeta i Italia og Argentina. For ikkje å nemne det internasjonale fotballforbundet Fifa, som har eit tiår med korrupsjonsskandalar bak seg. Døme på krysningar mellom fotball og politikk er ikkje vanskelege å finne.

«Fit and proper»

På Stamford Bridge er supporterbutikken no stengd og billettsalet forbode, og det er sett ei øvre grense på reisekostnadene til klubben. «Eg køyrer sjusetaren til Lille sjølv, om eg må», vitsa Chelsea-trenar Thomas Tuchel etter kampen sundag. Neste veke skal londonklubben nemleg til Frankrike for å spele meisterligakamp. Det er uklart om klubben får frigjort midlar til å dekkje heile reisa.

Kollegaen på andre sida var ikkje like spøkefull. «Eg held meg til fotballen», sa Newcastle-trenar Eddie Howe etter kampen på spørsmål om kva han synest om menneskerettssituasjonen i Saudi-Arabia. Dagen før vart det klart at regimet hadde tatt livet av 81 menneske på éin dag. Det på grunnlag av alt frå terrorverksemd til «avvikande haldningar».

Forståeleg nok vil ein trenar unngå politiske spørsmål. Men bak klubben han er leiar for, står Saudi-Arabia og kronprins Mohammed bin Salman. FN skriv i ein rapport frå 2020 at dei har «rimelege grunnar» til å tru at regimet har vore involvert i menneskerettsbrot i samband med krigen i Jemen. På heimebane vert regimemotstandarar avretta. Dette regimet har altså spytta pengar inn i den nedrykkstrua klubben – som ikkje er fullt så nedrykkstrua lenger, etter store spelarkjøp i overgangsvindauget no i vinter.

To styrtrike fotballklubbar med tvilsamme eigarar – den eine hardt råka av finansielle sanksjonar, medan den andre går fri. For å unngå slike situasjonar har engelsk fotball eigentleg ein såkalla «fit and proper»-test. Berre kjøparar med «god karakter» får lov til å ta over ein engelsk fotballklubb. Det utelukkar dei som tidlegare har gått konkurs eller har drive med kampfiksing. Å avrette folk med «avvikande haldningar» er derimot heilt innanfor reglementet.

Om det skulle vere nokon tvil om sportsvasking funkar, var det berre å ta ein gløtt utover London-stadionet i helga. Sjølv om ein del fans og spelarar synte det ukrainske flagget i solidaritet, vart det overskugga av eit heilt anna syn. På heimetribunen hengde Chelsea-fansen nemleg opp eit banner med påskrifta «The Roman Empire» over det russiske flagget. Og på bortetribunen kunne ein sjå nordengelske fans med saudiarabiske flagg som song «vi er rikare enn dykk» i skadefryd. Tape gjorde dei likevel.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Døme på krysningar mellom fotball og politikk er ikkje vanskelege å finne.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis