Med blikket mot aust

USA og Tyrkia har ikkje same fiendar lenger. Tyrkiske våpenkjøp reiser spørsmål om heile Nato-medlemskapen.

Publisert

Når Tyrkia igjen går til krig mot USAs kurdiske allierte, er det ikkje første gongen dei to landa har ulike interesser. Problemet er at dei sams interessene blir færre. Da Tyrkia gjekk inn i Nato i 1950, var det i ei sams frykt over sovjetisk ekspansjon. Men sidan den kalde krigen tok slutt og trugsmålet frå Sovjetunionen forsvann, har USA og Tyrkia gradvis glidd frå kvarandre. Dei to Nato-landa har ikkje lenger dei same fiendane. Og Tyrkia har i tillegg byrja å få nye vener.

Tyrkarane har ei god stund sett på USA som ein destabiliserande faktor i regionen, påpeika Midtausten-eksperten Aaron Stein i ein artikkel i Foreign Affairs i juli. Recep Tayyip Erdogan var skeptisk til Irak-invasjonen i 2003, året da han vart statsminister første gongen. Men vel så viktig: Sett frå Ankara er det i dag kurdisk separatisme som er det viktigaste trugsmålet, ikkje fundamentalistane i Den islamske staten (IS). Sidan 1984 har den tyrkiske staten kjempa mot den kurdiske rørsla PKK («Kurdistans arbeidarparti»), ein strid som til saman har kosta mellom 30.000 og 40.000 liv. For den tyrkiske regjeringa er tendensar til kurdisk nasjonalisme også i nabolanda å rekne som eit trugsmål. Ifølgje president Erdogan er det i praksis ingen skilnad på PKK i Tyrkia og den kurdisk-dominerte militsen YPG («Folkets forsvarseiningar») i Syria.

Irritasjon

For Tyrkia har det difor vore ein stor irritasjon at amerikansk Midtausten-politikk har hjelpt kurdarane i regionen mykje dei siste tiåra. USA innførte ei flyforbodssone i Nord-Irak etter Golfkrigen i 1990 for å verne kurdarane der mot luftvåpenet til Saddam Hussein. Etter Irak-invasjonen i 2003 fekk dei irakiske kurdarane eit utstrekt sjølvstyre. Og i Syria er kurdarane nord og aust i landet dei viktigaste allierte for USA i kampen mot IS, og YPG-styrkane har fått både våpenhjelp, etterretning og trening frå USA. Denne alliansen har vore ein torn i auget for Erdogan heile vegen. Sett frå Tyrkia er trugsmålet frå kurdisk separatisme mykje større enn trugsmålet frå IS, sjølv om IS har stått for fleire terroraksjonar også i Tyrkia.

Den tyrkiske hæren har da òg brukt meir ressursar på å kjempe mot kurdarane i Syria enn på kampen mot IS, og mange observatørar har peika på at tyrkiske grensevakter ikkje prøvde særleg hardt på å hindre islamistar i å reise inn til Syria for å slutte seg til «kalifatet».

Rakettstrid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement