Med båe beina planta i bygdejord
Senterpartiet dyrkar dobbelprofilen som styringsparti og storsnuta motstraumsparti.
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum vil ta heile landet i bruk.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
hompland@online.no
Senterpartiet snur ikkje kappa etter vinden; det er vinden som har snudd. Dette er eit av glansnummera til Trygve Slagvold Vedum. Det er både rett og gale, avhengig av kor langt ein drar dei historiske linene.
Partiet har alltid vore motstraums, og oppslutninga har gått som ein jojo. Dei hadde sterk EEC/EF/EU-vind i ryggen i 1972 og i 1994, og EØS i 2019. I det lange perspektivet har Senterpartiet vore gjennom fleire hamskifte, men det er likevel til å kjenna att i verdikonservativ og bondekledd bygdeham. «Man kan ikke bebreide tigeren at den har striper», har Kåre Willoch sagt om partiet.
Ein annan måte å sjå det på er at Senterpartiet har hatt beina planta i norsk jordsmonn, medan det politiske landskapet har flytta seg mot høgre og landbruket har blitt avhengig av den politiske økonomien i offentleg sektor. Derfor har Senterpartiet gått til venstre.
Namnestriden i 1959 er forvitneleg. Det stod om partisjela og sentrumspolitikk som vimpel for framtidsvona. I bakgrunnen spøkte den evige borgarkrigen mellom Per Borten og Jon Leirfall.
Etter årelange dragkampar og ei illeluktande tilråding om «Bygdefolkets Samlingsparti», stod det mellom dei som ville halda på «bonde» i namnet, dei som ville bytta det ut med «bygd», og dei som ville ha noko med «sentrum». Etter ein uttrøyttande stillingskrig hamna landsmøtet på det forunderlege kompromisset «Norsk Folkestyreparti (Demokratene)».
Det nye namnet fekk mange straffespark mot seg, så på eit ekstraordinært landsmøte eit halvt år seinare kraup periferipartiet til korset og tok namnet Senterpartiet. Det var eit lån frå Sverige, der Bondeförbundet hadde døypt seg om til Centerpartiet.
Det grønfarga Senterpartiet klarte ikkje å migrera frå bygd til by. Bjørn Unnebergs Grønn sosialisme for utkantproletarer (1971) slo ikkje an i bondehæren. Det var heller ingen suksess å gjera den seinare biskopen Gunnar Stålsett til partileiar i 1977. Andre parti fanga opp det eirgrøne, og Senterpartiet falma etter korte blømingar.
I nyare tid prøvde nokre gamle ml-arar å kuppa lokallaget på Grünerløkka. Ein pakistansk taxieigar køyrde rundt med bilete av eg sjølv og Åslaug Haga på bilen. Med slagordet «Vi er alle bønder» lova han røystene frå heile storfamilien i Lahore.
Det blei stort sett med røystene til eit par bønder i Maridalen, senterstudentar, førstegenerasjons innflyttarar av bondeslekt, fjøsrøktarar frå Ås og byråkratar i landbrukssamvirket.
Unntaket i Oslo var den evige bondeungdommen Arne Haukvik frå Hjuksebø. Han var profesjonell marknadsførar og idrettsleiar og best kjend for jordbærparty og stråhatten på Bislett. Han hadde eit personleg mandat i bystyret i fleire periodar, men i EU-striden var den parlamentariske tida hans inne (1993–1997). Då partiet ikkje renominerte han, melde han overgang til Pensjonistpartiet, og i stortingsannalane er han med rette oppført som «uavhengig representant».
Byråsjefen meiner det var bra for Senterpartiet at dei ikkje fekk feste på fortau og sykkelstiar i byen, men måtte halda seg til gardsvegen og røtene på bygda. Dei treng ikkje uffa seg over at dei blei stoppa ved byporten, for det får dei rikeleg betalt for nå.
I grannelanda har søsterpartia blitt ganske så urbane, liberale og liberalistiske. I Danmark flytta Venstre til Børsen. I Sverige skifta Centern bustad til Östermalm i takt med uttynninga av gläsbygden. På alle parameter er det langt mellom Annie Lööf og Thorbjörn Fälldin, som var statsminister i vaklande borgarlege regjeringar på slutten av 1970-talet.
Vertinna er glad for at nokon står opp mot at politikk, økonomi og kultur blir sentralisert til kontorstyrte storbyar og oppskrytte regionsentra. Det er greitt å ha Senterpartiet som distriktsmegafon for at heile landet skal haldast i hevd og vera ulvefritt.
Men sjølv kunne ho aldri tenka seg å røysta Senterpartiet. Dei har stadig ei reim av den gamle bondestanden som såg seg som eliten i bygda og vanvyrde husmenn, arbeidarar og innflyttarar. Dei same slektene klamrar seg fast til grunneigedom og posisjonar i styre og stell. Nå har det også kome til maktkåte kommunetilsette, maskinentreprenørar og andre småkapitalistar som turar fram med senterpartiordførarar i ryggen.
Trygve Slagsvold Vedum vinn mange slagsmål med repetisjonar om sentralisering og refrenget om tenester der folk bur. Bonde og oljegründer Ola Borten Moes ideologiske prøvepakke «agrarliberalisme» er stuva vekk. Det er også «situasjonsbestemt pragmatisme», som jo er den adekvate merkelappen på Senterpartiets doble ansikt som styringsparti og storsnuta motstraumsparti som reindyrkar klassisk bygdepopulistisk retorikk: Oslomakta rår, omstilling og modernisering som skalkeskjul for sentralisering, nærpolitireforma avslørt som nytale.
Høgres parlamentarisk leiar, Trond Helleland frå Drammen og Hallingdal, er mislukka som rosemålar. Eit regjeringsapparat med frons urbana, ingen statsrådar frå Innlandet og berre éin mellom Bergen og Båtsfjord, er ein lissepasning til Senterpartiet.
Det glupske partiet stel distriktsveljarar frå Arbeidarpartiet, protestrøyster frå Framstegspartiet og restslakt frå Venstre og Kristeleg Folkeparti. Vedum kan forkynna sine faste talepunkt, leva etter sine ti tesar om folkelege politikarar og flira heile vegen til valurnene i haust.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Situasjonsbestemt pragmatisme er ein høveleg merkelapp på Vedums retorikk.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.