Samfunn
– Me har ei risikobasert tilnærming til arbeidet
Fagsjef i Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland, Aslak Skancke, stadfestar i eit e-post-intervju at etikkrådet ikkje har vurdert Bet Shemesh Engines for vedlikehaldet deira av flymotorane til det israelske flyvåpenet.
– Me har vurdert Bet Shemesh for sal av flymotorar. Etikkrådet har likevel ikkje rekna at selskapssal av flymotorar til Israel blir råka av dei etiske retningslinjene. Me har derfor heller ikkje undersøkt selskap som driv med vedlikehald av flymotorar. Vurderinga av selskapet har derfor falle litt mellom to stolar her, seier han til Dag og Tid.
– Ifølgje Historikarar for Palestina har SPU investert i 64 israelske selskap. Det er dermed ikkje så mange selskap. Har etikkrådet gjort ei konkret vurdering av desse selskapa opp mot SPUs etiske retningslinjer?
– Det spørst kva du meiner med «konkret vurdering». Me har ei risikobasert tilnærming til arbeidet. Ei rekkje selskap har vore gjennomgåtte for å identifisera eventuelle problematiske forhold. I fjor vart om lag 60 selskap med tilknyting til Vestbreidda og Gaza utgreidde, og 16 vart kontakta. Dette er både israelske og ikkje-israelske selskap.
– Historikarar for Palestina har i rapporten sin konkludert med at minst 30 israelske selskap burde vore ekskluderte frå oljefondet. Funna deira vart presenterte i ein kronikk i Aftenposten 3. juni og i ein rapport som er send til etikkrådet. Korleis følgjer etikkrådet opp råda som har komme fram i denne rapporten?
– Denne rapporten presenterer fleire opplysningar som kan vera nyttige, men det ser ikkje ut til at funna er analyserte opp mot dei etiske retningslinjene til fondet og føringane som er lagde for desse i stortingsmeldingar og NOU-ar. Rapporten peikar på fleire forhold som truleg fell utanfor det retningslinjene er meinte å råka, svarer Skancke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.