Forteljingar om frykt – russisk kvardagsliv i skuggen av krigen

Max til skade

Ei statleg russisk nyvinning medfører irritasjon og frustrasjon.

Publisert Sist oppdatert

Ei ny plage har inntatt Russland. Rettare sagt er det snakk om ei teknologisk nyvinning – ein statseigd meldingsapplikasjon. Han heiter Max. Og han er ikkje akkurat trygg å bruke.

Ifølge ekspertar er Max kort og godt eit trojansk virus. Appen sporar all aktivitet på smarttelefonen. Sidan styresmaktene får tilgang til opplysningar om brukarane, er det ingen tvil om at fleire no blir sårbare for rettsleg forfølging.

Max blei lansert tidlegare i år, men har fått meir merksemd dei siste vekene, sidan vi no har gått inn i eit nytt skuleår. Skular og foreldregrupper har begynt å bruke den nye appen fordi styresmaktene oppfordrar til det og legg til rette for det. Blant anna har appen ei hjelpeside, slik at overgangen blir enklare.

I praksis blir andre meldingsappar utkonkurrerte.

Det blir sjølvsagt ikkje sagt rett ut, men vi har lært at samantreff som desse ikkje er tilfeldige: Så snart Max var lansert, blei videosamtalar på WhatsApp og Telegram blokkerte, og kommunikasjonsplattformer som Google Meet fungerte med eitt merkbart dårlegare.

Men greitt. Russarar flest lar seg ikkje affisere av at det har blitt vanskeleg å bruke Google Meet eller Zoom. Slikt plagar berre smartingar som meg, som er avhengige av digitale møte for å snakke om publisering, kommande saker og den slags tull med andre smartingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement