Matkriser vi ikkje merkar

Koronakrisa råkar matforsyninga i fleire land, og nokre stader er situasjonen alvorleg. Men ikkje i Noreg.

Amerikanske kjøtprodusentar åtvarar om at matforsyningskjeda bryt saman, men i Noreg er det ingen teikn til krise.
Amerikanske kjøtprodusentar åtvarar om at matforsyningskjeda bryt saman, men i Noreg er det ingen teikn til krise.Amerikanske kjøtprodusentar åtvarar om at matforsyningskjeda bryt saman, men i Noreg er det ingen teikn til krise.

Koronakrisa har synt oss verdien av å ha beredskapslager av nødvendig utstyr og varer som smittevernutstyr og medisinar, og kor sårbare vi kan vere når dette ikkje er på plass. Prinsippet om at varer skal kjøpast for levering «just in time», eller «akkurat i tide», som Dag og Tid skreiv om for nokre veker sidan, har som føresetnad at alle ledd i forsyningskjeda fungerer. Om til dømes polske styresmakter stoppar eksport av desinfeksjonsmiddel for å førebyggje smitte i eige land, vert snart handsprit mangelvare i butikkar og apotek i Noreg. Det kravde òg intens innsats frå Utanriksdepartementet og eit vedtak i EU-kommisjonen før Noreg fekk unntak frå EUs eksportrestriksjonar og fekk inn livsviktige sendingar av smittevernsutstyr over Svinesund.

I ein slik situasjon skulle ein tru det var lettare å ta opp att debatten om å gjenopprette eit beredskapslager for matkorn i Noreg eller auke norsk sjølvforsyning av jordbruksvarer. Men så langt har slike forsøk vorte avviste av regjeringa.

Det er «(f)ortsatt stabil og god matforsyning» og «internasjonal handel fungerer», skriv Landbruksdepartementet i ei pressemelding. Ifølgje Landbruksdirektoratet har det vore nokre utfordringar knytte til logistikk som følgje av koronakrisa, og særleg til grensepasseringar og mannskap på skip, men begge delar fungerer igjen no.

I eit intervju med Klassekampen førre helg forsikra statssekretær Widar Skogan (KrF) frå Landbruksdepartementet òg om at «vi har gode kanaler», og at det ikkje finst nokon grunn til å sjå føre seg ei krise i matvareforsyninga til Noreg. Men ikkje alle land er like trygge.

Hindrar eksport

Førre helg stoppa Russland, som er verdas største eksportør av kveite, all eksport av både kveite, mais, rug og bygg fram til juli, for å sikre nasjonale forsyningar. Romania stoppa sin eksport av korn ei veke i april, Kasakhstan har innført eksportrestriksjonar på kveite og mjøl, og Ukraina, som er blant verdas største korneksportørar, kan òg kome til å forby eksport utover det landet alt har avtale om å levere til handelspartnarar. Samstundes har Vietnam, som er verdas tredje største eksportør av ris, hatt ein månads stopp i riseksporten. Totalt hadde 15 land eksportrestriksjonar på jordbruksvarer i månadsskiftet april/mai, ifølgje landbruksforskingssenteret International Food Policy Research Institute (IFPRI).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement