Matkriser vi ikkje merkar
Koronakrisa råkar matforsyninga i fleire land, og nokre stader er situasjonen alvorleg. Men ikkje i Noreg.
Amerikanske kjøtprodusentar åtvarar om at matforsyningskjeda bryt saman, men i Noreg er det ingen teikn til krise.
Foto : Terje Bendiksby / SCANPIX
Mat
eva@dagogtid.no
Koronakrisa har synt oss verdien av å ha beredskapslager av nødvendig utstyr og varer som smittevernutstyr og medisinar, og kor sårbare vi kan vere når dette ikkje er på plass. Prinsippet om at varer skal kjøpast for levering «just in time», eller «akkurat i tide», som Dag og Tid skreiv om for nokre veker sidan, har som føresetnad at alle ledd i forsyningskjeda fungerer. Om til dømes polske styresmakter stoppar eksport av desinfeksjonsmiddel for å førebyggje smitte i eige land, vert snart handsprit mangelvare i butikkar og apotek i Noreg. Det kravde òg intens innsats frå Utanriksdepartementet og eit vedtak i EU-kommisjonen før Noreg fekk unntak frå EUs eksportrestriksjonar og fekk inn livsviktige sendingar av smittevernsutstyr over Svinesund.
I ein slik situasjon skulle ein tru det var lettare å ta opp att debatten om å gjenopprette eit beredskapslager for matkorn i Noreg eller auke norsk sjølvforsyning av jordbruksvarer. Men så langt har slike forsøk vorte avviste av regjeringa.
Det er «(f)ortsatt stabil og god matforsyning» og «internasjonal handel fungerer», skriv Landbruksdepartementet i ei pressemelding. Ifølgje Landbruksdirektoratet har det vore nokre utfordringar knytte til logistikk som følgje av koronakrisa, og særleg til grensepasseringar og mannskap på skip, men begge delar fungerer igjen no.
I eit intervju med Klassekampen førre helg forsikra statssekretær Widar Skogan (KrF) frå Landbruksdepartementet òg om at «vi har gode kanaler», og at det ikkje finst nokon grunn til å sjå føre seg ei krise i matvareforsyninga til Noreg. Men ikkje alle land er like trygge.
Hindrar eksport
Førre helg stoppa Russland, som er verdas største eksportør av kveite, all eksport av både kveite, mais, rug og bygg fram til juli, for å sikre nasjonale forsyningar. Romania stoppa sin eksport av korn ei veke i april, Kasakhstan har innført eksportrestriksjonar på kveite og mjøl, og Ukraina, som er blant verdas største korneksportørar, kan òg kome til å forby eksport utover det landet alt har avtale om å levere til handelspartnarar. Samstundes har Vietnam, som er verdas tredje største eksportør av ris, hatt ein månads stopp i riseksporten. Totalt hadde 15 land eksportrestriksjonar på jordbruksvarer i månadsskiftet april/mai, ifølgje landbruksforskingssenteret International Food Policy Research Institute (IFPRI).
Eksportrestriksjonane har råka land verda rundt. Tadsjikistan, Usbekistan, Aserbajdsjan, Kirgisistan og Georgia er blant dei som har merka det mest, syner IFPRI. Dei fleste europeiske landa står òg på lista over landa som er råka. Det inkluderer Noreg, som står oppført som mottakar av litt over éin prosent av produkta det no er restriksjonar på, målt i kaloriar. Til vanleg importerer Noreg mest korn frå dei andre nordiske landa, Tyskland, Polen, Litauen og Latvia, i tillegg til Russland, ifølgje Landbruksdirektoratet. Etter ekstremtørken i 2018 importerte Noreg meir korn frå land som Kasakhstan og Ukraina enn vanleg.
Globalt er det derimot ikkje mangel på mat som følgje av koronapandemien så langt, seier Johan Swinnen, generaldirektør for landbruksforskingssenteret IFPRI, til The New York Times.
Ifølgje prognosane til det internasjonale kornrådet (IGC) er det venta rekordproduksjon av korn på verdsbasis i 2020–2021, sjølv om det no òg er rapportert om at planting av kveite både i europeiske land og ved Svartehavet har vore råka av dårleg vêr. Forbruket av korn er derimot venta å auke meir enn produksjonen, slik at dei globale kornlagera kan gå litt ned i løpet av året, melde Reuters i mars.
Råkar forsyningskjeda
Matforsyningane vert òg råka av reiserestriksjonar mellom land og område og av smittefare og sjukdom. Sjølv om fleire land har lempa på innreisereglar for utanlandske sesongarbeidarar i landbruk, gartneri, skogbruk og matindustri, er det for tidleg å seie om det dekkjer opp for behovet alle stader.
Ifølgje Reuters kan både USA og Canada i år måtte klare seg med færre sesongarbeidarar i landbruket enn vanleg. CNN, Los Angeles Times og The Guardian rapporterer i tillegg om arbeids- og buforhold som gjer det vanskeleg med godt smittevern blant sesongarbeidarar i både USA og i Europa. Og i USA har store kjøtprodusentar som Tyson Foods, Smithfield Foods og JBS måtta stengje ned heile slakteri og kjøtforedlingsanlegg mellombels på grunn av koronasmitte blant tilsette.
Amerikanske bønder har òg byrja å dumpe tonnevis av mat på grunn av logistikkproblem og endringar i etterspurnaden som følgje av koronakrisa. Frå India rapporterer BBC òg om mat som rotnar fordi produsentar og forhandlarar ikkje får matvarene fram til marknaden på grunn av stengde grenser og reiserestriksjonar mellom distrikt.
Fleire utanlandske medium har såleis byrja diskutere forsyningslinene. «Kor robust er matforsyningskjeda vår?» spør BBC i eit timelangt radioprogram. New York Times skriv at ei global matkrise trugar, medan TIME Magazine siterer Tyson Foods, som er blant USAs største produsentar av storfekjøt, på at forsyningskjeda i USA alt er i ferd med å bryte saman.
Lite påverka
Sjølv rike land kan kome til å få vanskar med å få tak i matvarene dei ønskjer, seier Tim Benton, forskingsdirektør ved tenkjetanken Chatham House i London, til Bloomberg. Det treng derimot ikkje gjelde for Noreg, ifølgje Christian Anton Smedshaug i AgriAnalyse, forfattar av boka Kan jordbruket fø verden?.
– Systemet vårt er ganske robust, og vi er i liten grad påverka av problema vi ser i andre land. Vi har halde på mange stabiliseringsmekanismar i jordbrukspolitikken som andre land har avvikla, og det får vi att for no òg. Det gjeld til dømes marknadsbalansering, sterke samvirke, jordbruksforhandlingar og kvotar og konsesjonsordningar. Vi er sjølvforsynte innanfor husdyrproduksjon og vi er heller ikkje veldig avhengige av import av daglegvarer, sidan vi har ein eigen industri som foredlar både eigne råvarer og råvareimport frå utlandet. EU-land har større problem, for dei har meir byte av varer og meir eksport og handel med husdyr over landegrensene. Den frie flyten er meir komplisert no, seier han.
Ifølgje landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) er sjølvforsyningsgraden i Noreg på om lag 50 prosent når vi målar i kaloriar. Korrigert for fôrimporten som må til for å produsere dei kaloriane, fell sjølvforsyninga derimot til under 40 prosent.
I tillegg til råvarer til fiskefôr og kraftfôr er ein stor del av importen produkt som ikkje vert produserte i Noreg, som tropiske frukter, diverse bær, vin, snus og kaffi, ifølgje Landbruksdirektoratet. 15 prosent av importen i 2019 var frukt og grønsaker. Når det gjeld planteprodukt, er det ifølgje Smedshaug framleis stabil og god tilgang på alle vanlege varer.
– Vi ser nokre faresignal på verdsbasis, med eksportrestriksjonar og ekstrainnkjøp frå store importørland som Egypt. Det som indirekte kan ramme oss, er endringar i handelen med kveite, som kan føre til at eksportørane kjem i skvis, eller om det vert problem med fôrkorn og proteinråvarer til husdyr. Vi har jo heller ingen beredskap for forsyningssvikt av mat, men førebels ser det bra ut. Vi starta med gode lager internasjonalt, og det er ingen indikasjon på at det skal verte eit dårleg avlingsår.
Vondt til verre
For mange fattige land inneber koronakrisa derimot at matsituasjonen går frå vondt til verre. Ifølgje Verdsmatvareprogrammet kan pandemien medføre at talet personar som lid av svolt, vil verte nesten dobla, frå 135 millionar personar i 2019 til 265 millionar i løpet av 2020.
Rundt 50 land hadde matkrise alt i 2019, i hovudsak land i Afrika, Midtausten og Asia og Latin-Amerika. I år kan fleire land bli råka. Det går fram av ein ny rapport om matkriser, som er sett saman av The Food Security Information Network. Ifølgje rapporten kan rørslehindringar og stengde grenser forstyrre transport og prosessering av mat, auke leveringstida og redusere tilgangen på sjølv heilt basale matvarer. Det kan bli nedgang i avlingar og husdyrproduksjon og stigande matvareprisar, samstundes som stigande arbeidsløyse reduserer kjøpekrafta blant folk.
The New York Times skriv at rørslehindringar og stengde grenser alt har hatt øydeleggjande verknad på inntektene til fordrivne personar i Uganda og Etiopia, levering av frø og jordbruksreiskapar i Sør-Sudan og distribusjonen av mathjelp i Den sentralafrikanske republikken.
Pandemien kan òg gjere det vanskelegare å få inn sprøytemiddel til å avgrense og handtere dei store grashoppesvermane som for tida trugar jordbruksproduksjonen i Aust-Afrika. Grashoppeutbrotet er det verste i regionen på fleire tiår og kan ha store følgjer for tilgangen på mat, ifølgje FN-organisasjonen for mat og landbruk.
Ti prosent er globalt
Verken grashoppeutbrot eller aukande mangel på mat i afrikanske land har direkte påverknad på forsyningssituasjonen på andre kontinent, ifølgje Smedshaug.
– Desse landa eksporterer ikkje uansett, og kjøpekrafta deira er avgrensa. Det er ein tragisk regional situasjon og syner kor dårleg beredskapen er internasjonalt, men det har lite å seie for forsyningssituasjonen til landa som har god kjøpekraft, seier han.
Ifølgje Tim Lang, som er professor i matpolitikk ved Center for Food Policy i City University i London, går berre rundt ti prosent av handelen med mat i dag mellom kontinenta.
– Det meste av maten vert konsumert på i alle fall same kontinent som han er dyrka, seier han til BBC.
Trur på ny trend
Slik Smedshaug ser det, er det ein eventuell tørkesommar som kan vere mest kritisk for matforsyningane til eit land som Noreg. Så langt ser han ikkje særleg grunn til uro.
– Det er tørt i Aust-Europa og delar av Vest-Europa og uvisst kor gode avlingane vert der, men det er ingen kriseteikn for produksjonen så langt. Får vi ein tørr sommar, med politisk uvisse i etterkant av koronaen, medan store eksport- og importland skaffar seg større buffer, er det likevel klart at det potensielt sett kan verte ein skummel kombinasjon. Men det er ingen indikasjonar på noko slikt no.
Han trur likevel koronakrisa kjem til å få følgjer både for internasjonale og norske forsyningsliner.
– Eg trur ingen statar framover kan tillate seg å ikkje betre beredskapen av både mat, medisinar og verneutstyr, og alle må tryggje evna til å avvege kriser nasjonalt. Det kjem til å verte ein politisk trend at kvar stat må ha ein betre buffer for å sikre seg sjølv. Alle kriser dei siste ti åra, finanskrise, eurokrise, migrantkrise og no koronakrise, har kome overraskande, så det er all grunn til å vere førebudd.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Systemet vårt er ganske robust, og vi er i liten grad påverka av problema vi ser i andre land.
Christian Anton Smedshaug,
dagleg leiar i AgriAnalyse
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.