Mannen som kom for seint

Putin trudde han kunne nytta metodar og tenking frå 1800- og 1900-talet til å byggja eit nytt russisk imperium i det 21. hundreåret.

Publisert Sist oppdatert

Eit ljost hovud sa ein gong: Politikk handlar eigentleg berre om å forstå tida ein lever i, og så handla så klokt som mogleg. Eit godt døme på ein som har forstått dette, er president Volodymyr Zelenskyj. Denne våren har han utnytta dei korta han har hatt på handa, mykje betre enn nokon hadde venta.

I kontrast til den argumenterande, smilande og unge Zelenskyj kan me sjå ein gamal, sint og bitter mann sitjande isolert bak eit langt bord i Kreml. Kvar gong Vladimir Putin opnar munnen, høyrest han ut som eit gufs frå ei anna tid: Ukraina har ikkje rett til å eksistera. Den ukrainske staten er ein del av Russland. Om ikkje ukrainarane godtek det, vil dei bli knuste av den russiske militærmaskinen, om naudsynt med atomvåpen.

Før 24. februar i år var det få som tok truslane alvorleg. Putin kunne gjerne meina at Ukraina ikkje hadde rett til å eksistera, men derifrå til å gjera noko med det var eit stort steg. Og skulle han gjera noko med det, måtta han starta ein regulær erobringskrig. Å erobra andre land er noko som høyrer fortida til, noko som rett og slett ikkje er akseptabelt. Difor har reaksjonane på det russiske åtaket på Ukraina vorte så kraftige. Putin ser på si side ut til ikkje å ha forstått kva som har treft han. Han skjøner ikkje at verdssamfunnet reagerer når han går fram på ein måte som kunne ha blitt godteken for nokre generasjonar sidan, men som i dag blir oppfatta som fullstendig antikvert.

Det tredje Roma

Om Putin likevel noterer seg at ein storm av kritikk har brote laus mot regimet hans, er det langt frå sikkert at han oppfattar det som eit problem. Også her heng tenkemåten til Putin saman med nokre av dei eldste tradisjonane i det russiske samfunnet. I tsartida såg mange russarar det slik at dei levde i eit heilagt land med eit særskilt kall i verda. Etter at det fyrste Roma hadde falle på 400-talet og det andre Roma – Konstantinopel – hadde falle til muslimane i 1453, stod det tredje Roma igjen. Det var Moskva.

Berre den moskovittiske staten blei styrt av ein rettruande herskar. Alle andre statar i Europa var styrte av herskarar som ikkje var rettruande, anten dei var katolikkar eller protestantar. Landa utanfor Europa, ikkje minst det muslimske Tyrkia, vart styrte av reine heidningar. Den ortodokse trua var livsviktig fordi ho heldt oppe den russiske staten. Og på den andre sida: Om den russiske staten skulle forsvinna, ville Gud ikkje lenger ha nokon talsmann igjen på jordkloten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement