JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Mannen som kom for seint

Putin trudde han kunne nytta metodar og tenking frå 1800- og 1900-talet til å byggja eit nytt russisk imperium i det 21. hundreåret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5811
20220520
5811
20220520

Eit ljost hovud sa ein gong: Politikk handlar eigentleg berre om å forstå tida ein lever i, og så handla så klokt som mogleg. Eit godt døme på ein som har forstått dette, er president Volodymyr Zelenskyj. Denne våren har han utnytta dei korta han har hatt på handa, mykje betre enn nokon hadde venta.

I kontrast til den argumenterande, smilande og unge Zelenskyj kan me sjå ein gamal, sint og bitter mann sitjande isolert bak eit langt bord i Kreml. Kvar gong Vladimir Putin opnar munnen, høyrest han ut som eit gufs frå ei anna tid: Ukraina har ikkje rett til å eksistera. Den ukrainske staten er ein del av Russland. Om ikkje ukrainarane godtek det, vil dei bli knuste av den russiske militærmaskinen, om naudsynt med atomvåpen.

Før 24. februar i år var det få som tok truslane alvorleg. Putin kunne gjerne meina at Ukraina ikkje hadde rett til å eksistera, men derifrå til å gjera noko med det var eit stort steg. Og skulle han gjera noko med det, måtta han starta ein regulær erobringskrig. Å erobra andre land er noko som høyrer fortida til, noko som rett og slett ikkje er akseptabelt. Difor har reaksjonane på det russiske åtaket på Ukraina vorte så kraftige. Putin ser på si side ut til ikkje å ha forstått kva som har treft han. Han skjøner ikkje at verdssamfunnet reagerer når han går fram på ein måte som kunne ha blitt godteken for nokre generasjonar sidan, men som i dag blir oppfatta som fullstendig antikvert.

Det tredje Roma

Om Putin likevel noterer seg at ein storm av kritikk har brote laus mot regimet hans, er det langt frå sikkert at han oppfattar det som eit problem. Også her heng tenkemåten til Putin saman med nokre av dei eldste tradisjonane i det russiske samfunnet. I tsartida såg mange russarar det slik at dei levde i eit heilagt land med eit særskilt kall i verda. Etter at det fyrste Roma hadde falle på 400-talet og det andre Roma – Konstantinopel – hadde falle til muslimane i 1453, stod det tredje Roma igjen. Det var Moskva.

Berre den moskovittiske staten blei styrt av ein rettruande herskar. Alle andre statar i Europa var styrte av herskarar som ikkje var rettruande, anten dei var katolikkar eller protestantar. Landa utanfor Europa, ikkje minst det muslimske Tyrkia, vart styrte av reine heidningar. Den ortodokse trua var livsviktig fordi ho heldt oppe den russiske staten. Og på den andre sida: Om den russiske staten skulle forsvinna, ville Gud ikkje lenger ha nokon talsmann igjen på jordkloten.

Ein forstår det heile betre ved å sjå på kva ord russarane nytta om trua si: Det greske framandordet ortodoksi finst ikkje på russisk. På russisk heiter det pravoslavie, som tyder den som dyrkar (Gud) på den rette måten. Dei som ikkje er pravoslavie, dyrkar Gud på feil måte og er såleis fortapte.

Rettruande

Ideen om den messianske staten som skulle bringa ljoset til alle andre, blei ført vidare under kommunistane. Ikkje tilfeldig kalla Lenin den fremste misjonsorganisasjonen sin for Den tredje internasjonalen. Dei to andre internasjonalane hadde feila og falle, akkurat som det fyrste og det andre Roma. Som i kristendommen var det i marxismen eit utal av ulike tolkingar, men berre den tolkinga som blei gjord i Moskva, var den rette. Alle andre var revisjonistar, avvikarar eller reine klasseforrædarar i teneste hos borgarskapet, djevelen.

Slutninga var, anten staten var tsaristisk eller kommunistisk, at ein ikkje trong å læra noko av andre. Herskarar som Nikolaj I (1825–1855), Aleksandr III (1881–1894), Josef Stalin og Leonid Brezjnev meinte at Russland klarte seg best om landet var isolert frå Vesten. Så seint som i slutten av 1980-åra var det strengt forbode for alle andre enn medlemmer av KGB å ha kontakt med utlendingar. I denne tradisjonen voks Vladimir Putin opp. Der han sit bak det lange bordet sitt, forstår ikkje Putin at Russland i dataalderen vil trenga impulsar frå Vesten for å utvikla ein moderne økonomi. Russland kan skaffa innbyggjarane sine alt dei treng, i alle fall om ein går i allianse med Kina, er bodskapen han formidlar.

Men kanskje er det aller største mistaket til Putin sjølve måten han herskar på. Til liks med Stalin og dei reaksjonære tsarane før han herskar Putin ved hjelp av frykt. Alle som ikkje lystrar eller gjer ein god nok jobb, blir avsette og kanskje fengsla. Ein såg det tydeleg under det vidgjetne møtet i Kreml rett før invasjonen i februar då spionsjefen Sergej Narysjkin stamma og stotra, mest sannsynleg fordi han var redd for å seia noko som kunne gjera Putin sint. Fordi Putin herskar gjennom frykt, har han heilt tydeleg vorte feilinformert om stoda i Ukraina, både før og etter at han sleppte krigen laus på landet.

Kontroll med nettet

På toppen av det heile ser det ut til at Putin ikkje har forstått kor viktig internett er. Denne veka er filmen om Putins enorme slott ved Svartehavet vist ikkje mindre enn 123 millionar gonger på Youtube. Putin har trudd at han kunne hindra fri informasjonsflyt ved å kontrollera avisene og fjernsynet, slik ein gjorde det i sovjettida. Så dukkar det opp noko som heiter internett, som det aldri er mogleg å kontrollera heilt og fullt. Putin klarer difor ikkje å innføra det same informasjonsmonopolet som eksisterte under kommunistane.

Vladimir Putin har altså kome for seint til å skru klokka attende til tsar- eller kommunisttida. Mange russarar vil rett nok halda fram med å støtta han. Opplysingsnivået ute i folkedjupet er lågt, og russarar flest er vande med å lyda autoritetane. Men den best utdanna og mest moderne delen av folket vil bli endå meir fiendtleg til regimet enn tidlegare. Der ligg det eit håp for framtida.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis