Manglar oversyn over barn som vert etterlatne utanlands

33 barn med innvandrarbakgrunn har vorte vekke frå Hammerfest dei siste fem åra. Omfanget er truleg ikkje eineståande for Hammerfest.

I 2004 varsla dåverande kommunalminister Erna Solberg tiltak for å finne ut kor mange barn med innvandrarbakgrunn som vert sende ut av landet for å gå på skule. Kunnskapsdepartementet jobbar framleis for å skaffe kunnskap om omfanget.
I 2004 varsla dåverande kommunalminister Erna Solberg tiltak for å finne ut kor mange barn med innvandrarbakgrunn som vert sende ut av landet for å gå på skule. Kunnskapsdepartementet jobbar framleis for å skaffe kunnskap om omfanget.

Nyleg vart det kjent at 33 barn med innvandrarbakgrunn i løpet av dei siste fem åra er tekne ut frå barnehagar og skular i Hammerfest og oppheld seg utanlands. Mange av barna er somaliske, og fleire av dei har norsk statsborgarskap.

Tala uroar. Endå meir urovekkjande er det å sjå kor lite det offentlege Noreg veit om, og har klart å gjere med, problematikken – både i Hammerfest og på landsbasis.

At fleire norske barn vert sende til opphavslanda til foreldra for å gå på skule i ein periode, er ikkje nytt. Alt i 2004 varsla dåverande kommunalminister Erna Solberg (H) tiltak for å finne ut kor mange barn det dreidde seg om, og kor lenge dei var ute av Noreg. Likevel er det i dag ingen offentlege instansar som har oversyn over kor utbreidd dette er.

Åtte nye vekke

Hammerfest kommune har heller ikkje drive systematisk kartleggingsarbeid før inntil nyleg. Ellen Johansen, som er fagleiar i innvandrartenesta i kommunen, seier dei fyrst i 2017 vart merksame på at barn folkeregistrerte i kommunen vart vekke.

Då dei våren 2018 skaffa seg oversyn over kor stort omfanget var, vart det organisert ei tverrfagleg gruppe av helse- og sjukepleiarar og representantar frå barnevernstenesta og skulesektoren. Dei samarbeider i saker der barn med innvandrarbakgrunn vert vekke, førebyggjer utreise, driv opplysingsarbeid og støttar opp når barn returnerer til Hammerfest, seier barnevernsleiar Bodil Negård i Hammerfest.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement