Mange vil ha eit lite stykke NoregStadig fleire norske selskap får utanlandske eigarar. Er det så nøye?

Stadig fleire norske selskap får utanlandske eigarar. Er det så nøye?

SNART KINESISK: Stressless-stolen til Ekornes.
SNART KINESISK: Stressless-stolen til Ekornes.
Publisert

Sist veke var turen komen til Ekornes. Onsdag 23. mai la det kinesiske selskapet Qumei inn eit bod på 5,1 milliardar kroner for alle aksjane i møbelfabrikanten, og kjøpet kjem høgst truleg til å gå gjennom. Det meste av Ekornes var allereie eigd av ulike fond, men no blir siste rest av sunnmørsk eigarskap borte. Dette oppkjøpet går inn i ein føljetong. Stadig fleire norske bedrifter blir kjøpte opp av utanlandske selskap eller oppkjøpsfond, og her tek vi berre med nokre få døme:

Tidlegare i mai vart den fallerte papirkjempa Norske Skog, med kring 900 tilsette i Noreg, overteken av investeringsfondet Oceanwood. (Tilfellet Norske Skog har ei ironisk side: Konsernet vart knekt av dei mange dyre oppkjøpa av papirfabrikkar jorda rundt.) I 2013 vart det statseigde norske oppdrettsselskapet Cermaq selt til japanske Mitsubishi, Hurtigruten kom på britiske hender i 2014, og Orkla selde industriselskapet Elkem til kinesiske Bluestar i 2011. Norskutvikla IT-selskap som Fast Search and Transfer og Opera Software har utanlandske eigarar, det same har ein stor del av dei norske offshoreselskapa. Og så vidare. Men er desse oppkjøpa eit problem?

Aukar eigardelen

I det lange perspektivet har utanlandske investeringar stort sett vore ei velsigning for Noreg. Mykje av industrialiseringa her i landet vart gjort mogleg av utanlandske selskap som kom med kapital og kunnskap, og nordmenn nyt framleis godt av ein open verdsøkonomi: Det nyrike Noreg er ein av dei aller største investorane på børsane i verda gjennom Oljefondet, rett nok av det passive slaget, og norske selskap kjøper òg opp mange bedrifter i andre land.

Auken av utanlandsk eigarskap i Noreg dei siste åra er markert, men ikkje dramatisk, om ein ser på tala frå Statistisk sentralbyrå: I 2000 arbeidde 17 prosent av dei tilsette i norsk næringsliv i selskap med meir enn 50 prosent utanlandsk eigarskap. I 2015 var arbeidde 21 prosent av dei tilsette i slike selskap, og dei utanlandskeigde selskapa stod for 27 prosent av omsetnaden i næringslivet.

Om vi ser på berre industribedriftene, er den utanlandske eigardelen i Noreg større. I 2012 rekna Menon Business Economics ut at utanlandskeigde selskap i Noreg stod for 30 prosent av sysselsetjinga og 36 prosent av verdiskapinga i industrien, og det har truleg auka sidan da. Nesten annakvart selskap som har blitt selt i Noreg dei siste åra, har fått utanlandske eigarar. I tillegg er det verd å merkje seg at den utanlandske eigardelen er størst i nokre av dei mest teknisk avanserte industrigreinene i Noreg, til dømes prosessindustrien og offshorebransjen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement