Mange nordmenn på toppenI høve til folketalet kjem ikkje Noreg dårleg ut i spelet om internasjonale toppverv.
I høve til folketalet har ikkje Noreg kome så verst ut i spelet om internasjonale toppverv.
Når det er relativt få nordmenn på lågare nivå i FN-byråkratiet, viser FN-kjennarar gjerne til ei ganske enkel forklaring: Det er få norske søkjarar til desse jobbane. Lønsnivået, velferdsgoda og det komfortable livet i Noreg gjer slike stillingar mindre attraktive for nordmenn enn dei er for folk frå dei fleste andre land. Og når få nordmenn er villige til å gå gradane i FN-systemet, blir det òg færre norske mellomleiarar.
Men er Noreg, med trekvart promille av verdsbefolkninga, underrepresentert i leiarsjiktet i FN? For tida er Erik Solheim direktør for miljøprogrammet til FN (UNEP), Elisabeth Rasmusson er visedirektør i Verdas matvareprogram (WFP), Bernt Ottar Aasen er Latin-Amerika-direktør i Unicef og Odd Per Brekk er Asia-direktør i Det internasjonale pengefondet (IMF), for å nemne nokre.
Går vi litt attende i tid, finn vi mange andre døme: Gro Harlem Brundtland har vore sjef for Verdshelseorganisasjonen (WHO). Jan Egeland har vore visegeneralsekretær i FN og leiar for FN-kontoret for humanitær innsats. Thorvald Stoltenberg var FN-høgkommisær for flyktningar. Hilde Frafjord Johnson har vore visedirektør i Unicef. Terje Rød-Larsen har vore visegeneralsekretær i FN og Midtausten-koordinator. Robert Mood har vore leiar for FN-observatørane i Midtausten. Christian Thommessen har vore direktør i FNs utviklingsprogram (UNDP). Olav Kjørven har vore assisterande generalsekretær i FNs utviklingsprogram (UNDP). Og så vidare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.