Målar skrifta på veggenKriminelle nettverk har teke over mykje av målarbransjen i Oslo. Politiet og regjeringa har svikta i kampen mot mafiaen, meiner journalist og forfattar Einar
Kriminelle nettverk har teke over mykje av målarbransjen i Oslo. Politiet og regjeringa har svikta i kampen mot mafiaen, meiner journalist og forfattar Einar Haakaas.
Mange av målaroppdraga på Austlandet blir utførte av selskap som nyttar svart arbeid.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Om det framleis er nokon som reknar Noreg som eit gjennomsiktig, gjennomregulert og lovlydig samfunn, må boka Svartmaling. Kriminelle bygger Norge vere noko av eit sjokk. Her skildrar journalist Einar Haakaas dei kriminelle nettverka som har teke over mykje av målarbransjen i Oslo, og som er tett samanvevde med den «normale» økonomien. Dei fleste av desse nettverka er drivne av kosovoalbanarar, og gjennom svart arbeid, momssvindel, falske fakturaer og anna bedrag har dei truleg unndrege milliardbeløp i skatt. Haakaas har avdekt fleire hundre selskap som er etablerte av nettverka, og svært mykje av inntektene deira stammar frå offentlege oppdragsgjevarar: Målarfirma styrte av kriminelle har vore med på å pusse opp mellom anna Eidsvoldsbygningen, regjeringskvartalet, statsministerbustaden og lokala til Skattedirektoratet. Sjansane for å bli teken for svindelen er svært små.
– Å drive med kriminalitet i byggjebransjen i Noreg er både meir lønsamt og mykje tryggare enn å drive med narkotikahandel, seier Einar Haakaas.
Han kjenner dette feltet betre enn dei aller fleste. Som journalist i Aftenposten arbeidde Haakaas i mange år med saker om økonomisk kriminalitet, og han har før skrive bok om den store drosjesvindelsaka i Oslo. Inntrykket hans er at dei organiserte kriminelle gjorde inntoget sitt i den norske arbeidsmarknaden for alvor for kring 15 år sidan, og sidan da har omfanget berre auka. «Norge er en honningkrukke for arbeidslivskriminelle», skriv Haakaas i boka.
Undergrev staten
Mange spørsmål melder seg når ein les boka Svartmaling. Korleis kan det vere så vanskeleg å kjempe mot denne kriminaliteten i eit lite og oversiktleg land som Noreg? Dei fleste pengetransaksjonar skjer elektronisk, og datateknologien burde vel gjere det enkelt å samle inn, systematisere og kryssjekke informasjon? Kvifor har politiet og andre etatar svikta i å møte utfordringane frå dei kriminelle i arbeidslivet? Og kvifor er ikkje den svarte økonomien generelt høgare på den politiske dagsordenen?
Eit grovt anslag frå Skatteetaten er at kring 150 milliarder kroner i skatter og avgifter blir unndregne kvart år i Noreg. Det er meir enn dei samla inntektene til staten frå petroleumsverksemda i fjor, og omtrent ti gonger meir enn staten tek inn i formuesskatt årleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.