JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Maktskifte i Polen

Det konservative Lov- og rettferdspartiet (PiS) til Jaroslaw Kaczinsky fekk flest røyster, men tapte valet. Borgarplattforma (PO) og Donald Tusk skipar ny regjering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Donald Tusk, leiar i Borgarplattforma (PO), taler etter at valresultata blei annonserte i Warszawa i Polen 15. oktober.

Foto: Reuters / Kacper Pempel

7358
20231020
7358
20231020

Polen

torbk@ntnu.no

Då det blei klart, gjekk sjampanjekorkane i taket i Tusks valhovudkvarter i Warszawa søndag kveld. Og dei opna nok ei flaske eller to i Brussel og Berlin òg.

PiS fekk 35,6 prosent av røystene og 194 sete i nasjonalforsamlinga (sejmen). Men det blir Borgarplattforma (PO) leia av Donald Tusk, som kjem til å skipe ny regjering i Polen, sjølv om partiet hans fekk færre røyster – om lag 31 prosent av røystene og 157 sete i nasjonalforsamlinga.

Tusk gjekk til val med ein gentlemens’ agreement om støtte frå to mindre parti frå sentrum og venstre. Og då alt tyda på at desse støttepartia gjorde gode val, medan PiS’ høgreradikale støtteparti, Forbundet for fridom og sjølvstende, gjekk klart tilbake (det enda opp med berre 7 prosent av røystene og 18 mandat), gjekk Tusk ut og erklærte siger alt då vallokala stengde søndag kveld.

Koalisjonen som vann

Då hadde Tusk rekna ut at med nær 160 mandat til sitt eige parti, saman med mandata til dei to støttepartia – den nye sentrumsalliansen Trzecia Droga (med over 14 prosent av røystene og 65 mandat) og venstrekoalisjonen Lewica (med 8,6 prosent og 26 mandat) – ville dei få rundt 250 mandat til saman. Dette utgjer eit fleirtal i nasjonalforsamlinga (som har 460 sete), og nok til å skipe ei koalisjonsregjering med sentrum–venstreprofil.

– Eg har vore ein sportsmann heile livet, og eg er den lykkelegaste mannen i verda med denne andreplassen. Polen har vunne. Demokratiet har vunne. Vi har fjerna dei frå makta, sa Tusk – og med «dei» viste han til dei bitre motstandarane i det konservative PiS.

Jubel og optimisme

Tilhengjarane hans jubla etter sigerstalen. Og dei sukka nok letta i Brussel og Berlin òg. For i dei åra då PiS sat med makta, kom Polens nasjonalistiske politikk på aukande kollisjonskurs med EUs normer og reglar. Lite har vore sagt ope, men i EUs korridorar har det lenge vore stor bekymring knytt til einskilde land i Aust-Europa. Særleg med Polen og Ungarn. Dei har vore sette på som EU-skeptiske ugagnskråker – vantande demokrati som har peika nase av Vest-Europas liberaldemokratiske ideal.

Det har vore EU-skepsis i andre land òg, i Frankrike, Austerrike og Tyskland, og euroskeptiske populistar vann nyss valet i Slovakia. Men Polen har stått i ei særstilling. Det er stort; med nær 40 millionar innbyggjarar er det fire gonger større enn Ungarn. Det er i ferd med å bli rikt; det har ein økonomisk vekstrate som er blant dei raskaste i Europa. Og det har vore konservativt; regjeringa til PiS har så å seie forbode abort og har seinka EUs arbeid med å takle migrasjon og implementere EUs ambisiøse klimamål.

EU heldt til slutt att milliardar av euro som var øyremerkte til landet, og peika samstundes på at dei polske rettsreformene reduserte fridomen til domstolane, og at dei strenge abortlovene tok frå kvinner retten til eigen kropp. PiS førte til gjengjeld ei svertekampanje mot EU og Tyskland i valpropagandaen sin. No håper Brussel på at søndagens valresultat i Polen er eit teikn på at den aukande euroskepsisen i Europa er i ferd med å snu.

Dei trur på Donald Tusk, som har lova å endre kursen til den polske statsskuta, slik at ho kan sigle same kursen som andre EU-medlemmer att. Han har lova framhald til stønaden til Ukraina og felles front mot Russland. Dette er òg roande for Brussel, som veit at Moskva ser kvar usemje blant Ukrainas internasjonale støttespelarar som ein fordel. Men med Tusk og PO som regjeringsparti ligg Warszawas tøffe linje mot Russland fast. Enn så lenge.

Dette gjer òg Nato nøgd. Polen har spela ei viktig rolle i militær­alliansen sidan Russlands invasjon av Ukraina. Dessutan bruker Polen stadig meir pengar på forsvaret, om lag 3 prosent av bruttonasjonalproduktet; dette er ein større del enn dei fleste andre landa i alliansen. Tusk vil neppe kutte i det høge militærbudsjettet. Polakkane er så uroa over krigen i Ukraina at dei har ambisjonar om å investere i nytt utstyr og meir personell for å byggje opp Europas sterkaste hær innan 2026.

Tunge strukturar

Men det er ikkje lett å endre kursen på store skuter. Polen er eit djupt splitta land. Motkreftene er tunge. Ei progressiv regjering under Tusk må slåst mot både trege strukturar og mektige aktørar.

Mellom strukturane er fleire institusjonar i det polske sivilsamfunnet som PiS har forma i sitt bilete. Partiet har i løpet av åtte år ved makta plassert sine eigne medlemmer i den statseigde kringkastinga og langsamt gjort ho om til ein propagandakanal for nasjonalistiske og konservative idear.

Partiet har òg, saman med dei nasjonalistiske støttespelarane, påverka pensum ved å revidere lærebøker i historie, samfunnskunnskap og morsmål. Og dei har forma universiteta ved å foreslå nye satsingsprogram og gje forskingsstønad til somme prosjekt, men ikkje til andre.

Institusjonar i Polens offentlege rom kan endrast over tid. Andre kan vere meir resistente. Dommarane i Polens høgsterett har vore utpeika av PiS. Dei sit lenge. Om Tusk prøver å endre den strenge abortlova i landet, kan dei finne på å prøve endringane mot Polens grunnlov. Men vel å merke berre dersom nye abortlover blir vedtekne av parlamentet. Og det er det ikkje så sikkert at dei blir.

For sjølv om dei tre påtroppande regjeringspartia står samla i felles motstand mot PiS’ aukande grep om forming av media og utdanning, så sprikar dei i abortsaka. Fleire av medlemmene i partiet Den tredje vegen kan bli misnøgde dersom Tusk freistar å fjerne den strenge abortlova. Og dei vil bli støtta av PiS, som framleis er det største partiet i nasjonalforsamlinga, og av andre høgreparti.

Men den mektigaste aktøren er nok til sjuande og sist presidenten i Polen, Andrzej Duda. I det polske systemet spelar han rolla som formateur – det er han som formelt kallar inn leiaren for landets største koalisjon (Tusk) og ber han om å skipe regjering. Men Duda er en konservativ PiS-mann. Og det ligg i hans makt å trekkje ut tida. Han kan få regjeringsskipinga til å gå langsamt.

Kanskje kan Duda trekkje skipinga ut heilt til bortimot jul, dersom han er vrang og nøye på formalitetane. Ei slik uttrekking er til fordel for PiS, for då vil partiet få tid til å sjå til at dei konservative reformene som dei har banka gjennom i nasjonalforsamlinga i dei åtte åra dei har sete i regjering, blir etterlevde og fylgde opp. Duda kan med andre ord gje PiS ekstra tid til å herde dei konservative strukturane i løpet av dei få vekene som den avtroppande regjeringa har att.

Nytt politisk landskap

Eit par spekulative ord til slutt om ein aktør som har vore sentral i polsk politikk i ein heil generasjon: Jaroslaw Kaczynski. Han stifta det konservative partiet PiS saman med tvillingbror sin, Lech, i 2001. Og han har dominert partiet heile tida sidan. Han er 74 år gamal. Er han for gamal til å drive partiet vidare? Kan partiet klare seg utan han? Eller har PiS kome til vegs ende?

Det er stor semje om at parlamentsvalet sist søndag var eit politisk jordskjelv. Men det kan tenkast at dersom Kaczynski gjev seg, kan dette ha vore siste gongen PiS var Polens største parti i eit parlamentsval. Då kan valet sist søndag ha vore eit større jordskjelv enn dei fleste har vore klare over.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis