Makta rår i ZimbabweValet i Zimbabwe var ingen siger for demokratiet.Den 3. august, dagen etter at resultata frå valet i Zimbabwe var offentlege, fekk eg eit e-brev frå ei veninne i Harare. Ho skreiv at stemninga i byen var dyster og arg. Kommentarane eg f
Valet i Zimbabwe var ingen siger for demokratiet.
Sørgjande i gravferda til Sylvia Maphosa, som vart drepen i samanstøytar mellom zimbabwiske tryggingsstyrkar og demonstrantar i Harare 4. august.
Foto: Philimon Bulawayo / Reuters / NTB scanpix
Den 3. august, dagen etter at resultata frå valet i Zimbabwe var offentlege, fekk eg eit e-brev frå ei veninne i Harare. Ho skreiv at stemninga i byen var dyster og arg. Kommentarane eg fekk då eg var i Zimbabwe i juni, frå akademikarar, journalistar og støttespelarar både for regjeringa og for opposisjonen, var at valet ville bli jamt, men regjeringspartiet Zanu-PF og den sitjande mellombels presidenten Emmerson Dambudzo Mnangagwa (populært kalla ED) ville vinne. Men mange bar på eit løynleg håp om forandring og kanskje siger til opposisjonen Movement for Democratic Change (MDC) og deira kandidat Nelson Chamisa. Ikkje minst vona dei at valet ville bli fredeleg og rettvist.
Ein urein valkamp
I valkampen hadde regjeringspartiet langt større ressursar enn opposisjonen, både økonomisk og på andre måtar. Over heile landet var det store plakatar for Zanu og Mnangagwa med bodskapar som denne: «Mnangagwa – The Voice of God is the Voice of the People». Det høyrer med til historia at Mnangagwa har slutta seg til ei av dei mange nye evangeliske sektene som finst i landet. Chamisa er òg pastor i ei av dei. Dei statlege media – kringkasting og presse – var hemningslaust regjeringsvenlege. Det gjaldt også mange av dei private media, eigde av partimedlemmar. Dette er blitt dokumentert av den organisasjonen som dagleg analyserte valdekninga – Media Monitors Zimbabwe.
Manntala var ikkje skikkeleg oppdaterte. Fleirtalet i valkommisjonen var knytt til Zanu-PF eller dei militære. Militært personell, både i uniform og i sivil, distribuerte valmateriellet og var til stades ved stemmelokala. Men i motsetnad til ved tidlegare val var det få tilfelle av vald. Det var ikkje forsøk på å hindre dei private media i arbeidet. Spørsmålet er så om det blei fuska under oppteljinga. Det meiner opposisjonen, og hevdar å ha prov. Det blir no opp til rettssystemet å avgjere om det er tilfellet. Det kjem til å ta tid, og eg trur ikkje opposisjonen vinn fram, sjølv om han kan hende har rett. Når alt kjem til alt, har det aldri vore frie, fredelege og heilt rettvise val i Zimbabwe, ikkje eingong ved sjølvstendet i 1980.
Overgrep
Kva seier så resultata? For det første at Mnangagwa vann med 50,8 prosent av stemmene mot Chamisas 44,3 prosent. 36.464 stemmer av totalt 4,8 millionar skilde mellom sigerherren og Chamisa og dei 21 andre presidentkandidatane. For det andre vann Zanu-PF parlamentsvalet stort. Partiet fikk 144 sete. Dei sju partia som omfattar MDC alliansen, fekk 64 representantar. Regjeringa vann på landsbygda og i seks av ti provinsar. Opposisjonen vann i byane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.