Sideblikk
Makta er vanskelegare å få tak på
Oppgåver og ansvar er flytta frå politiske organ til privat sektor og offentlege kvasimarknadar.
I 2003 overleverte professor Øyvind Østerud makt- og demokratiutgreiinga som han var leiar for, til statsminister Kjell Magne Bondevik. 25 år tidlegare stod Gudmund Hernes bak den første maktutgreiinga, i Brattelis tid.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Å ha makt er å kunna setja sin vilje gjennom ved motstand, å få andre til å gjera noko dei elles ikkje ville ha gjort. Det er tale om makt over avgjerder, dagsorden, tru og tankar. Ein meir forsiktig måte er å tala om å ha innflytelse til å påverka og ha eit ord med i laget. Det motsette er å vera avmektig.
DET ER 50 ÅR SIDAN den første maktutgreiinga (Gudmund Hernes) og 25 år sidan den andre, som også hadde «demokrati» med i namnet (Øyvind Østerud). Er tida inne for ei ny maktutgreiing? Det tok Videnskapsakademiet opp for eit par veker sidan, for mykje olje og gass er pumpa opp sidan den gong.
Ein stor og gjennomgripande samfunnsmetamorfose, meinte Hernes. Kvar går makta nå? undra Østerud. Dei var samde om at deira utgreiingar peika på trendar og utviklingstrekk som har akselerert, men også tatt av i andre retningar: digitalisering, globalisering, klimatisering, finanskapitalisering, sosial medialisering, fragmentering.
Og bak det heile ligg store demografiske endringar, med auka levealder, færre barnefødslar, likestilling mellom kvinner og menn og diverse kjønn, og større etnisk og kulturelt mangfald.
POLITIKKEN ER RASKARE i ei ny medietid, men går meir i hytt og vêr etter skiftande dagsordenar. Mellom statsmaktene har folkevalde og lovgivande organ tapt makt til domstolane ved at meir av forvaltningas praksis i høve til borgarane er rettsfesta. Den politiske verktøykassa er blitt tommare. Politiske organ er offer for domenetap.
Gudfaren Stein Rokkan skilde mellom den numeriske og den korporative kanalen, mynta ut i devisa «stemmer teller, men ressurser avgjør». Interesseorganisasjonar er blitt sterkare og meir velorganiserte med fleire lobbyistar. «Toppfolkenes partnerskap» blir løfta fram som trepartssamarbeidet i den velsigna norske modellen. Men bakom syng EMK, EØS og ESA.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.