Våpen og folkerett

Makt over liv og død

I dag blir KI-system og autonome våpen brukte til både å bestemme angrepsmål og å gjennomføre angrep. Mange statar vil forby nokre typar autonome våpen. Stormaktene held att.

Bruken av sjølvstyrte våpen betyr at makta over liv og død ikkje lenger berre kviler i menneskehender.
Publisert Sist oppdatert

Forenkla kan ein seie at eit autonomt våpen er eit våpen som er i stand til å identifisere og angripe mål utan menneskeleg medverknad. Ein drone som kan styre seg sjølv dit fienden er, sjå etter mål og angripe på eiga hand, er eit døme på det. I røynda er døma på autonome våpen meir kompliserte og omstridde. 

 I førre Dag og Tid-nummer såg me på den teknologiske utviklinga bak innmarsjen av dronar på slagmarka. No skal me sjå nærmare på korleis KI og autonome våpen blir brukte i krig, og dei rettslege spørsmåla det ber med seg. Det er usemje om korleis ein skal definere autonome våpen, og om nye reglar i det heile tatt er naudsynte. Folkeretten og krigens lover gjeld for dei slik dei gjeld for tradisjonelle våpen. Er det nok? Vil det vere nok? 

Me byrjar i Palestina, der Israel bruker KI-systema Habsora (hebraisk for «evangeliet») og Lavender til å velje mål å angripe.

«Evangeliet»

Alt under Israel–Palestina-konflikten i mai 2021 brukte Israel KI-system til å lage angrepsmål, og israelske talspersonar snakka om Israels «første KI-krig».

I eit intervju frå før den noverande krigen, publisert på Ynetnews.com, den engelske nettutgåva til ei av Israels største aviser, sa Aviv Kochavi, sjef i den israelske hæren (IDF) fram til januar 2023, følgande om korleis IDF tar i bruk KI: «Eit døme er Angrepsmåldirektoratet (Targeting Directorate) som blei oppretta for tre år sidan. Dette er ei eining som består av hundrevis av offiserar og soldatar, drivne av kunstig intelligens. Det er ei maskin som behandlar enorme mengder data raskare og meir effektivt enn noko menneske og omset dei til handlingsklare mål. Under operasjon «Murvakt» (Operation Guardian of the Wall, del av konflikten i mai 2021, journ.mrk.), då denne maskina blei sett i drift, laga ho 100 nye mål kvar dag. For å setje det i perspektiv: Tidlegare klarte me å lage 50 mål i Gaza på eit heilt år. No skapte denne maskina 100 mål på éin dag.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement