Mai 2018Mai må vere den månaden i året då faste og frie dagar går opp i ein høgare einskap. Ikkje alle hugsar rett årstal i farten, men eitt hugsar eg frå det som for meg er den vakraste byen. Der har vi nett feira ein strålande
Mai må vere den månaden i året då faste og frie dagar går opp i ein høgare einskap. Ikkje alle hugsar rett årstal i farten, men eitt hugsar eg frå det som for meg er den vakraste byen. Der har vi nett feira ein strålande maijazzfestival, der gamal byggjekunst er sameina med ny, og der dei gamle kvitmåla bydelane er tekne vare på på ein eineståande måte.
Motsett hovudstaden, som gjer sitt beste for å byggje han i hel mot havet med nye kjempeblokker. Hit kom eg som eit gudsord frå landet. Ikkje så mykje for å bli klok, men i 1962 for å oppleve John Coltranes einaste konsert i Norge. Konsertsalen var Njårdhallen, og løpet var lagt.
Det var året før Einar Gerhardsen måtte gå, men ikkje for alltid. Den politiske striden i Norge sidan har vore søndagsskule. Som student stod eg på ei vikarliste eit års tid og vikarierte som mattelærar for eit år. Om nokon vil tru at det har vore harde politiske stridar i landet, sjå etter, ikkje før, «me too» byrja å røre på seg.
Dermed skrur vi over til då det heile starta. Trøorgelet står framleis i ein kjellar vestpå. På det kunne eg spele «Blue Monk» av komponisten. Mest vart eg imponert av spelet til Lionel Hampton i «Autumn Leaves». Vibrafonistane var dei lengstlevande musikarane. Frå jukeboksen på rutebilstasjonen strøymde musikken til «Beale Street Blues» med Ella Fitzgerald. For all tid vil eg hugse handtrykket til Miles Davis etter den første konserten hans i Molde – «How are you man?». Eg fekk ikkje fram eit ord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.