Må velje mellom makt og oppslutnad
Tida er inne: Framstegspartiet vil sjå seg tent med å gå ut av regjeringa i haust, meiner Jan Arild Snoen.
SLITASJE: Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen har samarbeidd godt i seks år. Men no røyner regjeringsdeltakinga verkeleg på for Framstegspartiet. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
TerÅe Bendiksby
SLITASJE: Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen har samarbeidd godt i seks år. Men no røyner regjeringsdeltakinga verkeleg på for Framstegspartiet. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
TerÅe Bendiksby
Politikk
peranders@dagogtid.no
Framstegspartiet har sett sekstalet på fleire meiningsmålingar i august, og prøver å berge seg med eit ultimatum i bompengesaka. I skrivande stund torsdag morgon står Frp og Venstre framleis langt frå kkvarandre, og utfallet av striden er heilt uvisst.
Truleg kjem Framstegspartiet til å forlate regjeringa i haust, meiner Jan Arild Snoen. Han var sjølv aktiv i partiet tidleg i 1990-åra, men melde seg ut i 1994. No er Snoen journalist i nettavisa Minerva. Etter stortingsvalet i 2017, der Frp fekk 15 prosent av røystene, skreiv han dette i ein kommentar: «Når løfter om bompenger og skatteletter har gitt mindre enn lovet, har velgerne tilgitt dem, fordi det har gått i riktig retning og fordi de skjønner at en juniorpartner i en regjering avhengig av mellompartiene ikke kan innfri alle løfter.»
– I dag er det lite tilgjeving å finne for Frp?
– Da Frp gjekk inn i regjeringa, trudde eg og mange med meg at dei måtte byte makt mot tap av oppslutnad. Det ville ikkje vere mogleg å innfri forventingane. Men den effekten vart utsett på grunn av asylkrisa i 2015. Sidan da har slitasjen blitt større og større. Innvandringsspørsmål er ikkje så viktige for tida. Og no har Frp fått konkurranse frå Bompengepartiet, seier Snoen.
– Bompengeaksjonistane er langt frå heile forklaringa. Dei stiller lister i berre ei handfull kommunar?
– Ja, og dei tek òg veljarar frå Høgre og Ap. Den generelle styringsslitasjen er viktigare. Og Frp misser òg ein god del til veljarar til Senterpartiet, som har lagt retorikken nærare Frp enn før.
Treng siger
– Den såkalla bompengeskissa er framstilt som eit ultimatum frå Frp. Det er vanskeleg å sjå ein utveg som ikkje audmjukar anten Frp eller Venstre?
– Ingen av partia vil vere nøgde med eit kompromiss. Båe treng ein klar siger over det andre partiet. Og oljesmøringa til Solberg verkar berre eit stykke på veg her. Instinktet hennar tilseier å legge inn enda fleire milliardar til kollektivtransport. Men eg trur det går mot at Frp går ut av regjering. Dei treng fridom til å markere seg. Mykje tyder på at Frp vil vere tent med å gå ut av regjeringa, og Venstre vil vere tent med å framstå som partiet som pressa Frp ut av regjeringa. Det vil òg bli lettare for KrF om Frp går ut.
– Erna Solberg har gjeve større konsesjonar til juniorpartnarane i regjeringa enn Jens Stoltenberg gjorde, og har betalt seg ut av mange problem med oljepengar. Men her er det umogleg?
– Under normale omstende, der Venstre og Frp ikkje var desperate, kunne det nok ha gått. Men med meiningsmålingane no er ikkje kompromiss godt nok. Høgre har vore veldig sjenerøse, i ein slik grad at partiet nesten har utradert sin eigen profil. Det førte til at eg sjølv melde meg ut. Høgre gjev og gjev heile tida, og det er uklart kva prosjektet til regjeringa eigentleg er. Det blir ikkje stø kurs med Solberg uansett. Men det blir færre konfliktar om Frp går ut.
Desperasjon
– Frp har hatt samferdsleminister og finansminister i seks år. Å lage opprør mot samferdslepolitikken på grunn av framgangen til bompengeaksjonistane ser noko desperat ut?
– Det gjer det. Spørsmålet er kor opptekne veljarane er av slikt. Lenge såg samferdslepolitikken ut som ein stor suksess for Frp: Dei har fått veldig mykje meir pengar til veg. Frp har i det heile fått ganske mykje gjennomslag i regjeringa.
– Bjørgulv Braanen i Klassekampen har kalla det eit sunnheitsteikn for det norske demokratiet at eit parti endrar kurs på grunn av grasrotprotestar. Er det destruktiv populisme eller demokratisk sinnelag, det vi no ser frå Frp?
– Eg skjøner kva Braanen meiner. Om ein stor veljarmasse ikkje kjenner seg representert, må partia justere kursen. Men det kan gå for langt i retning av fokusgruppedemokrati: «Sei meg kor folket mitt går, så eg kan leie det.» Politikarar må ha ei retning, dei må vilje noko. Og det finst ulike typar folkeleg engasjement. Mange er opptekne av bompengar, men det er òg mange som går i klimademonstrasjonar.
Prisen for makt
– Kor viktig er det for Frp å sitje i regjering?
– Ved å ta ansvar må ein betale noko i oppslutnad, og Jensen og strategane kring ho innser nok det. Ein del av partiet er villig til å betale den prisen, ein annan del har aldri vore det. Somme trudde òg at ein kunne gå inn i regjeringa og samstundes auke oppslutnaden. Ganske mange har vore mot regjeringssamarbeidet ei stund. Men makt har vore viktigare for dei fleste i partiet. Det har vore ein lang mogningsprosess for å kome ut av rolla som eit protestparti.
– Kva har vore dei største sigrane for Frp som regjeringsparti?
– Den største er kanskje at dei har vist seg i stand til å styre departement på ganske normalt vis. Når det gjeld politisk gjennomslag, har dei fått til ein strammare innvandringspolitikk. Dei fleste partia har gått i den retninga, asylbølgja i 2015 måtte få følgjer. Men Frp har drege politikken i si retning. Og det har gått meir pengar til samferdsle enn det ville gjort om ikkje Frp var i regjeringa. Det er der dei har fått størst gjennomslag, men paradoksalt nok er det der dei blir mest straffa no.
– Og kva er dei største nederlaga?
– Takk vere oljesmøringa har ikkje Frp hatt nokon tydelege nederlag i budsjettpolitikken. Dei hadde ønskt seg lågare bilavgifter, men dei har unngått ein stor auke.
Tapte sjansar
– Frp har lenge vore svakt i byane, og har blitt meir av eit distriktsparti. Dei tendensane til distriktsopprør mot sentralmakta som vi ser no, kunne ha gagna partiet. Men Frp sit i regjeringa, og heile vinsten går til Senterpartiet?
– Frp har tapt ein sjanse der. Som regjeringsparti har dei vore ute av stand til å ta tak i dette. Byane har vore vanskelege for Frp lenge, men no går dei attende i store delar av landet.
– Ein serie justisministrar frå Frp har hatt ansvaret for ei politireform som er svært upopulær i distrikta?
– Den saka går inn i det biletet. Eg veit ikkje kor viktig politireforma er for den jamne Frp-veljaren, men ho har gjeve eit høve for Senterpartiet til å fiske veljarar. Politireforma er ikkje ei utprega Frp-sak, det er politikken til heile regjeringa. Men det er justisministrar frå Frp har gjeve saka andlet. Ein kan diskuterer kor mislukka reforma faktisk er, men det er definitivt ei dårleg sak for regjeringa.
Hamskifte
Den store endringa av Framstegspartiet tok til lenge før partiet gjekk inn i regjeringa, meiner Snoen.
– Det var eit langvarig arbeid å gjere Frp klart for regjering. Partiet har blitt meir profesjonelt og straumlineforma, og det har vore fleire utreinskingar for å få ut tullingane og dei som var for sterkt eller for lite opptekne av innvandring. Makta i partiet ligg no i regjeringa, medan resten av partiet har som oppgåve å følgje opp og marknadsføre politikken. Før skjedde mykje meir på grasrota i open debatt, og regjeringsansvaret har dempa den debatten. Men frå tid til anna er det nokon vil markere kva som er «det eigentlege Frp». Per Sandberg hadde den rolla ei stund, Sylvi Listhaug gjer det framleis innimellom.
– Per Sandberg snakka om «biljardkulene» i partiet – det var ingen heiderstittel.
– Han hadde nokre personar i tankane der, dei meir polerte typane som Ketil Solvik Olsen. I Framstegspartiet har det vore ein motvilje mot å bli «ein politikar som alle andre». Carl I. Hagen snakka gjerne om «politikerne» som dei andre. Men etter femti år er det vanskeleg å vere truverdig i outsiderrolla. Her ligg det ei grunnleggande spenning i Frp.
– Identiteten som eit slags permanent grasrotopprør mot betrevitarane i sentralmakta må vere svekt etter seks år i regjering. Men lever den sjølvforståinga framleis rundt i lokallaga?
– Eg veit ikkje. Men i alle fall inntil nyleg har det vore ei utbreidd forståing i dei leiande krinsane i partiet at regjeringsprosjektet var godt forankra. Det har vore ganske stor forståing for behovet for kompromiss. Det gjekk greitt så lenge det ikkje kosta noko særleg. Men om Frp endar med seks–sju prosent ved valet, vil det vere ein høg pris å betale. Dei tydelegaste kritikarane av regjeringsdeltakinga er folk som Per-Willy Amundsen og Christian Tybring-Gjedde. Spørsmålet er kor mange dei får med seg. Dei som vil ut, har fått styrkt argumenta sine dei siste månadene.
Personkjemi
– Om Frp no går ut av regjeringa for å bygge seg opp att og skjerpe profilen til neste stortingsval – kva gjer det med byggverket som Jensen og Solberg har brukt mange år på å reise?
– Det kjem an på korleis det skjer. Om det blir eit skilsmål av typen «vi har funne ut at dette var best for alle partar», treng det ikkje endre så mykje. Og Frp må halde på eit godt forhold til Høgre om dei skal få gjennomslag i framtida, dei har ingen annan stad å gå. Da Dansk Folkeparti flørta med Socialdemokratiet, vart det ein total katastrofe for dei. Frp kan eventuelt kome til at dei er meir interesserte i å markere seg enn i politisk gjennomslag. Men det kjem òg an på personane. Om den neste Frp-leiaren blir Sylvi Listhaug, vil det endre partiet, seier Snoen.
– Erna Solberg og Siv Jensen har etablert eit tillitsforhold. Dei har samarbeidd godt og fått store delar av partia sine med seg. Det kunne aldri skjedd med Carl I. Hagen som Frp-leiar. Og Sylvi Listhaug har ikkje same forhold til Solberg som Siv Jensen har. Det handlar om personlege relasjonar bygde over tid. No er vi langt inne i spekulasjonar og psykologi her. Men eg arbeidde tett på Carl I. Hagen i nokre år, så eg veit at personlege eigenskapar og relasjonar har mykje å seie i politikken.
– Lenge såg samferdslepolitikken ut som ein stor suksess for Frp.
Jan Arild Snoen