¿ – Må gjere verdival

Ola Didrik Saugstad er uroa for kva bioteknologien kan gjere med menneskesynet i samfunnet på sikt.

I over 40 år som barnelege har Ola Didrik Saugstad opplevd mange tilsynelatande vonlause situasjonar med for tidleg fødde barn der det til slutt gjekk veldig bra. Han har vore ein pådrivar for å behandle endå tidlegare fødde, såframt det er medisinsk forsvarleg.
I over 40 år som barnelege har Ola Didrik Saugstad opplevd mange tilsynelatande vonlause situasjonar med for tidleg fødde barn der det til slutt gjekk veldig bra. Han har vore ein pådrivar for å behandle endå tidlegare fødde, såframt det er medisinsk forsvarleg.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Denne månaden tok forbodet mot sjølvbestemt fosterreduksjon til å gjelde. Frå no av kan såkalla tvillingabort berre gjerast etter løyve frå nemnd. Endringa vert sett på som den fyrste innsnevringa av abortloven sidan 1970-åra og har møtt stor motstand.

Den kjende barnelegen og forskaren Ola Didrik Saugstad er på si side redd vi generelt ikkje gjer nok for å verne det ufødde livet. Det er blant tinga han skriv om i sjølvbiografien Kampen om oksygenet – mitt engasjement for de minste, som kom ut i år. «Kanskje ettertiden vil dømme oss kraftig for at vi ikke tok et kraftigere oppgjør med dem som vil beholde adgangen til tvillingabort og abort av fostre med visse arveanlegg», skriv han.

Dag og Tid har snakka med Saugstad om både abortlov og arbeidet hans for nyfødde og for tidleg fødde barn, som han skriv om i sjølvbiografien.

Farleg behandling

Det Saugstad er mest kjend for, er å ha starta ein revolusjon i korleis legar verda rundt behandlar barn som vert fødde med alvorleg oksygenmangel. Det gjeld nær fire millionar barn årleg. Rundt ein halv million fleire av desse kan bergast kvart år som følgje av forskinga Saugstad og doktorgradsstipendiatane hans, og etter kvart fleire utanlandske forskingsgrupper, har utført.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement