Om det var sjølve bonemiddelet, eller om det var vaskemiddelet i kombinasjon med det nybona golvet som gjorde det, er uklart, men iallfall byrja visse sko å lage knirke- og gnisselydar etter ferien. Somme kollegaer som laga ufrivillige lydar, byrja å liste seg. Andre gjekk på sokkelesten.
Kven har ikkje irritert seg over lydar i opne kontorlandskap, på kollektivtransport eller til og med i eigen heim? Det er mykje å ta av. Eg kan byrje med slafsing og slurping, halde fram med harking og hosting, gå vidare til snufsing og nysing, stoppe ved pusting og pesing, kome innom gurping og fising, før eg avsluttar med knusktørt mas frå knekkebrødtygging og skarpe smell frå høge hælar. Og då har eg halde lyden av kopi- og kaffimaskiner utanfor.
Mange av dei som lagar lydar, eller ulydar, er ikkje klare over det, trur eg. Eg har ein kollega som «tørrplystrar»; han lagar ein suselyd gjennom leppene medan han sjauar papir eller gjer noko anna fysisk arbeid i lokalet. Ein annan eg kjenner, kan bli sitjande og sjå ut i lufta medan han trommar fingrane mot bordflata med skarp lyd frå neglene. Då eg var på polet her om dagen, klarte eg å irritere meg over ein tilsett som nynna. Eg stod ved sida av henne i om lag fem sekund, så det må kunne kallast ein overreaksjon.
For eit par veker sidan treiv eg med meg ei bukse frå eit stativ der alt kosta 200 kroner. Kordfløyelsbuksa passa heldigvis, men ho fekk meg til å tenkje på ein lektor med opprykk, eller den gamle myten om ein slik ein. Buksa lagar nemleg lyd: Ho plystrar når eg går. Dermed såg eg for meg denne lektoren, ei vaksen kvinne med brune kordfløyelsbukser, rustraude fotformsko, grøn anorakk, skulderveske i skinn, sekk på ryggen og ein gråsprengd klimakteriebob. Ikkje heilt ulik meg sjølv, altså.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.