Lukke til med å finne allierte som har plettfrie henderForsvinninga til Jamal Khashoggi er ikkje noko

Forsvinninga til Jamal Khashoggi er ikkje noko Midtausten-mysterium.

Menneskerettsaktivistar og vener av den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi demonstrerer utanfor den saudiarabiske ambassaden i Istanbul.
Menneskerettsaktivistar og vener av den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi demonstrerer utanfor den saudiarabiske ambassaden i Istanbul.
Publisert

Det finst autokratar. Sjå deg om. Ifølgje Freedom House er ein fjerdedel av alle landa i verda «ikkje frie». Over ein tredjedel av alle menneske i verda bur i desse landa. Frå Venezuela, det minst frie landet i Amerika, og heile vegen til Vladivostok, er ein enda større del av verdas landareal styrt av autokratar av det eine eller andre slaget: presidentar som sit på livstid, arvemonarkar, ayatollaer, elska leiarar.

«Udemokratisk regime drep journalist», er ein tittel som det meste av tida kan liknast med «Hund bit mann». Likevel har lagnaden til den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi, som ikkje er sett etter at han gjekk inn i det saudiske konsulatet 2. oktober, blitt førstesideoppslag. Kvifor?

Kyniske kommentatorar har blitt minte om Stalin, som slo fast at «døden til éin mann er ein tragedie; døden til millionar er statistikk». Trass alt har det saudiske regimet drepe svært mange menneske i Jemen, der dei saudiarabiske styrkane har slåst mot houthiopprørarar sidan 2015. Det skal vere ein nyheitsfattig dag som sender den krigen til framsidene.

Men dette er ikkje det vesentlege poenget. Demokratiske statar går òg til krig frå tid til annan, og vanlegvis drep dei mange når dei gjer det. Å krige er ikkje noko særmerkt for autokratar. Men demokratiske politikarar kan ikkje gje ordre til likvidering av journalistar (sjølv om dei stundom kan fantasere om å gjere det).

Det vesentlege spørsmålet her er kvifor lagnaden til Khashoggi får så mykje meir merksemd enn, lat oss seie, den til Ibrahim al-Munjar, ein korrespondent for den syriske nyheitsnettsida Sy24, som vart skoten og drepen i byen Saida 17. mai om morgonen.

Ifølgje organisasjonen Committee to Protect Journalists (CPJ) ville Khashoggis død gjere han til den 45. journalisten som er drepen i år; 27 av dei vart myrda. Ti av offera arbeidde i Afghanistan, under ei regjering som er avhengig av militær støtte frå USA. Eg skal vedde på at du ikkje kan namnet til éin einaste ein av dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement