JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Lukke til med å finne allierte som har plettfrie hender

Forsvinninga til Jamal Khashoggi er ikkje noko Midtausten-mysterium.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Menneskerettsaktivistar og vener av den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi demonstrerer utanfor den saudiarabiske ambassaden i Istanbul.

Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB scanpix

7347
20181019
7347
20181019

Det finst autokratar. Sjå deg om. Ifølgje Freedom House er ein fjerdedel av alle landa i verda «ikkje frie». Over ein tredjedel av alle menneske i verda bur i desse landa. Frå Venezuela, det minst frie landet i Amerika, og heile vegen til Vladivostok, er ein enda større del av verdas landareal styrt av autokratar av det eine eller andre slaget: presidentar som sit på livstid, arvemonarkar, ayatollaer, elska leiarar.

«Udemokratisk regime drep journalist», er ein tittel som det meste av tida kan liknast med «Hund bit mann». Likevel har lagnaden til den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi, som ikkje er sett etter at han gjekk inn i det saudiske konsulatet 2. oktober, blitt førstesideoppslag. Kvifor?

Kyniske kommentatorar har blitt minte om Stalin, som slo fast at «døden til éin mann er ein tragedie; døden til millionar er statistikk». Trass alt har det saudiske regimet drepe svært mange menneske i Jemen, der dei saudiarabiske styrkane har slåst mot houthiopprørarar sidan 2015. Det skal vere ein nyheitsfattig dag som sender den krigen til framsidene.

Men dette er ikkje det vesentlege poenget. Demokratiske statar går òg til krig frå tid til annan, og vanlegvis drep dei mange når dei gjer det. Å krige er ikkje noko særmerkt for autokratar. Men demokratiske politikarar kan ikkje gje ordre til likvidering av journalistar (sjølv om dei stundom kan fantasere om å gjere det).

Det vesentlege spørsmålet her er kvifor lagnaden til Khashoggi får så mykje meir merksemd enn, lat oss seie, den til Ibrahim al-Munjar, ein korrespondent for den syriske nyheitsnettsida Sy24, som vart skoten og drepen i byen Saida 17. mai om morgonen.

Ifølgje organisasjonen Committee to Protect Journalists (CPJ) ville Khashoggis død gjere han til den 45. journalisten som er drepen i år; 27 av dei vart myrda. Ti av offera arbeidde i Afghanistan, under ei regjering som er avhengig av militær støtte frå USA. Eg skal vedde på at du ikkje kan namnet til éin einaste ein av dei.

Forklaringa på stormen kring Khashoggi er enkel. For det første arbeidde han for Washington Post. For det andre er den sterke mistanken om at han var myrda etter ordre frå den saudiske regjeringa, svært pinleg for administrasjonen til Donald Trump – om ikkje for presidenten sjølv, som naturlegvis er ute av stand til å oppleve noko som pinleg – ettersom styrkinga av tilhøvet mellom Washington og Riyadh har vore sentral i USAs strategi i Midtausten.

Det er også pinleg for dei mange vestlege forretningsfolka og journalistane som i løpet av det siste året har akseptert invitasjonane frå den saudiske kronprinsen, Mohammad bin Salman (MBS). Klikkelyden du høyrer, er hundrevis av e-brev som er sende for å avlyse dei tidlegare akseptane av invitasjonar til MBS’ Future Investment Initiative («Davos i ørkenen»), som skal gå føre seg seinare denne månaden.

Det burde ikkje vere naudsynt å seie at eg ynkast over mordet på Jamal Khashoggi, om det er den lagnaden som har råka han. Men eg ynkast over alle mord, ikkje berre morda på journalistar som jobbar for Washington Post. Eg er også sterkt mot urettferdig fengsling. Den regjeringa som no rettar ein klandrande peikefinger mot Saudi-Arabia, er ingen andre enn den tyrkiske. Nett no sit 73 journalistar i fengsel i Tyrkia, av totalt 262 i verda.

I Washington er det eit heilt kor av permanent forarga. Etter at dei no har teke ein kort pause etter at dei mislukkast i å hindre Brett Kavanaugh i å ta plass i Høgsteretten, krev dei at finansminister Steven Mnuchin skal slutte seg til boikotten av Davos i ørkenen. Men òg republikanarar er rasande. Den republikanske leiaren for utanrikskomiteen i Senatet, Bob Corker, sa for kort tid sidan at USA burde gå til sanksjonar mot Saudi-Arabia dersom Khashoggi verkeleg er myrda.

Vent no litt. Tyrkarane seier dei har audio- og videoprov som stadfester skuldingane deira. Skal vi først vente og sjå? For eg stolar ikkje meir på den tyrkiske diktatoren, Recep Tayyip Erdogan, enn på Mohammad bin Salman. Og Erdogan manglar ikkje motiv for eigne skurkestrekar. Han har all mogleg grunn til å mistru Vladimir Putin – som han samarbeider med fordi det er lurt akkurat no – når det gjeld Syria. Valutaen hans sokk nyss som ein stein, og bankane hans er i trøbbel, så han kan trenge litt hjelp frå Det internasjonale pengefondet. Det er vittig korleis Khashoggi-saka braut laus nokre få dagar før Tyrkia sleppte fri den amerikanske pastoren Andrew Brunson førre helg.

Som sagt finst det autokratar – og det er mange av dei, særleg i og rundt Midtausten. Når det gjeld pressefridom, er det verkeleg tett konkurranse om å vere verst. Er det meininga at USA berre skal ha diplomatisk kontakt med liberale demokrati? I så fall tyder det Israel i den delen av verda. Opp med handa, alle som går inn for det. (Her byrjar Jeremy Corbyn og alle dei på venstresida som deler den djupe antipatien han har for Israel, å kvese.)

Problemet er ikkje nytt: Det er like gamalt som amerikansk utanrikspolitikk. Ein kan ikkje vere ei stormakt, langt mindre ei supermakt, og ikkje ha samband – og stundom alliansar – med stygge, udemokratiske regime. Og det å danne alliansar med dei får dei ikkje til å endre framferd.

Du skulle tru at denne sanninga no er innlysande. Men nei. Det vil alltid vere ein marknad for bladsmørjarar som ønsker å skrive «J’accuse»-artiklar om kva president eller utanriksminister som helst (så lenge det er ein republikanar) som har «blod på hendene», fordi han eller ho har handhelst på diktatorar.

Det som er meir irriterande, er at forfattarane av slike artiklar aldri syter for rette proporsjonar. Av grunnar det er vanskeleg å fatte, har Henry Kissinger blitt fordømd om att og om at for å ha tilrådd amerikansk støtte til general Pinochets regime i Chile, medan han er rost opp i skyene for å få Richard Nixon til å reise til Kina og handhelse på Mao Zedong. Kva diktator drap flest menneske? Her er det ingen konkurranse.

Eg ventar framleis på «J’accuse» om Obama-administrasjonens gjenoppretting av militær hjelp til Egypt i 2015 – to år etter at den demokratisk valde regjeringa til Mohamed Morsi vart styrta, og den blodige undertrykkinga av muslimbrørne som støtta han. Committee to Protect Journalists melder at i 2013–14 vart åtte journalistar drepne i Egypt, to i krosseld. Sidan 2013 har regjeringa til Abdel Fattah al-Sisi sett 20 journalistar i fengsel. Kvar var overskriftene da F-16-kampflya vart leverte til Kairo i 2015?

I utanrikspolitikk – det er synd å seie det – er målet på suksess ikkje kor blodstenka hender dei har, dei du helsar på, men kor langt strategien du følgjer, når dei tilsikta måla. Eg vurderer framleis strategien til Trump-administrasjonen høgare enn Obamas, fordi å konfrontere Iran med ein brei koalisjon – frå Israel til Saudi-Arabia – er fornuftigare enn å satse på god framferd i Teheran, som var essensen i Joint Comprehensive Plan of Action, den såkalla Iran-avtalen.

Vil denne strategien gjere dei arabiske autokratane til betre menneske? Gjorde Iran-avtalen ayatollaene snillare?

Einerett: The Sunday Times /
Dag og Tid

Omsett av Lasse H. Takle

Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Når det gjeld pressefridom, er det verkeleg tett konkurranse om å vere verst.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis