Lita skrift

Luka

Publisert Sist oppdatert

Gjennom eit vindauge i femte høgda sit eg og glanar ned på ein gatestubb. Der ser eg menneske kome og gå, der ser eg nyforelska par, der ser eg par som ikkje er så forelska lenger, der ser eg born som heller vil på skattejakt enn å bli slepte til barnehage eller skule i full fart, der ser eg eldre personar med stivna ganglag trass i fornuftige sko, der ser eg hundar og hundeeigarar i fri dressur, men framfor alt ser eg ein del håplause lukeparkeringar.

I det siste har eg nådd eit nytt nivå. Eg sit ikkje berre og glanar, eg har byrja å kommentere parkeringane, akkurat som faren min då han såg fotballkampar på fjernsynet.

– Obstruksjon! Offside! Corner! ropte han ut – ikkje alt på same tid, då. Han hadde greie på fotball.

– De må finne kvarandre, var ei anna oppmoding han kunne kome med når spelarane rota bort ballen.

No er det eg som sit der som betrevitar og ristar på hovudet og snakkar høgt til meg sjølv:

– No må du leggje over!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement