Løysingar for ein digital kvardag
Sjølv om privatistane på Vg1 får ei ny eksamensform, skal ikkje det skape problem, forsikrar Sissel Skillinghaug, divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet: «Det nye systemet og oppgavene til årets eksamen har vært gjennom flere tekniske og faglige utprøvinger. Ingen eksamenskandidater er forsøkskaniner», skriv Skillinghaug på e-post.
– Når privatistane får heildigital matematikkeksamen med alle hjelpemiddel – inneber det at direktoratet reknar debatten om eksamensforma som over?
«Alle eksamener etter nye læreplaner skal gjennomføres i det nye heldigitale systemet for eksamen og prøver. Vi jobber nå med å utrede hva som er gode eksamener for de ulike fagene innenfor disse rammene. Dette arbeidet er ikke ferdig.»
– Ikkje berre lærarorganisasjonane har protestert mot denne eksamensforma, det har òg ei rekkje representantar for realfagmiljøa i høgare utdanning. Er det ikkje viktig at avgjerdene til Utdanningsdirektoratet og departementet har legitimitet i fagmiljøa?
«Vi er nå i gang med å utrede endringer i programfagene, som i stor grad er fag elever som skal videre til realfagsstudier tar, og vi har nylig hatt et dialogmøte med universitetene. Vi har også faste møter med organisasjonene. Forutsetningen for det videre arbeidet er at vi finner løsninger som lar seg gjennomføre i en digital hverdag med nye læreplaner. Det er ingen stor uenighet om en digital utvikling av matematikkeksamen. Debatten går om bruk av hjelpemidler», skriv Skillinghaug.
Dag og Tid sende òg dette spørsmålet til divisjonsdirektøren:
– Vil du seie at avgjerda om å innføre heildigital eksamen i matematikk har legitimitet ute i fagmiljøa?
Dei spørsmålet fekk vi ikkje svar på. I staden skriv Skillinghaug mellom anna dette: «Vi i direktoratet jobber kontinuerlig med eksamen gjennom hele året, og eksamen som fagfelt skal fortsette å utvikle seg.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.