Lønsemda i fiskeria har store kostnader
Kvotesystemet har vore med på å gjere fiskerinæringa lønsam, men mange kystsamfunn har tapt på politikken.
Rikt hav: Noreg har lovfesta at fisken i havet ikkje kan vere i statleg eller privat eige, men tilhøyrer folket. Eit viktig føremål er òg at ressursane skal kome kystsamfunna til gode.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpixFoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Det var den veka Stortinget etter fleire år med rapportar, høyringar og meldingar skulle samlast om eit heilt nytt kvotesystem for fisk. Det store nyhendet kunne vore at regjeringspartia saman med Frp skrota dei to mest kontroversielle forslaga i kvotemeldinga til fiskeriministeren. Korkje forslaget om å forlengje varigheita på verdifulle strukturkvoter eller forslaget om å opprette eit statleg kvotebehaldning blir noko av, og mange i næringa har pusta letta ut. Det kjem endringar i kvotesystemet, men dei store linjene i fiskeripolitikken vert vidareførte.
Resultatet av kvotemeldinga regjeringa har lagt fram, kan ikkje kallast eit nytt kvotesystem, meiner Jahn Petter Johnsen, professor ved Noregs fiskerihøgskole.
– Det byggjer på det som har vore utvikla sidan 1990-åra, seier han.
Heller ikkje saksordførar Tom-Christer Nilsen (H) framstiller det nye systemet som ei stor omvelting.
– Dei store trekka blir ikkje endra med dette. I hovudsak byggjer innstillinga på eksisterande prinsipp, seier Nilsen.
Senterpartiets næringspolitiske talsperson Geir Pollestad seier bombene i kvotemeldinga er rydda vekk, og leiar i Kystfiskarlaget Arne Pedersen kallar endringane «kosmetikk».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.