Lønsame deltidsbønder
Berre 29 prosent av inntektene til bøndene kjem frå gardsbruka. Det tener staten godt på. Likevel pøser Høgre og Frp stadig meir subsidiar og investerings-tilskot over heiltidsbonden.
Snart byrjar vårens vakraste eventyr, landbruksoppgjeret. Lat oss byrja med ein enkel observasjon: Same kor mykje vi prøver, og same kor mykje peng-ar Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale har kasta og vil kasta etter dei største produsentane, kan norsk landbruk aldri konkurrera internasjonalt. USA er eit vel så godt døme som nokon andre. I 1870 var halvparten av arbeidsstyrken i USA i landbruket, i 1940 var det same talet 17 prosent og i 2009 0,9. Denne vesle gruppa produserer dobbelt så mykje kaloriar som USA treng, fire gong-er så mykje om amerikanarar får ned kjøtetinga og sluttar med produksjon av biodrivstoff. Produktivitetsveksten har vore formidabel, nesten like formidabel som gjeldsveksten.
I Noreg er framleis 2 prosent av arbeidsstyrken i landbruket, og vi er ikkje i nærleiken av å produsera så mykje mat som vi treng. Men det er til USA Listhaug og mange med henne ser: Også i Noreg, som ho sa i 2014, skal «produksjonskreftene i landbruket» frigjerast. Produksjonstak vart oppheva, dei store bruka fekk meir subsidiar, investeringstilskota gjekk opp, og heiltidsbonden skulle atterreisast.
Men det var noko som ikkje heilt stemde med retorikken til Listhaug. For er det noko norske bønder har gjennomført, så er det ein produktivitetsrevolusjon, ein evigvarande revolusjon. Inga anna næring i norsk soge kan visa til ein så sterk produktivitetsvekst over tid som norske bønder. I 1950 var 23,5 prosent av alle sysselsette nordmenn sysselsette i landbruk eller skogbruk, i 2005 var talet 2,5 prosent, og no er det rett under 2. Men denne gjengen produserer 200 prosent fleire kaloriar enn alle dei i 1950, og 100 prosent meir menneskeføde.
Ikkje lønsam
Næringa er likevel ikkje lønsam: Ho står for 0,5 prosent av verdiskapinga i Noreg, men får 0,9 prosent av verdiskapinga i form av landbrukssubsidiar og importvern. Listhaugs mål var å minka avstanden mellom verdiskaping og subsidiar, eit mål ho hadde sams med dei fleste før henne og truleg dei fleste i framtida. Spørsmålet er om ho og andre ministrar gjer det på rette måten. Ja, om det i det heile teke er mogeleg å minka skilnaden mellom verdiskaping og subsidiebruk.
Lat oss taka ein teoretisk om--veg om kapital og realkapital. Kvar dag må du pendla til og frå arbeid. Målet er å koma frå A til B og attende. Du må kjøpa deg bil. Valet står mellom å kjøpa ein stor ny SUV til ein million og ein bruka VW Polo til 30.000. Er du fornuftig, set du 970.000 i aksjar og kjøper Polo-en, som kanskje ikkje er komfortabel og rask, men han gjer jobben. Når du ein gong pensjonerer deg, er du mykje rikare enn om du kjøpte Polo i staden for SUV.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.