JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Løn for strevet?

Hugsar du bonden som stilte til fjernsynsdebatt med hol i genseren og sa han hadde ei timeløn på 109 kroner? Bondeopprørarane har igjen kvesst knivane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sven Martin Håland frå Sandnes er ein av frontfigurane i grasrotopprøret, saman med Ola Berthling Lie-Husby, Arne Manger og Hans Jørgen Boye.

Foto: Privat

13342
20220909

Bakgrunn:

#bondeopprør21 vart starta av fem bønder i januar 2021.

Eit sentralt krav var å få nye tal på bondeinntekta.

Hausten 2021 sette regjeringa ned eit ekspertutval leia av Ola H. Grytten.

Utvalet skal vurdere grunnlag og føresetnader for å samanlikne næringsinntekter i jordbruket med løn for arbeidstakarar.

Utvalet skal levere ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar-rapport) innan 1. oktober.

Landbruk

christiane.larsen@dagogtid.no

Vinteren 2021 klarte ei handfull sinte bønder å gjere norsk matproduksjon interessant for fleire enn dei spesielt interesserte. No er dei igjen på krigsstien.

– Vi gjekk ut med eit brak, for å skape merksemd. Det klarte vi. At enkelte føler seg litt trakka på tærne, får berre vere, seier Sven Martin Håland frå Sandnes i Rogaland, ein av frontfigurane i grasrotopprøret, kjent som #bondeopprør21.

Saman med bøndene Ola Berthling Lie-Husby (som var den som møtte til NRKs Debatten med hol i genseren) frå Namdalen i Trøndelag, Arne Manger frå Lesja i Innlandet, Hans Jørgen Boye frå Ringsaker i Innlandet og Tor Jacob Solberg frå Skiptvet i Østfold starta han i januar 2021 grasrotopprøret, som gjorde at dei valde leiarane i Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag måtte konkurrere med dei fem aktivistane om taletid i media framfor jordbruksoppgjeret i fjor.

Jordbruksforhandlingane under landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i 2021 enda, som ein del vil hugse, med brot, men Bondeopprøret innkasserte ein slags siger.

Ærleg debatt

Den fremste misjonen til opprørarane var å få fram at dei ikkje kjende seg att i den gjennomsnittsløna som Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) presenterer framfor dei årlege jordbruksoppgjera. Det fremste kravet deira var å få på plass nye utrekningar, som, slik dei såg det, ville spegle røynda til den aktive bonden på ein betre måte.

Berre slik, argumenterte dei, kunne ein få ein ærleg debatt om norsk landbruk, og berre med eit nytt og ærleg utgangspunkt kunne ein starte opptrappinga av bondeinntekta.

Kva gjekk sigeren ut på? Jo, stortinget lét seg overtyde om at reknemåten burde vurderast på nytt. Regjeringa sette dermed ned eit ekspertutval, leia av økonomiprofessor Ola H. Grytten frå NHH Noregs handelshøgskule. Utvalet skal vurdere grunnlag og føresetnader for å samanlikne næringsinntekter i jordbruket med løn for arbeidstakarar.

Ufordrar faglaga

Medan ekspertutvalet jobba, gjekk årstidene vidare, med stadig større utfordringar for bøndene. Stikkordet for hausten 2021 og 2022 er auka råvareprisar. Då tida var inne for eit nytt jordbruksoppgjer, varsla bondeopprørarane at dei ville tre til sides og la bondeorganisasjonane jobbe i fred.

Men no, seks månader seinare, er opprørarane tilbake, som stein i skoa for bondeorganisasjonane.

Heilt frå starten av har grasrotaksjonen hatt ei høne å plukke med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Dei to organisasjonane har trass alt godteke reknestykka som Budsjettnemnda har presentert år etter år. Etter stort trykk nedanfrå våren 2021 bad også faglaga om endringar.

Så kva skjer no? Jo, om kort tid ­– innan den 1. oktober – skal Grytten-utvalet leggje fram rapporten sin. Spenninga i landbrukskrinsar er stor, og i slutten av august vakna bondeopprørarane frå dvalen – like kompromisslause som før.

No er bodskapen at Norges Bondelag korkje har vore tydelege nok eller aktive nok i å jobbe opp mot ekspertutvalet, eller om å skape merksemd om krava frå bøndene. Slik dei ser det, er det no slaget står.

Må vinne

– Kva har de å vinne på å gå ut mot eigen organisasjon?

– Det er alltid eit spørsmål, og det er ikkje sikkert det er rett strategi. Vi har ikkje noko ønske om konflikt. Men det som står på spel, er så viktig at vi vel å vinne saka framfor å halde fred. Det har ført til at Bondelaget har vore meir på banen og snakka om verdien av Grytten-utvalets arbeid dei siste to vekene enn dei har vore det siste halvåret.

Håland seier dei aldri har drege i tvil motivasjonen til faglaga, men at dei har vore i tvil om strategien dei har valt. På Facebook-sida #bondeopprør21 skildrar han eit bondelag som vil la utvalet jobbe i fred, som ikkje legg fram eigne tal, som meiner slaget står i Stortinget og ikkje i ekspertutvalet.

På Facebook-sida, som i skrivande stund har næmare 53.000 følgjarar, går debatten heftig for seg.

– Det er viktig å setje alle klutar til. No står kampen. Sidan er det for seint. Politikarane vil sjå på rapporten frå Grytten-utvalet som ein bibel. Dei fleste politikarar har ikkje kjennskap til landbruksøkonomi, og det kan ein heller ikkje forvente. Vinn vi ikkje kampen no, vert det knallhardt. Når vi først har fått Grytten-utvalet, får vi ikkje eit utval nummer to. Så vi må vinne no, og vi må nytte sjansen godt, seier Håland.

Han meiner Bondelaget bryt med eit årsmøtevedtak som slår fast at laget skal arbeide aktivt inn mot utvalet.

Vil påverke

– Korleis meiner de at Bondelaget skal påverke ekspertutvalet? Medlemene har vel fått med seg argumenta som har vore fremja i det offentlege ordskiftet?

– Å få ei bestilling frå sitt eige årsmøte om å jobbe aktivt for ei sak er ganske spesifikt, og det forpliktar. Forskjellen på eit kan eller bør i ein konklusjon kan velte eit lass eller opne for ei endring. Dersom utvalet kjenner at dei vil verte granska, og at politikarane vil halde dei ansvarlege om det dei kjem med, tek motet frå bonden, så er det ikkje usannsynleg at det vil endre litt på teksten. Det kan vere nok til at landbruket står litt sterkare i den vidare prosessen. Engasjementet denne saka har skapt i alle delar av landbruket, viser alvoret i saka. Det må Grytten-utvalet kjenne på. Dei har eit stort ansvar.

Håland understrekar at han ikkje trekkjer den faglege integriteten til utvalet i tvil, men at menneskelege faktorar alltid vil kunne spele inn.

– Fleire av dei som sit i utvalet, har vore ein del av det systemet som vi meiner har vore problemet heile vegen. Det kan sitje langt inne for dei å erkjenne at noko i systemet er feil. Det kan vere som å erkjenne at dei har vore ein del av problemet. Dette har å gjere med korleis vi er som menneske. Vi må ikkje vere naive, seier han.

Krav

Kva er det ved utrekninga av bondeløna som provoserer bondeopprørarane? Det korte svaret er «mykje», men dei viktigaste punkta bør nemnast:

z I tala frå budsjettnemnda er inntekt omtala som «vederlag til arbeid og kapital». Det inneber at det ikkje er talfesta kor mykje kapitalen bør kaste av seg. I eit stadig meir kapitalkrevjande landbruk vil ei slik talfesting redusere inntekta, slik ho ser ut på papiret, kraftig. Bondeopprøret foreslår ein rentesats på 10 prosent.

z Utgifter til leige av jord og mjølkekvotar vert ikkje trekte frå i «vederlag til arbeid og kapital», fordi desse utgiftene gjev inntekter til bøndene som leiger ut. På den måten vert utgifter aktive bønder har, ikkje synlege.

z I jordbruket reknar ein 1845 timar arbeid som eit årsverk, medan ei arbeidsveke på 37,5 timar utgjer 1695 timar. Eit årsverk i turnus er 1568 timar. Bondeopprøret meiner bøndene bør jamstillast med turnusarbeidarar.

z For at bøndene skal kunne ta del i inntektsveksten førespegla i jordbruksoppgjera, er det krav til effektivisering. Men effektivisering krev ofte investeringar i meir jord, større mjølkekvotar eller meir utstyr – kostnader som et opp inntektsveksten.

z Som sjølvstendig næringsdrivande har bønder ansvar for eiga pensjonssparing, som ikkje vert synleggjord i tala.

Fleire av krava har bondeopprørarane fått gjennomslag for i bondeorganisasjonane. Også Bondelaget har gjeve Grytten-utvalet innspel om å trekkje frå kapitalinntekt når bondeinntekta skal reknast på, men har ikkje spelt inn konkrete tal. I tillegg krev Bondelaget at utgifter til leige av jord og mjølkekvotar kan trekkjast ifrå. Andre ting, som pensjon og timetal, vert derimot ikkje nemnde.

Søkjer makt

Kor mange har Bondeopprøret med seg i krava sine? Det seier Håland at han ikkje har brukt mykje tid på å reflektere rundt. Derimot jobbar den harde kjernen både internt og eksternt.

Ein av dei fem som starta opprøret, Tor Jacob Solberg, har trekt seg ut for å bruke all energi på å fremje kandidaturet sitt som leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Sjølv stilte Håland seg til disposisjon som varamedlem til styret i Norges Bondelag etter at han vart fremja som «benkekandidat», altså ein kandidat som ikkje var nominert av valkomiteen, under årsmøtet i juni, men tapte.

Sjølv meiner Håland at den største sigeren Bondeopprør så langt har oppnådd, er at folk har fått auga opp for bondens økonomi og kva han har å seie for norsk matproduksjon.

– Det har gått opp for folk at det er noko gale med framstillinga av bondens økonomi, og at det er noko gale når matproduksjonen står på spel. Når bønder stod fram og sa at dei ikkje tener pengar, så braut dei med eit stigma. Den dårlege økonomien har vorte kamuflert, fordi bonden har tenkt at han eller ho var ein dårleg bonde, og at det sikkert stod betre til med naboen. Men det gjorde det ikkje, og vi fekk ei ny skildring av røynda. Vi fekk folk til å forstå at landbrukspolitikken er til for forbrukarane og ikkje for bonden.

Motrøyster

I debatten om bondeinntekt har det også kome motrøyster. Til dømes har Ruralis-forskar Klaus Mittenzwei og Ivar Pettersen frå ALO-Analyse argumentert mot at staten bør ta større risiko for bondeinntekta. Dei meiner ei garantert kapitalavkasting reduserer risikoen for bonden og dermed også insentiva bonden har til å unngå tap og feil.

«Det er en logikk i at staten tar ansvar for generell utvikling i driftskostnader, nettopp for å sikre selvforsyningsgraden. Men det er mindre logisk at staten garanterer for egenkapital og avkastningskrav bonden har valgt selv», skreiv dei i ein kronikk i Nationen i mai.

Utfordrande

Utvalsleiar Ola H. Grytten seier til Dag og Tid at utvalet har hatt dialog med både Bondeopprøret og dei to faglaga, og at det ikkje ville vere lurt å prøve å påverke arbeidet i utvalet.

– Både Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Noregs Bondelag har vore tydelege på kva dei meiner, og dei har vore involverte på ein sakleg og god måte. Det er nok rett at dei har vore forsiktige, men det skal dei også vere, seier han.

– Er det grunn til å endre dagens system?

– Alle system kan gjerast betre, og alle system bør gjerast betre. Samstundes er vi eit ekspertutval som skal gje råd som vil verte brukte jordbrukspolitisk. Vi må ta omsyn til kva som er gangbart, og kva som kan nyttast politisk. Om vi kjem med ei innstilling som lever sitt eige liv, vert ho putta i ein skuff.

– Kva er utfordringane ved arbeidet?

– Ein bonde er sjølvstendig næringsdrivande, og det finst mange subsidiar, dei har ulik arbeidstid og motiv for det dei gjer. Enkelte driv etter strenge bedriftsøkonomiske prinsipp, andre gjer det ikkje. Du kan ikkje bestemme kva inntekta til ein sjølvstendig næringsdrivande skal vere, men den næringsdrivande må jobbe innanfor ei ramme.

Ifølgje Grytten er det å lett å finne eit gjennomsnittleg lønsnivå for arbeidstakarar, medan det ikkje er openbert korleis ein skal finne ut kva det er mogleg å tene for sjølvstendig næringsdrivande, som bøndene er.

– Vi skal måle kva bonden reelt sett tener, og kva det vil vere normalt for ein bonde å tene. Og det finst ikkje god statistikk for kva ein bonde tener, for statistikken er blanda med andre næringar. Dei aller fleste i jordbruket er deltidsbønder.

Svarer på kritikk

Bondelagsleiar Bjørn Gimming seier at Bondelaget er svært oppteke av det faglege arbeidet i Grytten-utvalet.

– Stortinget har vedteke at inntektene i landbruket skal vere på nivå med andre grupper. Då treng vi eit nytt talgrunnlag for å måle inntektsnivå, og det skal vi bruke i det jordbrukspolitiske arbeidet framover, seier han.

Samtidig, seier Gimming, har Bondelaget vore oppteke av at utvalet ikkje er politisk.

– Dette er eit fagutval, og vi har ikkje utøvd politisk press overfor dei. Det kjem ei tid når dei har lagt fram NOU-en sin, og utgreiinga skal på høyring, for debatt og politiske vedtak. Bondelaget er ikkje representert i utvalet, og vi kjem til å nytte oss av retten til å rose og rise det utvalet legg fram. Vi kjem til å jobbe mykje med politikk utover hausten og vinteren for å få Stortinget til å vedta eit best mogleg grunnlag å forhandle på i tida som kjem.

– Bondeopprøret talfestar kor mykje kapitalen bør kaste av seg. Kvifor er de mindre konkrete?

– Vi er tydelege på at kapitalen må skiljast ut i eit inntektsmål. Kor mykje han skal vere på, er eit politisk spørsmål som vil verte ein stor diskusjon utover hausten. Vi er samde i at det må gjerast eit skilje, men vi meiner nivået må handterast i det politiske ordskiftet etter at Grytten-utvalet har lagt fram utgreiinga si. Det som skil oss, er kanskje meir tidspunktet for debatt enn det faktiske innhaldet.

Kva seier Statistisk sentralbyrå om inntekta til bøndene? I 2020 var gjennomsnittsinntekta for gardbrukarar 742.600 kroner, men berre 215.500 av kronene var næringsinntekt frå jordbruk. Størsteparten av inntektene kjem altså frå anna verksemd enn jordbruk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Når bønder stod fram og sa at dei ikkje tener pengar, så braut dei med eit stigma.

Sven Martin Håland, Bondeopprøret

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis