Lokkemenn i norske hamner
Cruiseskip ureinar lufta lokalt og gjev store klimagassutslepp. Likevel strevar norske hamneselskap for å sikre seg fleire cruiseanløp.
Cruiseskipa «Serenade of the Sea» og «Norwegian Star» ved kai i Ålesund, 2016. Ålesund har hatt sterk vekst i talet på cruiseskipanløp dei siste åra.
Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix
Cruisenæringa seglar i motvind for tida, i alle fall i opinionen. Før såg mange på dei store og majestetiske skipa som spennande pust frå den store verda. No er det meir snakk om pustevanskane som eksosen deira kan påføre astmatikarane.
Dei norske fjordane har vore blant dei store cruisedestinasjonane heilt sidan barndomen til cruisefarten på 1800-talet, og Noreg er framleis populært: I fjor var det kring 2200 cruiseanløp frå skip med til saman 800.000 passasjerar her i landet. Veksten har vore enorm. I år er det venta kring 600.000 cruiseturistar i Bergen – seks gonger så mange som i 2000. Transportøkonomisk institutt ventar ein vidare auke til ein million cruiseturistar i Bergen i 2040.
Men rundt i landet er det aukande motvilje mot denne turismen, og det har tre hovudgrunnar: Denne reisemåten gjev store utslepp av klimagassar, cruiseskipa ureinar lufta lokalt medan dei ligg til kai, og ved fleire av dei mest populære hamnene skaper turistane trengsel og trafikkork når dei kjem på land. I tillegg legg kvar turist att lite pengar.
Vil ha meir
Den nye skepsisen til cruisenæringa viser seg òg i politikken. Bergen vedtok i fjor eit tak på maks tre cruiseskipanløp i døgnet, mest for å redusere trengselen i sentrum. Og i år kom 13 store norske cruisekommunar, inkludert dei fire største byane i Noreg, med ei rekkje miljøkrav til næringa. Mellom anna foreslo kommunane obligatorisk bruk av landstraum ved kai frå 2025, og utsleppsfri inn- og utsegling til alle norske cruisehamner. Miljøpartiet Dei Grøne stiller naturleg nok dei strengaste krava til cruisenæringa: I mai vedtok landsmøtet til partiet at all cruisetrafikk med fossilt drivstoff skal ta slutt innan 2025.
Men så kjem vi til paradokset: Medan opinionen og mange politikarar blir meir skeptiske til cruisenæringa, jobbar dei kommunale hamneselskapa for å få fleire cruiseskip til sine eigne hamner. Hamnedirektør Ingvar M. Mathisen i Oslo har til dømes mål om ein sterk auke i cruiseanløpa, etter å ha tapt marknadsdelar til Vestlandet i ei årrekkje: «Oslo skal igjen opp i ’elitedivisjonen’ av norske cruisedestinasjoner», erklærte han i Dagens Næringsliv i fjor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.