Sideblikk
LO er ein ustø koloss på oljeføter
I konkurransen om nye medlemmer er det ein veikskap for LO at dei er så partilojale.
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på LOs 35. ordinære kongress onsdag i førre veke.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
LO nærmar seg ein million medlemmer, inkludert pensjonistar og lærlingar. Eller for å vera presis: LO har ingen individuelle medlemmer, men er ein hovudorganisasjonen for 25 fagforbund. Den enkelte er ein del av LO-familien gjennom si lokale fagforeining og sitt nasjonale forbund. Forslag om eit forbundslaust LO har aldri slått gjennom.
Ved skipinga i 1899 var namnet Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (AFL). Det var den faglege greina av arbeidarrørsla, med tvillingen Det norske Arbeiderparti (DNA) som den politiske. Namnet blei endra til Landsorganisasjonen i Noreg (LO) i 1957 for å ta av den proletære hatten og skapa rom for fleire. Gradvis forsvann også ordninga med at fagforeiningar kunne ha kollektiv medlemskap i partiet. Nå står bare forbokstavane LO og A att.
STORDOMSTIDA TIL LO som fagpolitisk aktør var i Gerhardsens dagar, då Arbeidarpartiet hadde regjeringsmakt og reint fleirtal. Då var samarbeidskomiteen mellom DNA og LO ein sentral arena for auka produktivitet, betre sosiale velferdsordningar og moderate lønnskrav.
Sidan har LO fått mindre direkte makt. I den norske modellen med samarbeid mellom regjeringa og dei organiserte arbeidsgjevarane og arbeidstakarane må LO dela det tredje hjørnet av bordet med andre hovudorganisasjonar i arbeidslivet: Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), som dekker mange av dei same yrkesfelta som LO, men held seg partipolitisk uavhengige; Unio, som organiserer høgskuleutdanna, særleg lærarar og sjukepleiarar; Akademikerne, som er meir eksklusive og dominerte av lækjarar og ingeniørar som er mindre glade i kollektive tariffar enn i lokale og individuelle avtaler.
LO STÅR STERKT i yrke og på arbeidsplassar der organisasjonsgraden tradisjonelt er høg, men det nye arbeidslivet i utdanningssamfunnet er ikkje på deira side. Dei prekarierte er vanskelege å organisera, og dei velutdanna sviktar LO. Det er ikkje lenger slik at Norsk Tjenestemannslag har medlemmer frå statsråd til bod i departementa, frå professorar til garderobevakter på universiteta og frå sjefar til kabeltrekkarar i NRK.
Skrekkscenarioet for LO er at mens organisasjonsgraden totalt fell, vil dei andre til saman få fleire medlemmer enn LO.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.