JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FiktivtSamfunn

Sæle er dei som får siste ordet

Ein rå maktkamp mellom leiarfigurane i Norge IDAG har vekt oppsikt i konservative kristne krinsar. Avisa var ikkje stor nok for både Finn Jarle Sæle og Bjarte Ystebø.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fire medlemer av familien Sæle sit no sentralt plassert i avisa, med Anita Apeltun Sæle som politisk redaktør, systera hennar som produk­sjonsredaktør og ein av sønene til Anita og Finn Jarle som dagleg leiar.

Foto: Bjørn Olav Hammerstad

12733
20220819

Norge IDAG

Kristenkonservativ avis basert i Bergen, grunnlagd i 1999.

Er eigd av mange småaksjonærar.

Har mellom 11.000 og 12.000 abonnentar.

Grunnleggjar og sjefredaktør er Finn Jarle Sæle.

Medium

christiane@dagogtid.no

Dei som interesserer seg for medium eller religiøse miljø utanfor hovudstraumen i samfunnet, har hatt nok å lese om denne sommaren. Det har maktkampen som har utspelt seg i vekeavisa Norge IDAG, sørgd for.

Det siste kapittelet vart skrive den 2. august, då assisterande redaktør, «kronprisen» i avisa, Bjarte Ystebø, forlét arbeidsplassen han har hatt gjennom 23 år. Han gjekk på dagen, som det heiter, etter at han i sommar mobiliserte aksjonærane for å overta leiinga av avisa, men tapte.

Den gamle var eldst denne dagen, og den 75 år gamle avismannen Finn Jarle Sæle ser ut til å kunne halde fram som sjefredaktør så lenge han måtte ønskje.

Frå prest til avis

Korleis skal vi forstå denne maktkampen ytst til høgre i Kristen-Noreg? Ein nærmare kikk på profilane og rolla dei har teke opp gjennom åra, kan vere ein start.

Den 17. mars 1999 vart Finn Jarle Sæle avsett som redaktør i ein anna kristenkonservativ avis, Dagen, etter fleire år med interne konfliktar.

Striden i Dagen vart ikkje berre dekt i nisjeblad, men fekk spalteplass også i Aftenposten, VG og NTB. Sæle var utdanna teolog ved Menighetsfakultetet og hadde jobb som sokneprest i Øygarden, men etter kvart tok han permisjon for å jobbe som journalist, og i 1985 inntok han redaktørstolen.

Det tok ikkje lang tid før Sæle vart omstridd i avisa. Ikkje eit år var gått før ti redaksjonelt tilsette gjekk ut døra i lag med styreleiaren. Konflikten botna i ulikt syn på journalistiske ideal, erfarte NTB.

Ifølgje nyhendebyrået ville ikkje Sæle berre formidle nyhende og uttalar, men også vurdere dei ut frå den ideologiske linja i avisa. Ein slik kampanjejournalistikk møtte motstand i redaksjonen. Dei som ville lage ei brei nyhendeavis med kristen profil, stod mot dei som ville ha eit kristenkonservativt kamporgan, med Israel-støtte og abortmotstand som dei fremste kampsakene.

Frå Dagen til Norge IDAG

Striden stod om fleire ting. Tilsette og styremedlemer klaga over fleire år på dårleg arbeidsmiljø under Sæle som redaktør. I tida kring stortingsvalet i 1993 vart han dessutan kritisert for å drive kampanje for si eiga kone, Anita Apelthun Sæle, som stilte til val for KrF.

I sak etter sak melde pressa at no kunne redaktørtida til Sæle gå mot slutten. Men Sæle beit seg fast i over 13 år. For han hadde òg sterke støttespelarar i det han sjølv gjerne kallar for «åndskampen».

Ein slik støttespelar var dåverande stortingsrepresentant for KrF, Kåre Kristiansen, kjend for å vere konservativ i det ein del kristenkonservative kallar verdispørsmål. Då striden om Sæle var på sitt mest tilspissa, gjekk Kristiansen ut i VG og sa at han, saman med meiningsfellar, ville byggje opp ei ny avis kring Sæle dersom han vart kasta av styret.

Så då tida var ute for Sæle i Dagen, tok det ikkje lang tid før han stod opp att som redaktør. Den nye avisa skulle kome ut éin gong i veka og fekk namnet Norge IDAG.

Folkeleg og bibeltru

Kva for ei avis skulle Norge IDAG vere? Det skulle vere ei avis for alle som er glade i Jesus, sa Sæle til Bergens Tidende. Avisa skulle vere bibeltru, konservativ og byggje på den apostoliske truvedkjenninga.

Viktig var det òg at avisa skulle vere eit folkeleg aksjeselskap, med mange små og enkelte litt større eigarar. Sæle sa han hadde lært av eigarsituasjonen i Dagen. Han ville unngå ein situasjon der to–tre store eigarar skaffa seg kontroll over styret.

Israel og abort

I dag er Sæle redaktør i Norge IDAG på det 23. året, ei vekeavis og nettavis med mellom 11.000 og 12.000 abonnentar. Redaksjonen er også synleg på YouTube og fjernsynskanalen Visjon Norge, der dei mellom anna køyrer talkshowet «Live fra Bergen».

Saker om Israel og abortmotstand dominerer framleis, saman med saker om USA og om kristne som fortel om trua si. Vinklar og kommentarar feirar vendinga abortlovegjevinga no tek i USA, og vitnar om stor tiltru til den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump.

Fleire har vurdert avisa som for snever for å få offentleg pressestøtte, seinast i 2016, då tilskotsutvalet i Medietilsynet ville ta frå avisa støtte, men Norge IDAG har klaga og vorte teken inn i folden att.

Sæle har også verna seg mot støttekutt. I 2012 vart Kristenfolkets pressestøttefond oppretta for å hente inn pengestøtte, som ei forsikring om pressestøtta fell bort. Å endre profilen står ikkje på agendaen.

Men Sæle har ikkje vore det einaste talentet med aksjar i, og ambisjonar for, prosjektet Norge IDAG. Den 30. mai retta assisterande redaktør Bjarte Ystebø seg til lesarane og bad dei om å be for han.

Kronprinsen

Bjarte Ystebø har i 23 år jobba ved sida av Sæle, og han har i praksis styrt redaksjonen dei siste åra. Kva som fekk han til å be om lesarane sine bøner, skal ikkje slåast fast her. Men på denne tida stod Ystebø i ein vanskeleg strid som enno ikkje var offentleg kjend.

Ystebø er kanskje ikkje like frittalande som sjefen sin, men han er ikkje nett ei grå mus heller. I kristenkonservative miljø utanfor statskyrkja er han eit kjent fjes, som programleiar i TV-programmet «Live fra Bergen». I politiske miljø er han særleg kjend for å mobilisere kraftig for høgresida under politiske valkampar.

Særleg har Ystebø pressa på for at KrF skal samarbeide med Frp, og i 2009 oppretta han organisasjonen Kristenfolket for å auke presset. Med utgangspunkt i ein veljarguide kunne Ystebø varsle at ei ny raudgrøn regjering ville avkristne Noreg, og at Frp kom like godt ut som KrF i verdikonservative saker.

Ystebø har dessutan markert seg som frontfigur for Oslo Symposium, eit høgt profilert arrangement der borgarlege toppolitikarar vert inviterte til å tale saman med kristenkonservative trekkplaster. I 2019 måtte Ystebø be om orsaking offentleg etter at publikum bua på dåverande KrF-leiar Knut Arild Hareide då han tala. Kvifor? Han åtvara mot Trumps populisme.

Lei av å vente

Over tid har Ystebø altså bygd opp ei sjølvstendig rolle ved sida av ein fargerik sjef. På same tid har han tolmodig venta på at tida skulle kome då han ein dag kunne styre avisa sjølv – det var sjølvaste draumejobben. Men på eit tidspunkt byrja det å røyne på.

I eit «snakke ut»-intervju i Dagen fortel Ystebø at han over tid hadde hatt mange samtalar med Anita Apelthun Sæle om å ta over som sjefredaktør. Forutan å vere gift med Finn Jarle Sæle har Anita Apelthun Sæle hatt ei sentral rolle i avisa i mange år.

I mars i fjor vart Ystebø førespegla å ta over leiinga av avisa denne sommaren, men då det nærma seg jul, fekk Ystebø ein ny beskjed. Ystebø skulle framleis få ta over, men Finn Jarle Sæle ville inn i ei ny rolle som publisher – ein tittel som vanlegvis vert nytta om avisleiarar som både er sjefredaktør og dagleg leiar.

I nyhendedekkinga har det kome fram at Sæle meinte Ystebø var ein dyktig redaktør, men ikkje kompetent til å ta styringa over økonomi og eigedom.

Her starta konflikten. Ystebø var ikkje interessert i å overta rolla som sjefredaktør utan makta han hadde rekna med ville følgje med. Men, som både Dagen og Vårt Land har skildra i ei lang rekkje saker, skulle konflikten vekse ytterlegare.

Strid om aksjar

Maktkampen tok for alvor til då Sæle-ekteparet også ville ha ei aksjeutviding i selskapet som driv Norge IDAG, Kristen Medieallianse Drift AS. Sæle-paret argumenterte for at dette ville styrkje avisa, men Ystebø såg det som eit forsøk på å styrkje kontrollen over avisa. Dette var nett det motsette av den eigarstyringa Sæle hadde snakka så varmt om då han grunnla avisa i 1999.

Hanskane var kasta. Ystebø starta ei massiv mobilisering blant aksjonærane for å sikre seg deira støtte mot emisjonen og for å kunne ta over leiinga av avisa. Ti tilsette publiserte eit brev til støtte for Ystebø på Norge IDAGs eigne nettsider, som sidan vart avpublisert.

Sæle har på si side tilsett ny leiing i avisa i samråd med styret. Fire medlemer i familien Sæle sit no sentralt plassert i avisa, med Finn Jarle Sæle på topp, Anita Apeltun Sæle som politisk redaktør, systera hennar som produksjonsredaktør og ein av sønene til Anita og Finn Jarle som dagleg leiar.

Den største aksjeeigaren i Norge IDAG, Cit Holding AS, som sat på litt over 7 prosent av aksjekapitalen, har ifølgje Vårt Land selt aksjane sine til personar i Sæle-fløya.

Predikantar på laget

Kristenleiarar med appell i miljøet kring Norge IDAG byrja å ta parti med Sæle-fløya offentleg. Ordbruken må kunne kallast kraftig. I YouTube-videoar kan vi sjå predikanten Levi Jensen blande sjølvaste djevelen inn i diskusjonen om Norge IDAG. Ifølgje Dagen har Jensen også kalla Ystebø for ein judas.

Sæle-ekteparet har også lagt fram saka si i eit intervju med den omstridde TV-gründeren og predikanten Jan Hanvold, som samlar fleire titusentals sjåarar kring fjernsynsapparata kvar veke, der paret får klar støtte frå predikanten.

Vinnar og tapar

Éin måtte vinne og éin måtte tape denne kampen. Sæle måtte rett nok droppe aksjeutvidinga, fordi han ikkje ville få tilstrekkeleg støtte for det i selskapet. På generalforsamlinga den 30. juni trekte han likevel det lengste strået.

Her stod kampen på kvar side om å samle flest fullmakter frå aksjonærane. Sæle for å kunne halde fram som toppsjef med det sitjande styret. Ystebø for å kunne setje saman eit styre som støtta han.

Då det var klart at Sæle hadde fleirtalet med seg, antyda han overfor Dagen at han vil kunne verte sitjande lenge på toppen. Han gjorde det klart at idealet hans er Olav Thon, som gjekk av som konsernsjef som 98-åring.

Rein maktkamp

Idyllen har sprokke i Norge IDAG. Heilt sidan Sæle grunnla Norge IDAG med hjelp frå støttespelarane sine, har Ystebø stått ved sida hans, og saman har dei kjempa for dei same sakene. Handla striden berre om makt og styring, eller fanst det også ideologiske forskjellar mellom dei to kristenprofilane?

Nei, meiner to erfarne avisfolk som kjenner miljøet kring Norge IDAG godt.

– Eg vil ikkje seie at dei står for to fløyer, men at dette er ein personleg maktkamp der Ystebø har tent for både Rakel og Lea og tenkt at Sæle snart skulle trekkje seg, seier tidlegare sjefredaktør i avisa Vårt Land Helge Simonnes.

– Ystebø er bra naiv om han har trudd at Sæle ville trekkje seg som sjefredaktør frivillig – det skjer ikkje, legg han til.

Også sjefredaktør i avisa Dagen (ja, avisa Sæle styrte mellom 1985 og 1999) Vebjørn Selbekk oppfattar striden som personleg og ikkje ideologisk. Men, seier han, det er klassisk i desse miljøa å kamuflere maktkamp som åndskamp.

– Mitt klare inntrykk er at dette er ein rein maktkamp om kontrollen over eit medieorgan.

Politisk verknad

– Kva for rolle speler Norge IDAG i den norske avisfloraen, Simonnes?

– Norge IDAG og Resett har vore dei avisene i Noreg som har vore Trump-venlege. Resett har retta seg mot dei ikkje-religiøse og Norge IDAG mot dei religiøse. Trump-venlege nordmenn har henta mange impulsar frå Norge IDAG. Det har vel vore den viktigaste funksjonen.

Simonnes peiker på at Norge IDAG, saman med samarbeidspartnarane Jan Hanvold i TV Visjon Norge og evangelisten og gründeren Svein-Magne Pedersen i pinseforsamlinga Filadelfia i Vennesla, har ein samfunnsverknad som ikkje bør bagatelliserast.

– Desse miljøa er ikkje veldig store, men har medverka til at Partiet De Kristne har fått vind i segla dei siste åra. Det har igjen ført til at KrF har vorte enda meir utvatna enn før, seier han.

Skyt på kristne

Dagen har dekt redaktørkonflikten massivt. Det har ikkje vore populært blant alle i Norge IDAG-huset. På kommentarplass vert Dagen skildra som ein krigsmaskin mot all kristen verksemd. Kommentaren er illustrert med ein karikatur, der Dagen, i form av ei stridsvogn, skyt på bygg merkte med mellom anna Norge IDAG og Visjon Norge.

­– Pågår det også ein konflikt mellom Dagen og Norge IDAG?

– Nei, det er ikkje nytt at Norge IDAG har synspunkt på vår journalistikk. Det synest eg er eit heidersteikn. Vi driv ordinær kritisk journalistikk, men for Norge IDAG er tydelegvis journalistikk noko anna. Karikaturen og leiarartiklane retta mot oss er ein avleiingsmanøver når dei står i ein maktkamp og mistar abonnentar, seier Selbekk.

Ystebø har ikkje ønskt å kommentere striden. Dag og Tid har prøvd å komme i kontakt med Sæle på telefon og SMS, men han har ikkje svart på meldingane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ystebø er bra naiv om han har trudd at Sæle ville trekkje seg som sjefredaktør frivillig.

Helge Simonnes, tidlegare sjefredaktør i Vårt Land

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis