Fiktivt

Med Gud som mor

Teologen frå Hedmark har få sikre svar i lærespørsmål,men dess fleire vonde røynsler og kyrkjelege verv.

Marte Holm Simonsen.
Marte Holm Simonsen.
Publisert

Når Marte Holm Simonsen snart er ferdig med teologistudiet, er ho ynskt som prest i Hamar domprosti, der ho i fire sumrar har vore prestevikar, nær heimstaden Ottestad i Stange kommune i Hedmark. Førebels bur ho i Oslo, og ved kyrkjevalet no i september vart ho vald inn i kyrkjelydsrådet i Domkirken sokn, der ho er klokkar, friviljug og liturg ved spesielle høve, som 8. mars-messa. Ho sit i landsstyret i Norges Kristelige Studentforbund og leidde i to år lokal­laget i Oslo. Ho sit òg i styret i Norsk kvinnelig teologiforening, og ho er redaksjonssekretær i Nytt norsk kirkeblad. På fritida likar ho å strikka og skriva salmar.

Morlaus

Ho takka ja til ein samtale om kyrkjelege lærespørsmål, jamvel om dogmatikk ikkje er hovudinteressa hennar. Meir definerande for trua og gudstilhøvet var det at ho som fjortenåring vart morlaus. Ho fortel:
– Ei av dei viktigaste bønene eg har bede, lydde: «Eg har inga mor lenger, Gud. No lyt du vera mor for meg.» Den bøna var langt viktigare for meg enn dogmatikkspørsmål.

Bøna har bibelsk atterklang. Ei formulering som går att i Det gamle testamentet, fortel om ein Gud som vil vera Gud for «innflyttarar, fattige og farlause». Kva med dei morlause?

Bøna hennar fekk meg til å tenkja på tida eg var medomsetjar av Bibelen 2011. I arbeidet med Evangeliet etter Lukas drøfta me tiltale­ordet i Herrens bøn. Rett nok høyrer me til ein generasjon som kjem til å døy med eit «Fader vår» på leppene, men valet fall på meir munnlege Far. Få seier i dag fader til far sin. Eit radikalt alternativ ville ha vore pappa, eit ord i slekt med det opphavlege arameiske ordet abba, som Jesus nytta i ei anna bøn òg, då han bad for livet sitt i Getsemane skirtorsdagsnatta. I det eldste evangeliet, Markus, vert abba nytta – på gresk og norsk òg.

Ligg det ein heil teologi i å be til Gud som pappa, ikkje som fader eller herre? Og kva då med mamma? Kan Gud vera ei kvinne? Mange har tenkt tanken. I 1966 fekk Bob Dylan spørsmålet: «Kva er gudstrua di? Er du ein kristen?» Han svara: «Vel, for det fyrste er Gud ei kvinne, det veit me alle, så lat oss ta det derfrå.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement