JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FiktivtSamfunn

🎧 Generasjon perfekt treng syndeforlating

Medan synd forsvinn frå salmeboka, finn ein ung prest
at syndeomgrepet er relevant, politisk og frigjerande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eirik Pedersen-Mong.

Eirik Pedersen-Mong.

Foto: Håvard Rem

Eirik Pedersen-Mong.

Eirik Pedersen-Mong.

Foto: Håvard Rem

10789
20191011

Kva trur prestane? Del 4

Dag og Tid har samtala med prestar i Den norske kyrkja om dei sentrale trusspørsmåla slik dei kjem til uttrykk i liturgien og truvedkjenninga

20. september: Folkekyrkja ved eit trusskifte. Presentasjon av serien.

27. september: Knut Rygh frå Halden, sokneprest i Sagene og Iladalen kyrkjelyd

Førre veka: Marte Holm Simonsen frå Ottestad ved Hamar, teologistudent og prestevikar i Hamar domprosti dei siste fire sumrane.

Denne veka: Eirik Pedersen-Mong frå Egersund, prest i Mer, ein kyrkjelyd for unge vaksne i Oslo.

Neste veke: Elisabeth Thorsen frå Skoppum i Horten i Vestfold, leiande prest i Oslo Domkyrkje.

Lytt til artikkelen:

Prestetru

havard@dagogtid.no

I Den norske kyrkja har det i seinare år vore ein debatt om syndeomgrepet. Kva er synd? Ei religiøs kjensle av å ha gjort noko gale? Mot kven? Mot ein guddom? Syndeskuld og syndenaud stod tidlegare sentralt i kristen terminologi, men kven går i 2019 kring og tenkjer at dei har synda?

I den nye salmeboka frå 2013 (NS13) er det færre salmar om synd og syndevedkjenning. Syndeomgrepet har fått ein negativ klang og vert nytta meir varsamt. For varsamt, meiner somme. Eit norsk kyrkjelydsråd kom i fjor med ei innstilling der dei skreiv: «Det er betenkelig at salmer som omhandler synd er fjernet i NS13, og erstattet med nye, moderne og åndløse salmer.»

Er den gamle kjensla av synd erstatta av ei ny kjensle av skam, som flyskam, kjøtskam og klimaskam?

Prest for unge vaksne

Eirik Pedersen-Mong er ein ung prest frå Egersund, framleis i tjueåra, som tek til orde for å reaktualisera syndeomgrepet generelt og syndevedkjenninga i gudstenesta spesielt. I mai skreiv han i ein andakt: «Fenomenet synd er så annerledes enn det meste i dagens samfunn at man kan tenke at det er utdatert. Jeg mener at vi tvert om har mer bruk for syndsbekjennelsen enn noen gang.»

Til dagleg er Pedersen-Mong tilsett som prest i Mer, ein kyrkjelyd for unge vaksne i Oslo. Med andre ord er det den såkalla generasjon perfekt han er hyrde og sjelesyrgjar for. Kan henda er det røynsler hjå dei som fekk han til å skriva: «Når samfunnet presser oss mot perfeksjon, tror jeg det er et uttrykk for å si ‘Jeg klarer meg uten Gud’. Da er det viktig å holde fast på at vi verken kan oppnå eller trenger perfeksjonen. Syndsbekjennelsen drar oss bort fra illusjonen om perfeksjon, og mot virkeligheten; vi er feilbarlige mennesker som trenger nåde og relasjon med Gud.» Han held fram: «Vi trenger noen som kalibrerer det moralske kompasset vårt i ny og ne, og kan si at noen av tingene vi gjør, ikke er rett. Det finnes en enorm frigjøring i å kunne be om tilgivelse.»

Politisk synd

I freistnaden på å reaktualisera syndeomgrepet, talar Pedersen-Mong om «strukturell synd» òg, og då flyttar han synda nærmare den moderne skamma. Han skriv: «Strukturell synd er teologisk terminologi for strukturell urettferdighet. Samfunnet er organisert slik at det er til stor fordel for noen, og stor ulempe for andre. De økonomiske, politiske og institusjonelle systemene forsterker urettferdigheten i verden.»

Han finn ei forankring for omgrepet «strukturell synd» – «politisk synd» kunne ein kan henda seia – i Den norske kyrkjas gudstenestereform i 2008, der ein ynskte eit kollektivt fokus i tillegg til det individuelle.

Arvesynda

På grunn av arvesynda høyrde den nyfødde ikkje til Gud, men vart omvend i dåpen. Eit slikt syn er svekt i den nye dåpsliturgien. Før 2017 heitte det: «Dei er fødde med menneskeslekta si synd og skuld.» Etter 2017 heiter det: «I dåpen tek Gud imot oss.»

– Du skriv at syndeomgrepet gjev meining. Kva tenkjer du om arvesynddogmet?

– Arvesyndtrua er problematisk. Avhengig av kven du er, og kor du kjem frå, kan ho verta del av eit destruktivt sjølvbilete. Men ho kan òg hjelpa deg til å godta at du ikkje er perfekt. Få opplever seg som perfekte. Arvesynda orsakar ikkje, men forklårar kvifor me ikkje strekk til. Det kan vera frigjerande. Me er ikkje perfekte menneske, me er syndarar. Syndevedkjenninga er for meg ikkje fyrst og fremst ei atteroppretting av ein øydelagd gudsrelasjon, men ei laupande stadfesting av relasjonen.

– Er dåpssynet i kyrkja endra?

– Kyrkjelæra er vanskeleg å endra, men liturgien går det an å endra. Og endrar ein liturgien, endrar ein på sett og vis læra òg. Eg opplever at teologistudentar, og ein del prestar, nærmar seg ein metodistisk dåpsteologi.

– Som vil seia?

– Metodistane lærer at den nyfødde alt er Guds barn, men at det vert døypt inn i kyrkjelyden, inn i den åndelege familien. Det er ei forståing av at frelse og heilaggjering er meir ein prosess og ei rørsle enn ei omvending. Ei slik forståing finn ein i mindre kjende tekstar av Luther òg. Ein prest eg kjenner, ordinert i Den norske kyrkja som meg, er no på utlån til metodistkyrkja.

Himmelferda

Truvedkjenninga: «fór opp til himmelen». Himmelferda har frå gamalt av vore sett på som ei fysisk ferd.

– Trur du på himmelferda?

– Jesu bokstavlege ferd har eg nok ikkje dvelt så mykje ved. Om ein, som eg, trur at himmelriket alt er kome med Kristus, og ikkje er ein stad ein kan reisa til, kan førestillinga om himmelferda verka banal, som om Jesus er ein rakett.

Atterkoma

Truvedkjenninga: «skal koma att derifrå». Jesu atterkome frå himmelen til jorda i dei siste tider har vore ei sentral førestilling i kristendomen og i delar av islam.

– Trur du på atterkoma?

– For mange har førestillinga om atterkoma vore traumatisk. Ho gjer at Jesus vert ein me vert redde for, ikkje ein som gjer fri. Tanken på at Jesus skal skilja oss så konkret, er vond å svelgja.

Domen

Truvedkjenninga: «og døma levande og døde». Førestillinga om domedag finst i dennesidige og hisidige, i ytre og indre versjonar, frå Guds trone til Ibsens «å holde dommedag over seg selv».

– Trur du på domedag?

– Ein av dei mest konstante førestillingane i Bibelen er førestillinga om ein rettferdig Gud. Eg vonar på ei rettferd som ikkje er vår. Dei overtrampa som vert gjorde mot oss, og som me ikkje kan romma, trur eg Gud kan romma. Det me ikkje kan tilgje, trur eg Gud kan tilgje.

Oppstoda

Truvedkjenninga: «oppstoda av lekamen». Den kroppslege oppstoda til Kristus og dei truande heng saman i tradisjonell lære.

– Trur du på oppstoda av lekamen?

– Mange har førestillingar om himmelen som ei anna verd ein annan stad, men oppstoda til lekamen føreset eit himmelrike på jord. Mi lesing av Det nye testamentet tilseier at himmelriket kom med inkarnasjonen av Gud i Jesus, men at det enno ikkje er fullenda, som i likninga om surdeigen og sennepsfrøet. Det er spanande å sjå oppstoda til lekamen i ein slik kontekst – som nyskaping, eit sentralt kriste omgrep. Teologisk sett er kroppen eit gode, skapt av Gud. Det som er skapt av Gud, er heilagt –?jorda me går på, maten me et, kroppen som et. Av jord er du komen, til jord skal du verta.

Etterlivet

Truvedkjenninga: «og evig liv». Førestillinga om eit æveleg liv for det einskilde menneske kom seint i jødedomen, men har vorte dess viktigare i kristendomen og islam.

– Trur du på etterlivet?

– Det er vanskeleg å seia noko om. Spør du kva eg tenkjer om det?

– Til dømes: Kan du som sjelesyrgjar gje etterlatne von om at dei får sjå att ein daud ven eller slektning?

– Det trur eg at eg kan, men eg er litt spørjande til det, dels av sjelesyrgjeriske omsyn, dels av di bileta våre er avgrensa. Men eit argument for å gjera det er at dette er eit etablert bilete i kulturen vår. Det handlar om å nytta ord folk skjønar. Om eg som sjelesyrgjar kjem med ei lang teologisk utgreiing om himmelriket, kan den syrgjande oppleva at eg føyser spørsmålet bort.

– Kva om dei trur på Gud, men ikkje på eit individuelt etterliv?

– Som sjelesyrgjar vil eg då spørja: Finst det eit nærvær du vil vera ein del av? Om du ikkje trur på eit liv etter dauden, trur du på eit møte med Gud? Det er ikkje naudsynleg det same. Ei gamaldags forståing av eit individuelt liv bak perleporten, med gater og hus, står i motsetnad til eit møte med Gud. I teologien dei siste femti åra har gudsomgrepet vorte utvida, og slik lyt nok omgrepa om etterlivet verta utvida òg.

Helvetet

– Trur på helvetet?

– Eg har vondt for å sjå poenget med eit helvete. Slik det vert synt fram av ein diktar som Dante, er det ei fascinerande førestilling, men som røynd? Som røynd vert helvetet bisart.

– I somme islamske og karismatiske miljø kan helvetesførestillingane i dag vera like levande som i norsk lutherdom for nokre tiår sidan?

– No finst det enno ikkje ei etablert islamsk teologiutdanning i Noreg, men det vert spanande å sjå når det vert eit akademisk miljø. Kva hender då?

Prest for dei single

– Kva slags kyrkje er Mer, der du er prest?

– Me er tenkte som ei kyrkje for dei mellom 18 og 30 år, men det kjem like mykje an på livssituasjon som på alder. Me har medlemer på kring 40 år òg, medan somme på 25 alt er etablerte.

– Ei kyrkje for single og/eller barnlause?

– Det kan du seia. Me er ikkje ein konkurrent til soknekyrkjene, men eit supplement. I dei lokale kyrkjelydane i Oslo er det særs få tilbod til unge vaksne.

– Kva tyder namnet?

– Meir tid, meir kunst og kultur, meir rettferd, meir himmel på jord. No held me til i Ila-kyrkja på Sagene. Fram til i fjor heitte me Majorstua Pluss, for då heldt me til i Majorstua kyrkje, men der er det frå januar berre utleige.

– Utleige? Kva vil det seia?

­–?Med den nye kyrkjebruksplanen vert somme kyrkjer tekne ut av bruk, medan andre vert reine utleigekyrkjer, for til dømes migrantkyrkjer.

Det kjem ikkje berre av færre folk på messe, men òg av at kyrkjelyden og fellesskapen ikkje lenger fyrst og fremst vert avgjord av geografi, bydel og bustad. I ein storby som Oslo flyttar folk på seg. No kan fellesskapen verta definert av tilhøyrsle til generasjon og livsstil, språk og kulturell bakgrunn. Pedersen-Mong fortel:

– I kyrkja på Majorstua har det vore ei etiopiskortodoks kyrkje i mange år, men dei har no fått eige lokale av di dei vart så mange. Også ein eritreisk- og ein russiskortodoks kyrkjelyd har vore der.

At migrantkyrkjer har eigne gudstenester, er enkelt å skjøna, av di dei nyttar eigne språk. Kan henda dei unge vaksne nyttar eit eige språk òg? Til dømes om eit så sentralt omgrep som synd? Sist i andakten skriv Pedersen-Mong at syndetilgjevinga «letter litt på skuldrene. Vi får vende oss til Gud, og vet at hun tåler hele oss, uansett om vi har med oss mye eller lite.»

Slik talar presten til ei forsamling av single og barnlause. I hovudstaden er me i dag langt frå den opphavlege norske kyrkjelyden som samla ung og gamal, fattig og rik, høg og låg, i eit land med eitt folk, eitt språk og éi tru.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Arvesyndtrua kan vera frigjerande. Ingen er perfekte.

Kyrkja lyt utvida synet på etterlivet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis