JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Livsrom for rein

Er det rom att til plasskrevjande, nomadiske livsformer på ein klode med åtte milliardar menneske?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På Dovrefjell og i Rondane finst dei siste genetisk opphavlege villreinane i Europa. Her ser ein tre storbukkar i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.

Foto: Svein Sæter

11941
20231215

Bakgrunn

2020: Miljøverndirektoratet legg fram ein sterkt kritisk kvalitetsnorm for norsk villrein.

2022: Miljødirektoratet ber statsforvaltarane leggja fram ein tiltaksplan for villreinen.

2023: Det kjem tiltaksframlegg om riving av hytter, stenging av vegar og forbod mot fritidsaktivitetar i villreinområde.

2024: Tiltaksframlegga vert sende ut på høyringsrunde.

Naturvern

havard@dagogtid.no

Er omsynet til den norske villreinen så viktig at det no er naudsynt å riva den majestetiske turisthytta Snøheim på Dovrefjell? Og stengja fleire av stiane fotturistane nyttar? Lyt ein omplassera eller skyta ned moskusstammen? Er det rett å setja ålmenningsretten til sides og forby ikkje-motorisert ferdsle som padling og drakesigling på Hardangervidda?

Ja, slike inngrep er del av dei tiltakspakkane som statsforvaltarane i desse dagar sender over til Miljødepartementet, og som skal ut på høyring i 2024.

Les også: «Valet mellom rein, drakar og moskus»

Om planane vert sette i verk, råkar dei den nasjonale identiteten til urbane nordmenn. Om ein ser etter korleis ressurssterke menneske no isceneset seg sjølve i sosiale medium, er det ikkje lenger ved hjelp av fotografi frå eksotiske palmeøyar eller spanande metropolar, for slikt krev klimaøydeleggjande flyferder. Nei, slik personlegannonsar i gamle dagar gjerne vart runda av med «Bill.mrk. Turar i skog og mark», er det fjellturar i dyrt merkevareutstyr som no skal byggja ein sunn og attraktiv identitet.

Men fjellfolket risikerer snart å møta ei omvend hildring i høgda. Eit Soria Moria av helsebot, raudvin og peiskos, turisthytta Snøheim, kan forsvinna i himmelbrynet. Og dei som skulle dit, kjem langs ein sti det er forbode å gå på.

Jeger for og mot

Éi gruppe fjellfolk kjem greitt frå omleggingane. I motsetnad til andre toføtingar er jegerane ein del av det høgfjellsøkosystemet som villreinen står i sentrum av. Den ville fjellreinen skal ein jakta på, i dag som for 10.000 år sidan. Utlendingar som les seg opp på landet vårt, får vita at «i Noreg og på Grønland er jakt på villrein ein ubroten tradisjon frå slutten av siste istid til i dag».

Eg har prata med to røynde og kunnskapsrike villreinjegerar. I familiane til båe har dei jakta på rein i generasjonar. Den eine, Svein Sæter, ynskjer tiltaka velkomne. Sæter er reinjeger og forfattar frå Stangvik i Surnadal kommune på Nordmøre. I lag med dotter si, Yngvild Sæter, gav han ifjor ut boka Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem (2022).

Den andre, Johan Vaa, er kritisk til fleire av tiltaka. Vaa er reinjeger og grunneigar frå Rauland i Telemark. I lag med Kjell Bitustøyl har han gjeve ut verket Reinen på Hardangervidda. Natur og kultur (2012).

Dei ulike haldningane til dei to skal ein truleg sjå i samanheng med at dei har kunnskap og røynsle frå kvart sitt hovudområde for norsk villrein, Sæter frå Dovrefjell og Vaa frå Hardangervidda.

Rein og rein

Kort om inndelinga: Av dei 24 villreinområda i fastlands-Noreg er det ti som har status som nasjonale hovudområde. I denne saka samlar me oss om Snøhetta/Dovrefjell i nord og Hardangervidda i sør. Snøhettareinen reknar ein med har opphav i villrein som innvandra frå område kring Beringsundet. Hardangerviddareinen reknar ein med har opphav i villrein som innvandra frå Sør-Europa.

Til ulikskapen kjem at villreinen i sør er meir oppblanda med tamrein. Villreinen lenger nord er rekna som den siste europeiske stammen av genetisk opphavleg villrein.

Polarhjort

Rein er eit hjortedyr, særs hardfør til hjort å vera, eit flokkdyr som held til i polare strok. Rein er det einaste hjortedyret som i omfattande grad har vore domestisert. Underartar er skogsrein og fjellrein. Sistnemnde vert kalla tundrarein òg. Mykje norsk rein er ei blanding av skogsrein og fjellrein. Eit anna namn på dyret kunne ha vore «polarhjort», som polarrev og polarulv.

I Noreg i dag finn ein tamrein i hovudsak i dei nordlege fylka og villrein i dei sørlege. Tamrein og villrein er i utgangspunktet same dyret.

Kor mange reinsdyr finst på jorda, med andre ord: nord på den nordlege halvkula? Somme anslag lyder på kring sju millionar dyr, med kring helvta i Nord-Amerika og helvta i Nord-Eurasia. Drygt helvta er villrein og noko mindre enn helvta er tamrein.

Noreg og Sverige har kring ein kvart million tamrein kvar. Av dei norske held tre fjerdedelar til i Finnmark. Næringa er lita, med kring 3.000 tilsette. Det som årleg når marknaden, er kring 1.100 tonn reinkjøt.

Villreinen i Noreg utgjer berre ein tiandedel av tamreinen, i alt kring 25.000 dyr vinterstid. Rundt rekna 6.000 av dei vert årleg tekne ut i jakt. Om lag ein tredjedel av totaltalet held til på Hardangervidda, der mange av dei er ei blanding av villrein og tamrein, fjellrein og skogsrein.

Tala kan forresten variera mykje frå år til år, så dei skal ein ta med ei klype salt, om ikkje frå saltsteinane og salteplassane, for dei har synt seg å spreia smitte mellom rein og andre dyr i fjellet. Smitten er ein av grunnane til at tala vekslar. På grunn av sjukdom har det dei siste åra vore slakta tusenvis av rein i Sør-Noreg. Ei liknande nedslakting av villrein på Dovrefjell kjem neppe på tale av di reinen der genetisk sett er meir opphavleg. «Bara bestånden i Dovrefjäll-Rondane i Norge är genetiskt rena vildrenar av den ursprungliga underarten», som det heiter i eit svensk leksikon, medan «majoriteten av djur i Norge är förvildade domesticerade djur».

Tiltaksframlegg

Tiltaksplanane har som premiss at villreinen vert påverka av ulike former for ferdsle, ei ferdsle som fører til at villreinen nyttar eit mindre område. Auka ferdsle i beite- og kalvingsområde kan føra med seg auka stress, med lægre slaktevekt som resultat, heiter det.

–?Der turisttrykket er høgre, som på Blefjell og Dovrefjell, er dyra i betre stand, innvender Johan Vaa, den eine av reinjegerane eg har prata med.

Vidare heiter det: Vert området mindre, vert smittepresset større.

Johan Vaa er skeptisk: –?Større beiteområde gjev ikkje naudsynleg eit lægre smittetrykk. Reinen er eit flokkdyr.

Målet med tiltaksplanane er å styra ferdsla vekk frå omra°de ein ynskjer at villreinen skal nytta, anten direkte ved å fjerna hytter og stiar eller indirekte ved å fjerna turistmagnetar som moskusen.

Eitt tiltak handlar om å oppretta korridorar som fører saman att villreinområde som opphavleg høyrde i lag, men som har vorte delte opp av menneskeleg aktivitet som vegar og kraftutbygging, og dimed har trekk vorte øydelagde.

Johan Vaa er skeptisk til dette òg: – I eldre litteratur, frå tida før reinområda vart delte av menneskeleg aktivitet, les ein at flokkane helst ikkje vandra frå eitt område til eit anna.

Sjukdom

I «Faggrunnlag til tiltaksplan for Snøhetta villreinområde» heiter det om den frykta skrantesjuken: «Det er pekt på at stor tetthet av dyr på små områder er med på å bidra til økt forekomst. Eventuelle utbrudd kan føre til stor kalvedødelighet.» Vidare om fotròte, ein infeksjonssjukdom som gjer dyr halte: «Det er også registrert tilfeller av fotråte i Snøhetta villreinområde. Dersom dyrene får tilgang på større og mer sammenhengende leveområder, vil de være mer hardføre overfor tetthetsavhengige sykdommer som for eksempel fotråte.»

I tiltaksplanane vert det peika på ei anna mogeleg årsak ved sida av ferdsle –?klimaendringar: «I Rondane Nord er sykdommen fotråte påvist nesten hvert år siden 2007. Smitteoverføringen skjer stort sett på sommeren, og det er antydet at fuktige og varme somre fører til økt forekomst av halte dyr.» Meir indirekte kan den eine årsaka forsterka den andre, av di varmare vêr aukar ferdsla. Fjellet vert meir attraktivt for turistar, om sumaren av di fjellet er svalare, om vinteren av di fjellet er snørikare.

Overnattingsdøger

Klimaendringane får korkje statsforvaltarane eller reinjegerane gjort så mykje med, men Johan Vaa er kritisk til fleire av premissane som tiltakspakkane baserer seg på.

Han seier: ­– Eg saknar fakta. Om dei konkrete skadane som ein meiner at ferdsle fører med seg. At ein mislikar eitkvart, vil ikkje automatisk seia at det er skadeleg. Og eg saknar talgrunnlag om turisme og overnattingsdøger. Eg sit med tal for overnattingar på Hardangervidda gjennom femti år, på dei stadene som ligg mest sentralt i villreinområdet, og tala syner at ein hadde om lag like mange overnattingsdøger i 1976 som i 2016.

Snøheim

Frå Hardangervidda til Dovrefjell, frå reinjeger Vaa til kollega Sæter: Eit av dei mest spektakulære framlegga til tiltak er stenging og etter kvart riving av den populære turisthytta Snøheim, av di ho og vegen fram ligg sentralt i eit villreinområde.

Svein Sæter, som har sett seg inn i Snøheim-soga og skriv eit kapittel om henne i Dovrefjell-boka, meiner at riving no er både naudsynt og naturleg. Hytta vart reist av Den Norske Turistforening (DNT) i 1952, overteken av Forsvaret i 1959, før DNT fekk hytta attende i 2007 og utvida henne.

I Kampen om Dovrefjell heiter det: «Våren 2002 bestemte regjeringa Bondevik at Snøheim skulle rivast og Snøheimvegen fjernast. Det var ein føresetnad da skytefeltet vart lagt ned og nasjonalparken utvida, slik at den tidlegare turisthytta kom innanfor grensene. Omsynet til Europas sist opphavlege villreinstamme var viktigast.» Boka held fram: «Ti år seinare, i 2012, er realitetane stikk motsett. Turisthytta blir opna med ein folkefest. Snøheim er kraftig utbygd, og vegen framleis i bruk.»

Sæter fortel: – Dåverande miljøvernminister Børge Brende starta eit løp for at Den Norske Turistforening skulle få overta Snøheim. Seinare ministrar fylgde opp. Verneforskrifta vart endra for å opna for Nye Snøheim. At hytta samstundes stengde for Snøhetta-reinen, var underordna.

Organisasjonen Bevar Dovrefjell mellom istidene (BDMI) gjekk så til sak mot staten, og tapte med liten margin i lagmannsretten i 2013.

Sæter held fram: ­–?I ettertid har det kome klåre faglege konklusjonar: Den sterkt auka turisttrafikken frå Nye Snøheim er til skade for villreinen.

Svein Sæter avsluttar:

– Når det gjeld menneskeleg ferdsel i villreinfjell, tykkjer eg utgangspunktet er enkelt: Me må berre tenkja meir på kvar me går, og når me går der. Det er meir enn nok fjell til oss alle.

Jämtlandstriangelet

Tiltaksplanane i Noreg oppstår ikkje i eit vakuum. Rakt aust for Trøndelag og svenskegrensa, midtveges mellom Trondheim og Östersund, ligg den populære fem mil lange turiststien Jämtlandstriangelen. Her har det vakse fram ein interessekonflikt mellom svensk ålmenningsrett og samisk reindrift. I august kom det til semje mellom Svenska Turistföreningen (STF) og reineigarane. I semja ligg at ei av fjellstovene skal stengja, og at andre stover reduserer talet på overnattingsdøger, avviklar restaurantdrifta og får kortare sesongar.

Generalsekretæren i STF, Maria Ros Hjelm, har tidlegare kommentert: –?I området er det eit tett nettverk av stiar på kryss og tvers, og det er vanskeleg for reinen å få ro til beiting og kalving.

– Når ein slepper inn så mykje folk at det ikkje går an å ha rein i området, vert det ulønsamt å halda på med rein, har reineigaren Jonas Kràik uttala.

Denne veka melde Sveriges Television at Jämtland fylkeskommune før jol skal gjera eit vedtak om avtalen.

I mellomtida vankar tankane mine langt frå både Dovrefjell og Hardangervidda, heilt til ein avsides dal ved Ngorogoro-krateret i Afrika. For snart tjue år sidan fekk eg bu nokre dagar hjå eit av dei siste jeger- og samlarfolka på kloden. For eit par hundre år sidan var området deira langt større, og no stod dei i fare for å mista den vesle dalen dei hadde att. I år passerte det samla talet på menneske åtte milliardar. Både direkte og indirekte aukar presset på dei nomadiske levemåtane, anten dei går føre seg på eit norsk høgfjell eller i eit tanzaniansk dalføre.

Ei faktaopplysing i faktaboksen vart endra fredag 15. desember kl. 12:43

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis