JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Vinland

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1826
20211008
1826
20211008

Eg oppdaga Amerika på 1980-talet, originalt nok frå Stillehavssida, via Hawaii.

Den store hopen av Amerika-oppdagarar kom elles, som me veit, via Atlanteren, til dømes den heilage iren Brendan frå Clonfert på 700-talet, i skinnbåt.

Eg ser, som vanleg er, bort frå dei som for om lag 20.000 år sidan kom til fots frå Asia over Beringssundet, eller Beringia, som brua mellom kontinenta – posthumt – er blitt kalla. Men skikkelege oppdagarar kan dei knapt kalla seg, desse som ikkje er europearar. Admiral Zheng He, til dømes, var kinesar og kan såleis heller ikkje ha oppdaga Amerika i 1421, om han no skulle ha vore på dei kantar.

Newfoundland oppdaga eg for min del alt på 1960-talet, men øya var ikkje skikkeleg med i Amerika på den tida, det var ein bortkomen britisk filial. Eg byrja på skulen i St. Johns, ikkje langt frå  L’Anse aux Meadows, der Leiv Eiriksson i år 1000 bygde hytte, om me skal tru Anne Stine og Helge Ingstad, som i 60-åra grov i vikingmødding og -tufter så molda spruta. Og det skal me:

No som Vinland-kartet endeleg er avslørt som eit falsum, og det av sjølvaste eigaren, Yale-universitetet, er det berre funna til ekteparet Ingstad, skrønene til Snorre og Grønlendingasaga som kan hindra den hersens Columbus i å ta tilbake trona som fyrste (europear) til å oppdaga Amerika.

Hadde han navigert etter eit Vinland-kart, og korleis skulle elles ein slik alfons ha funne noko som helst, måtte han fått kartet frå oss, vikingane, det vil seie frå ein som måtte ha fått det frå nokon som hadde vore der prekolumbint. Eller frå Zheng He.

Som Walid al-Kubaisi pleidde minna om her i avisa: Ei løgn kan reisa frå Bagdad til Basra før sanninga får på seg sandalane. Før sanninga kjem seg til Basra, kan løgna ha kome seg heilt til junaiten, og der, kunne eg lagt til, fann løgna sitt shangri-la.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis