JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Vekenummer

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1933
20220701
1933
20220701

Det er to måtar å dela inn menneske på. Dei som orienterer seg etter datoar, og dei som held seg til vekenummer.

Som oftast ser du ikkje skilnad på dei, men når det vårast og dei heilage ferievekene skal planleggjast, då blømer dei for fullt. Vekenummerfolka.

Å telja vekenummer er for meg eit like daudfødd prosjekt som lukinga av ugras eg byrjar med framfor huset år etter år. Tidleg i sesongen set eg meg som mål at kvar gong eg passerer ein ny liten løvetanntust, skal eg dra han opp. Med denne strategien kjem ingen av tustane til å ta seg, og det vert fritt for ugras langs murtrappa og mellom steinhellene.

Det går ei stund, men sklir fort ut. Løvetann spirer langs heile trappa, og eg anar ikkje kva veke det er.

Dei tre–fire fyrste vekene i året klarar eg å halde styr på, men når ein byrjar uti mars med «Passar det om me kjem på besøk i veke i 28?», vert eg stressa.

Verken datakalenderen min eller kalenderen som heng på kjøkenet, opererer med vekenummer. Så når eg svarar «eg må sjekka kalenderen fyrst», betyr det at eg fyrst må setja meg til og googla kalender 2022, for så å finna den aktuelle tida omgjort til månad, dag og dato. Det er noko som snart går i gløymeboka, og nokre vekenummer seinare kan det fort koma ei purring med to spørjeteikn: «Har du sjekka kalenderen no??»

Ikkje veit eg utan vidare kor mange dagar det er i kvar månad – eg knyter neven og tel på knoklane, og når eg fyrst har knyteneven der, freistar det å bruka han på ein av desse vekenummerfanatikarane – og ikkje har eg vekenummera innebygde. Eg er vekenummerblind.

Ta til dømes den aktuelle veke 28. Hadde nokon sagt til meg «Svar så fort du kan, i kva månad er veke 28?» så hadde eg ikkje hatt sjanse. Eg veit ikkje om eg synest det er eit høgt eller lågt vekenummer, om det høyres meir april ut enn september, men det høyres iallfall ikkje ut som tredje veka i juli.

Uansett, eg ventar ingen gjestar i veke 28.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis